
Verda står føre eit vendepunkt av historiske dimensjonar.... Om kort tid startar oljeutvinninga sitt lagnadsbundne fall, og vil halde fram med det i all framtid. Då er det duka for vanskar, alvorlege vanskar!
28. okt. 2007
Oljesanden

25. okt. 2007
"Oljeprismysteriet"
På "Dagens Næringsliv" sine energisider har dei i lengre tid hatt ein fast "faktaboks" om "oljeprismysteriet":
Som du ser er artikkelen såpass gammal at "prisene presses mot 80 dollar fatet".
Dei "fundamentale drivarane" er akkurat dei same som då prisen starta å legge på seg frå 25 til 30 dollar: Lagersituasjonen i USA, "præriebrannar" ulike stadar i verda etc. etc.
Vår gamle ven Nordeng ventar no at prisen kan passere 100 dollar, mest på grunn av "fundamentale forhold" som tyrkisk/kurdisk uro...
Spesialrådgjevar Tor Kartevold i Statoil hevdar at forbruket vårt "normalt" no skulle ligge 2 mb/d høgare dersom prisen hadde vore 30 dollar, men at vi på grunn av høge prisar haustar ein miljøgevinst...
Kvifor er prisen så høg? Kan det kanskje vere fordi dei 2 millionar fata som vi "normalt" skulle brukt rett og slett ikkje finst?
Det meiner i alle fall The Energy Watchgroup i sin siste rapport. Her referert i "The Guardian".
Så her blir det meir miljøgevinst å hauste.
Men med bismak.
22. okt. 2007
Renessanse for atomkraft, -realisme eller utopi?
Også i Norge ser det ut til at satsing på atomkraft er i ferd med å få vind i segla. "Dagens Næringsliv" hadde 20.oktober eit større oppslag om (den lyse) framtida for denne energikjelda. Rett nok var det her for det meste snakk om thorium-kraftverk.
Men konvensjonell kjernekraft er altså avhengig av ein ikkje-fornybar ressurs: Uran.
Dei som ser på kjernekraft som løysinga, har framstilt uranreservane som rikelege i overskodeleg framtid. Jordskorpa inneheld store mengder uran, og skulle det minke her kan ein vende seg mot verdshava: Saltvatn inneheld uran i store mengder, sjølv om konsentrasjonen ikkje er så mykje å skryte av.
Er det så verkeleg ingen problem med uranforsyninga?
Frå fleire hald har det den siste tida blit stilt spørsmål om i kva grad uranutvinninga kan auke. Denne figuren frå nettstaden ”The Daily Reckoning” viser korleis etterspurnad og utvinning av uran kan utvikle seg:
Ein ser utifrå denne figuren at det allereie i 2014 vil bli eit solid underskot dersom Russland ikkje held fram med eksport av ”Highly Enriched Uranium”, det vil seie uran frå kjernefysiske våpen. Russland har avtale med USA(!) om eksport av 30 tonn HEU årleg fram til 2013, dette er nok til å dekke 50% av USA sitt forbruk. Sett på bakgrunn av den seinaste energi- og geopolitiske utviklinga i verda, er det liten grunn til å tru at Russland vil fornye denne avtalen.
John Busby har skrive ein artikkel om problema med uranforsyninga i verda. Artikkelen ”Atomkraft, -mye fra lite” er omsett til norsk og du finn han på energikrise.no. Den inneheld ein del faktaopplysningar om atomkraft som det er greitt for alle å kjenne til. Artikkelen konkluderer som figuren ovanfor med at utvinninga ikkje vil kunne halde tritt med etterspurnaden.
Nokre av hovudpoenga i artikkelen er:
- Uranressursane i verda er samla i få land
- Forbruket av uran i 2006 var ca. 65 000 tonn
- Berre 40 000 tonn kjem frå primærproduksjon (gruvedrift)
- USA får halvparten av uranet dei treng frå Russland (demonterte atomvåpen)
- Primærutvinninga av uran går ned i dei fleste eksportland
- Konsentrasjonen av uran i mykje av malmen som blir rekna som reservar er så låg at det er tvilsomt at han kan nyttast med netto energiutbyte
- På bakgrunn av dette vil ekspansjon av kjernekraft vere umogeleg
Den tyske ”Energy Watch Group” har gjeve ut ein rapport om uranreservane i verda. Konklusjonen er den same: Der finst ikkje nok uranressursar for vidare utbygging av atomkraft:
På ASPO-konferansen i Cork, heldt Michael Dittmar frå CERN (det europeiske granskingsinstituttet for elementærpartikkelfysikk,kjernefysikk og kjernekjemi) eit innlegg. Han meinte at hovudspørsmålet for kjenekraftindustrien i dei neste åra vil bli om vi vil klare å utvinne nok uran. Problemet har vorte akutt sidan overfløyminga av den nye gruva Cigar Lake i Canada. Konklusjonen hans er at 5-10% av generatorkapasiteten vil måtte stengast ned i løpet av kort tid på grunn av drivstoffmangel dersom det ikkje skjer ein ”guddomeleg intervensjon”. Denne intervensjonen skulle då vere ei storstilt demontering av kjernevåpen.
Frankrike blir av mange sett på som ei suksesshistorie når det gjeld kjernekraft. Men i følgje avisa "Die Welt" har også den statlege storaktøren Areva aukande problem med å skaffe seg uran.
Nok ein gong verkar det utruleg nok som om dei som vil redde verda og dei som satsar milliardar ikkje har sett godt nok på det heilt grunnleggande:
Har vi energikjelder til å realisere våre storstilte planar?
15. okt. 2007
Problemet er løysingane, -løysingane er problemet

Det har den siste tida vore mykje omtale av agrodrivstoff i media. Det ser ut til å breie seg ei oppfatning av at agrodrivstoff ikkje var nokon god ide. I NRK-programmet ”URIX” sist veke medgav Pål Prestrud (direktør, CICERO)at agrodrivstoff hadde ein heilt marginal innverknad på klimagassutsleppa i verda. At det ikkje er noko løysing på energiproblema veit vi frå før.
Det har i det siste kome (minst) to vitskaplege rapportar om biodrivstoff og klimagassutslepp. Bak rapporten ”N2O release from agro-biofuel production negates global warming reduction by replacing fossile fuels” står m.a. Paul J Crutzen, nobelprisvinnar i kjemi. Her blir det slått fast at produksjon av biodiesel frå rapsolje i Europa berre på grunn av lystgassutlepp (N2O) vil ha 70 prosent større klimagasseffekt enn bruk av vanleg diesel. I rapporten er altså ikkje bruk av fossile brensler i framstillinga av biodrivstoffet teke med.
Den sveitsiske rapporten ”A Life Cycle Asessment of Energy Products: Enviromental Impact Asessment of Biofuels” tek som namnet seier for seg dei totale miljøverknadene av biobrennstoff. Som denne figuren syner, kjem ikkje industrielt agrodrivstoff særleg godt ut:
For forklaring på figuren og større versjon gå til linken ovanforSå er det altså ”2.generasjon biodrivstoff” som skal gjere susen. Dette er er først og fremst etanol frå trevirke (cellulose). Ted Patzek har i ”How Can We Outlive Our Way of Life” kome med ein del opplysningar om forsøka som no foregår med framstilling av etanol frå cellulose. ”Satsen” som ein framstiller frå cellulose inneheld berre 3-4 prosent etanol, medan satsen frå mais kan innehalde så mykje som 15 prosent. Du vil difor trenge ca. 2,5 gongar så mykje energi for å destillere den svakaste satsen til rein sprit. Ingen av forsøksprosjekta med framstilling kan så langt vise til resultat. Å satse på at dette skal bli ei løysing i framtida er difor i følgje Patzek rein spekulasjon.
Eit samandrag av rapporten finn du på ”The Oil Drum”.
Ein kan samanfatte slik:
Ulemper ved agro/biodrivstoff (sjølvsagt i ulik grad etter kjelde):
- Tvilsamt energiutbyte
- Minkande matvareproduksjon
- Aukande matvareprisar
- Auka drivhusgassutslepp
- Utarming av jordsmonn
- Utarming av vassressursar
- Avskoging
- Tap av artsmangfald
- Auka smogproblem i byar
Fordeler:
- "Feelgood-oppleving" for villfarne miljømedvitne bilistar
Slik er det altså. Trass i aukande vitskaplege prov held politikarar og ”miljørørsle” fast på at vi kan halde fram vårt kjærleiksforhold til forbrenningsmotoren. Etter kvart som alternativa til fossile brensler syner seg å ikkje vere gangbare, blir det stadig peika på noko nytt der framme i horisonten ein stad.. Det finst heldigvis nokre unntak.
Albert Bartlett siterte på slutten av sitt foredrag kjernen i H.L. Mencken sin filosofi:
”Det er i menneska sin natur å forkaste det som er sant, men ubehageleg. Og omfamne det som er feil, men som gjev trøyst”.
Og for den som har sett denne forelesninga står det klinkande klårt: Det finst ikkje noko løysing på energi- og miljøproblema før ein har teke eit oppgjer med vekst-paradigmet.
26. aug. 2007
Ingen gratis lunsj
Mange hugsar Stutum sin reaksjon: ”Vi har jo så mye frisk luft i dette landet, oppi dalene og oppå fjellet. Den bare ligger der, blir jo ikke brukt til noen ting!”
Stutum var ikkje åleine om å mislike lova. Folk respekterte henne ikkje, og ho vart avskaffa etter kort tid. Dette kan illustrere vårt syn på naturen: Miljø utan ”nytte” for oss menneske, har liten verdi. Nokre reservat for å ta vare på restar av villmark og artsmangfald, greitt nok. Men hovudtrenden er at vår art erobrar stadig meir av kloden. Vi blir trass alt 80 millionar fleire kvart år. I dette skil vi oss ikkje frå andre artar, alle fyller sin økologiske nisje.
I naturlege økosystem eksisterer ikkje avfall. Alt blir resirkulert. Det har altså (ikkje berre positive) konsekvensar å bruke avfall til energiformål. Avfall er ikkje gratis energi.
Den siste tida har dei globale matvareprisane stige, til dels kraftig. Bakgrunnen for dette er avlingssvikt etter tørke og flaum. Den auka satsinga på biodrivstoff spelar også inn. I følgje ekspertane kan vi risikere desse høge prisane eit par år framover. Då vil prissignala syte for meir mat på bordet. Det er vel truleg at dette vil skje som så mange gongar før. Men det blir vanskelegare for kvar gong. Ikkje berre er vi fleire. ”Den grøne revolusjonen” er konkurs: Vi treng stadig større mengder innsatsfaktorar for å få like mykje att. Ikkje minst gjeld dette energi.
Fotosyntesen er verdiskaparen på jorda. Men denne har eit "tak". Industrielt landbruk er for ein stor del miljøskadeleg, og når dette ikkje lenger kan halde fram er jorda i ei skralare forfatning enn då vi starta...
På engelsk har dei uttrykket ”mining the earth”. Altså at vi driv ”gruvedrift” på jordsmonnet og fjernar viktige delar av det. Jordøydelegging er ei stor sak som berre vil bli større.
To gode artiklar i The Times tek opp problema kring moderne landbruk: "Goodbye beautiful Britain" teiknar eit heller dystert bilete av landskapsutviklinga medan "To eat.....or to drive?"
-ja du forstår....
På denne bakgrunnen er den aukande bruken av biodrivstoff ikkje bra. Nedanfor er ein omsett artikkel av Tadeusz W. Patzek der han kommenterer biodrivstoff og ikkje-berekraftig landbruk. Han nyttar ordet ”agrodrivstoff”, som etter mi meining er langt meir presist enn biodrivstoff.
Som ein (miljømedviten) amerikansk bonde sa: ”We’ll burn the last 10 inches of our topsoil in our tanks”.
Tadeusz W. Patzek
Industrielle agrodrivstoff har inga framtid; har maten det?
EU har sett seg meiningslaust høge mål for bruk av agrodrivoff i transportsektoren. Innan 2020 skal EU stette 10% av etterspunaden etter drivstoff til transportsektoren ved hjelp av agrodrivstoff, og dei satsar på å skaffe fram det meste av dette som etanol frå cellulose.
Det vil ikkje gå. Forkjemparar hevdar at etanol frå cellulose har positivt energiutbyte, det vil seie at mengda energi som trengs for å produsere og konvertere biomassen er mindre enn mengda energi som den produserte etanolen erstattar. Denne påstanden har vorte nøye snikra saman for å framføre ideen om at (a) etanol frå cellulose kan erstatte fossile brensler og (b)vi burde vere nøgde med denne nye teknologien sidan etanol frå cellulose har positivt energiutbyte og vi vil spare meir di meir vi køyrer.
Dette er sjølvsagt ikkje tillfelle. Det positive energiutbytet har som føresetnad at fossile brensler åleine er den avgrensande faktoren i produksjonen av agrodrivstoff, og at alle andre faktorar er utan grenser og difor irrelevante. Spesielt er det teke for gitt at:
1. Jorda forsyner oss med ei uendeleg og momentan forsyning av rein luft, fruktbar jord og reint vatn rikt på næringsemne.
2. Naturen kan reinse alt vatnet og lufta vi forureinsar og regenerere all jorda vi eroderer eller øydelegg på anna vis.
3. Moder jord kan gje mat 7 til 12 milliardar menneske, 1 milliard kyr og alle andre konsumentar av plante- og dyremateriale i det uendelege.
4. Ho kan også gje brensle til 1 milliard bilar (620 millionar produsert sidan 1961)
Desse føresetnadene kunne vistskapsmenn allereie i byrjinga av det 19. århundret vise ikkje å halde stikk. Framlegg som baserer seg på slike føresetnader må difor avvisast. Interessant nok lever mange økonomar i det 21.århundret på ei uendeleg jord, og synest tru at ressursane er uendelege.
Dersom dette framlegget ikkje kan forsvarast, kva kan då erstatte det? Eit forvarleg opplegg kan til dømes sjå slik ut:
1. Alle store økosystem på jorda må vere tilnærma ”steady state”, karakterisert ved null netto økosystem-produktivitet (NØP, -forklart nedanfor)
2. Når menneska ikkje er ein naturleg del av eit økosystem (det vil seie at dei lever, døyr og blir resirkulert i det), vil storskala hausting av biomasse til slutt føre til eit samanbrot i økosystemet.
3. Avbøtande tiltak (søppeloppsamling, erosjonskontroll, tilførsle av næringsstoff) blir naudsynt for å bremse forringinga av økosystemet, men kan aldri stoppe den.
4. Desse tiltaka krev massiv bruk av fossile brensler og er ikkje berekraftig.
Frå ein energisynsstad har økosystem desse kjenneteikna:
1. Mengda karbondioksid som blir omgjort til biomasse ved hjelp av fotosyntesen vert kalla brutto primærproduksjon (BPP)
2. Mengda energi dyr og planter brukar for å leve vert kalla anding.
3. Mengda energi i biomasse som blir oppbygt i løpet av eitt år blir kalla netto primærproduksjon (NPP). NPP er lik BPP minus andinga til plantene.
4. Mengda energi produsert i løpet av eitt år i eit økosystem av dyr, planter og mikroorganismer blir kalla nettoproduktivitet i økosystemet (NPØ). NPØ er lik NPP minus andinga frå dyr.
Det syner seg at plantene brukar omtrent halvparten av det dei bind opp og dyr et opp 95 prosent av det resterande. Derfor vil nettoproduktiviteten i etablerte økosystem svinge rundt null. Når ein i landbruket hentar ut biomasse kvart år, må ein såleis sette inn store mengder fossil energi. Det gjer vi gjennom kunstgjødsel laga ved hjelp av Haber-Bosch prosessen.
Kvifor er nettoproduktiviteten i eit økosystem null? Kvifor er der ikkje noko avfall eller overskot i eit økosystem som ikkje mottek subsidier utanfrå?
Grunnen til denne naturlova finn vi i fysikken. På grunn av gravitasjonen kan ikkje masse forlate jorda, berre noko varme kan gjere dette. Difor må alle økosystem resirkulere masse så effektivt som råd og berre sleppe ut overskotsvarme. Dersom ikkje dette skjedde, ville kjemiske avfallsstoff bygge seg opp og øydelegge økosystema. . Menneska har forstyrra dei fleste naturlege krinslaup og erstatta dei med irreversible og vedvarande lineære utømingsprosessar med minkande utbyte. Til dømes vil 85% av det ei ku et på eit beite bli resirkulert. Flytt kyrne bort til eit separat område med intensiv foring, og du vil ha eit problem med gjødsling på beitet og eit motsvarande problem med giftig gjødsel som samlar seg opp på foringsplassen. Agrodrivstoff er produkt av denne utruleg raske og skadelege uttøminga av miljøet, og pr. definisjon ikkje berekraftig.
Kor mykje av den globale nettoproduktiviteten brukar vi så? I følgje NASA blir det i store delar av Asia (India, Kina, Indonesia m.v.), det meste av Europa, det austlege USA og kyststroka i Sør-Afrika brukt 100 til 200% av den lokale NPP. I store byar er talet 40 000%, og i gjennomsnitt brukar menneska 60% av NPP.
Europearane ser endeleg ut til å ha erkjent dette som eit faktum. Såleis har OECD og nokre europeiske land foreslått å stoppe auken i produksjon av agrodrivstoff. Dei revurderer også korleis dei kan minke CO2-utsleppa og skilje mellom subsidar til jordbruk og produksjon av agrodrivstoff. T.d. har Tyskland introdusert den mest avanserte og vitskapsbaserte politikken når det gjeld agrodrivstoff og kan kome til å stoppe bruken av desse. I kontrast til dette sit USA fast i nybyggjar-mentaliteten tufta på stadig nye endelause landområde.
Før eller seinare vil EU og USA vakne opp til den dystre røyndommen bak agrodrivstoff-villfaringa. Lat oss vone det ikkje tek for lang tid.Originalartikkelen finn du i EnergyTribune
Menneska sin bruk av netto primærproduksjon. (Human Aquisitionof Terrestial Net Primary Production) Teke frå denne vitskaplege
publikasjonen. USA har litt å "gå på", medan Asia og Europa neppe
bør satse på agrodrivstoff!
3. juli 2007
På tampen på Tampen
Statfjord C 3.juli 2007 kl. 17.00Her kjem ein rapport nærast i sanntid frå det som ein gong var sjølve juvelen i det norske oljeimperiet: Statfjord-feltet. Det hittil største feltet på norsk sokkel med nær 4 milliardar fat utvinnbar olje, og vert truleg berre slått av Ekofisk når det gjeld storleik. Oppdaga av Mobil i 1974 og kom i produksjon i 1979 Her er 3 installasjonar: Statfjord A, B og C. Havdjupma er 150 meter, og feltet ligg på det som fiskarane kjenner som Tampen, 140 km vest av Sognefjorden. Du kan lese meir om feltet på Statoil sine sider.
Redigert 4.juli: Mobilnettet der ute var ikkje så svært som eg trudde. Fekk ikkje lasta opp bilete, noko som gjorde deler av teksten (endå meir) meiningslaus. Bilete lagt til i dag..
Som kartet nedanfor viser er det tett med installasjonar her ute. Og spesielt når ein kjem hit om natta er det eit imponerande syn. Det blenkjer i lys på alle kantar, og i det barske klimaet her, kan det ikkje kallast anna enn ein teknologisk triumf. Spesielt virkar dei norske betongplattformene tillitvekkande solide i forhold til dei tilsynelatande meir spinkle av stål som ein møter på britisk side..

Men feltet er også ein god illustrasjon på kor kort oljeepoken i Nordsjøen vil vere. Eg har sigla forbi her nokre vender, første gongen i 1986. Då var stemninga i Gnore om lag som no: Klampen i bånn og hu hei vil du gå, jappetid med andre ord. Det året vart det utvunne meir enn 34 millionar kubikkmeter råolje frå feltet, når du la øyret ned i vasskorpa kunne du høyre kor det fossa i røyra…Den 16.januar 1987 var ”the proudest moment” i feltet sitt liv, 850 204 fat kom til overflata den dagen.
Når eg i dag legg øyra i vasskorpa er det lite å høyre, berre eit lite klukk no og då. Dette kan sjølvsagt skuldast at hørselen er sterkt svekt dei siste 21 åra. Likevel seier Oljedirektoratet sine faktasider at det no berre vert utvunne 360 000 kubikkmeter råolje i månaden, noko som etter mi hovudrekning skulle bli ca. 75 000 fat pr. dag. På Statoil sine sider står det 180 000 fat pr dag, så det er vel ikkje berre hørselen min som er svekt.

Feltet får som meg leve vidare i si ”seinfase”, etter kvart som eit reint gassfelt.
For meir pålitelege og utfyllande opplysningar om Statfjord reknar eg med at Statistikk-avdelinga v/ Rune Likvern har noko å bidra med…
Elles manglar her lite. Mobiltelefon- og breibandsdekninga kan mange andre norske grender misunne dei. Men no skal eg gjere noko (som strengt tatt ikkje er etter sjøvitreglane og) som ikkje folket oppe på plattformene kan gjere: Rive hovudet av ei kald ei. Det er er trass alt framleis hundre nautiske mil til næraste pub.
From Statfjord for Energikrise Eyewitness News
Tomtønna
energikrise.blogspot.com -The pulse of depletion-
STATISTIKKENHETENS KORTE SUPPLEMENT
Onsdag 04.07.2007
Her kommer et kort supplement til Tomtønnas reportasje i nær sanntid fra Statfjord utarbeidet av statistikkenheten i Energikrise.no, "The Pulse of Depletion".

Diagrammet ovenfor viser den historiske oljeutvinningen fra Statfjord (norsk andel av Statfjord er 85,47 %, den resterende ligger på den britiske siden av delelinjen) sammen med en prognose mot 2020 mot den primære y-aksen. På den sekundære y-aksen er akkumulert utvunnet, en prognose for akkumulert utvunnet og OD sitt estimat (rød heltrukken horisontal linje) for totale utvinnbare ved årslutt 2006 vist.
Prognosen mellom 2007 og 2020 gir en total akkumulert utvinning av 3 610 Mb, med andre ord legger prognosen gjengitt i diagrammet til grunn en høyere total utvinning enn ODs ferskeste publiserte estimat på 3 554 Mb. Basert på OD sine data er Statfjord nå nærmere 98 % nedtappet.
En lineærisering med Hubberts metode (HL) for årene 1990 til 2006 (av den norske andelen av Statfjord) gir totale utvinnbare reserver på 3 570 millioner fat.
R/P forholdet for Statfjord (olje) var vel 3 (basert på OD sine data) ved årsslutt 2006, noe som indikerer at det kan ventes et bratt fremtidig fall i oljeutvinningen fra feltet.
1 standard kubikkmeter = 6,29 fat
Det er med andre ord ikke noe stort avvik mellom OD sin prognose og prognosen med HL for totale utvinnbare oljevolumer fra Statfjord.
I årets første 4 måneder ble det utvunnet 75 000 fat/dag fra den norske delen av Statfjord i følge OD sine tall.
Statfjord vil gradvis utvikle seg til å bli et marginalfelt og driften vil fortsette så lenge denne er økonomisk, noe som i økende grad blir avhengig av en voksende oljepris. Statfjord får også inntekter fra gassalg, noe NGL utvinning og fra prosesseringstjenester fra nærliggende felt.
30. juni 2007
Klima i alle kanalar
Kva så med ”vår” sak? Der er det stille. Rett nok har oljeprisen lagt på seg att den siste tida, men dette er jo bra for Oslo Børs så då er vel alt vel?
Figuren nedanfor er teken frå ”Google Trends”, og syner utviklinga for søkeorda ”global warming” og ”peak oil”. Som vi ser er det ein nedadgåande tendens for "vår" sak:

Dette samsvarar godt med det inntrykket eg sit att med etter å ha diskutert med ein del ”miljøvernarar” dei siste åra: ”Peak oil, -so what? Det er klimapolitikk som betyr noko!”
Vi skulle jo ha same siktemålet: Mindre og meir fornuftig brenning av fossile brennstoff, ein kontrollert og sivilisert overgang til kretsløpsressursar. Men det skjer seg på eitt punkt:
Medan miljørørsla og IPCC (FN sitt klimapanel) går utifrå ein nærast uendeleg tilgang på fossile brensler, ser vi at det høgst sannsynleg vil bli problem i nær framtid.
Dave Rutledge hadde for noko sida ein interessant artikkel om dette på ”The Oildrum”. Her nokre punkt frå denne:
IPCC har 40 ulike scenarier for utviklinga av CO2-utslepp. For å simulere kva denne vil bli, har dei sett på utviklinga i folketal, brutto nasjonalprodukt og politikk som vil bli ført. Nokon kritsk gjennomgang av kor mykje fossile brensler som faktisk finst er der ikkje. I 17 av IPCC sine scenarier blir det rekna med eit større forbruk av olje i år 2100 enn det var i 2000!
Dersom ein legg til grunn ein edrueleg gjennomgang av dei reservane som faktisk finst, kjem ein ved hjelp av dei same modellane som IPCC brukar til at utsleppa av CO2 på grunn av ”mangel” på fossile brensler vil vere lågare enn nokon
av dei 40 scenaria til IPCC:
Dette er er eit poeng som Jean Laherrere også har peika på ved fleire høve.
No er det ingen som veit kvar ”the tipping point” for CO2-innhaldet i atmosfæren er. Dvs. det punktet der positiv feedback gjennom tining av tundra, frisetting av metan frå hydrat osv. set inn. Kanskje er vi komne der allereie, og då har naturen sjølv teke kommandoen og menneskekrypa kan lite gjere. Sjølv ikkje ”miljøopposisjonen” i Stortinget under leiing av Erna Solberg og Lars Sponheim...
”Miljøorganisasjonane” fyrer opp under illusjonen om at her gjeld det berre å løyse ”klimautfordringa” (kanskje til ein kostnad på så lite som 1% av BNP), og så kan vi halde fram som før. Biodrivstoff blir framleis framstilt som miljøvenleg, og fangst og lagring av CO2 er berre eit teknologisk problem.
Her trur eg dei gjer ein stor feil. Denne fangsten er dyr, både i kroner og energi. Når økonomien startar å skrante på grunn av energimangel, vil slike prosjekt bli dei første som blir ofra. Dersom folk då ikkje har fått med seg at energiforbruket skal ned, same kva ein måtte meine, vil ”løysingane” bli dårlege. Også for miljøet.
Manglande oljetilførsel i ein globalisert økonomi vil kunne føre til alvorlege økonomiske tilbakeslag. Ein økonomisk depresjon er vel det beste "klimatiltaket" ein kan tenkje seg. Men ikkje utan biverknader.
Fokuset på CO2 har også gjeve seg ein del andre pussige utslag. ”Aftenposten” har dei siste dagane nærast drive ein kampanje for intensivert folkeflytting til urbane strok. Overskriftene ”Verden flytter til byene” , ”Distriktspolitikken er miljøfiendtlig”, ”Flyttet til mangfoldet” og ”Bygdene utpekes som klimaskurker” talar for seg. No er det ikkje berre økonomiske, men også etiske grunnar for å flytte til byen.
Eg har budd i by, og likte meg godt. Men no bur eg på bygda og blir nok her verande, sjølv om eg må slite med dårleg samvit.
Perspektivet blir ofte annleis når ein ser ting på avstand. Som når kommunikatøren Hans Geelmuyden ser utover (i ein kommentar til at ”Fædrelandsvennen” slit med å skaffe seg redaktør):
”Med fare for å virke nedlatende er jo det som dere pusler med ute i distriktene av mindre betydning”.
Vakn opp, Hans! Vi er jo norgesmeistrar i fossil-brenning, det er ikkje noko puslete over det vel?
11. mars 2007
Vel møtt!

Ein viss Hr. Hauso skal altså freiste å gje ei populær framstilling av problema i energiforsyninga som det vert sagt kan råke Nordhordaland. Det vert vidare hevda at desse vanskane er såpass vidtfemnande at dei også vil kunne merkast andre stadar på kloden. Ikkje småtteri med andre ord...
For dei faste lesarane av denne bloggen vil det neppe kome overraskingar på dette møtet, men kanskje du kjenner nokon som kunne trenge ei innføring i saksområdet?
Dersom du veit om nokon som er i "målgruppa"og oppheld seg på dei kantar av landet: Sprei bodskapen!
Som kjent ligg Frekhaug berre ein kort (bil)tur frå den mest sjarmerande (og nest største) byen i landet. Det er slutt på bompengane på Nordhordalandsbrua også, så her er det inga orsaking for ikkje å møte fram.
Då følgjer du berre kartet under, og så snakkast vi!
12. feb. 2007
Biodrivstoff treng næring

”Yara flyter på biodrivstoffbølgen” heiter det i Dagens Næringsliv sist laurdag. Kvifor det meir tabloide ”surfer” ikkje vart nytta, veit eg ikkje.
Yara er som kjent verdas største produsent av kunstgjødsel, eller mineralgjødsel som dei sjølve likar å kalle det.
No er det ”miljøvenleg biodrivstoff ” som er det hottaste på energifronten. Her i Europa blir dette sett på som eit svar på klimatrugsmålet, i USA er det eit steg på vegen for å bli uavhengig av importert energi. Som Energimann tydeleg viste oss i innlegget om Europa og energi, skulle den siste målsetjinga vere minst like aktuell for Europa som USA. Men i politiske krinsar ser det ut til at den komande energikrisa framleis er eit tabu.
Det verkar elles som hydrogen ikkje lenger er så salgbart som ”løysinga på framtidas energiutfordringar”. Både media og politikarar held no fram biodrivstoff som det neste store.
Her på bloggen har eg tidlegare uttalt ein viss skepsis kring biodrivstoff som løysing på noko som helst. Men at det gjev glimrande forretningsutsikter for Yara, er sikkert og visst.
Eg stiller meg også tvilande til klimagassrekneskapen for biodrivstoff. I tillegg til alle dei fossile innsatsfaktorane i produksjonen av denne, fører produksjon og bruk av nitrogengjødsel til auke i utsleppa av dinitrogenoksid, betre kjent som lystgass. Lystgass står for ni prosent av dei norske klimagassutsleppa. Etanol og lystgass høyrest i grunnen ut som ei festleg blanding, men kanskje ikkje i lengda..
I følgje IEA vil produksjonen av etanol og biodiesel meir enn doble seg til 2010 (frå 0,7 til 1,4 mb/d). Mellom anna på grunn av den sterke auken i etterspurnad etter biodrivstoff har prisane på mais, kveite og soya auka sterkt. Dette er godt nytt for Yara. Som direktør Ole Enger utaler til DN: ”Dette betyr at det blir mer konkurranse om bøndenes avlinger. Bøndene tjener mer penger, og da kjøper de mer gjødsel…”
I den siste kvartalsrapporten sin uttaler dei seg slik om marknadsutsiktene:
- Høge kornprisar fører til auka gjødselforbruk
- Nye målsetjingar for biodrivstoff i USA og Europa fører til høgre produksjon
- Positive globale marknadsautsikter reduserer fåren for overproduksjon
- Betra marknad i Brasil
- Strengare miljølovgjeving fører til auke i etterspurnaden etter industrivarer
- Yara sine energikostnader vil minke grunna fall i oljeprisen
Som vi ser er det framleis nokre jokerar i spel..
For å minske risikoen er det avgjerande å få politikarane med på laget:
”Enger understreker at markedet for biobrensel ser spennende og lovende ut, men sier at utviklingen vil være avhengig av de politiske rammebetingelsene.”
Subsidiar med andre ord.
Som Energimann kommenterte: Følgjene av biodrivstoffsatsinga vil kome til ein matvarebutikk nær deg. Same kvar du bur i verda.
Elles er Norge kasta ned frå pallen som oljeeksportør. Vi er no nede på 5.plass. Men i følgje Petromagasinet er norsk sokkel i betring. Så då er vel det berre midlertidig.
6. feb. 2007
ASPO Norge

I det siste nyheitsbrevet frå ASPO er der to referansar til Norge. Det blir opplyst at ei underavdeling av ASPO er under skiping her i landet. Amund Prestegård, mannen bak filmen "Peak Oil, -Imposed By Nature" er initiativtakar, og ein ny nettstad www.asponorway.org skal vere oppe og gå i løpet av mars. Den lokale avdelinga vil stå for ASPO sin kongress i 2008, så då vil det vel bli noko publisitet om saka skulle ein tru..
Colin Campbell synest å ha tru på Ola Dunk:
"Life has not always been easy in the rugged terrain of Norway at the northern limits of Europe, but the hardships have bred a deep-seated sense of national and community co-operation which survives in the mindset despite the ravages of oil-based affluence. So Norway has much experience to offer in addressing the challenges of the post-Peak world."
For eigen del vil eg tilføye: Unfortunately these qualities now seem to be dwindling at an alarming pace...
Den andre referansen gjeld fusjonen mellom Statoil og Hydro, sett frå ein annan synsstad enn det som er vanleg i norsk presse.
Nyheitsbrevet les du her.
3. feb. 2007
"Simmons has sung.."

29. jan. 2007
Reservar
Likevel blir ein ofte møtt med argumentet at reservane er store, og aukande. Fenomenet "reservevekst" kan skuldast tre forhold:
- Feilaktig rapportering i utgangspunktet. Særleg i tidlegare tider vart reservane rapporterte svært konservativt på grunn av reglar gjevne av det amerikanske kredittilsynet (SEC). For oljeselskapa var dette ein grei praksis, då dei etter å ha gjort eit stort funn kunne spreie den glade bodskapen over fleire år. Dette bidrog til å stabilisere aksjekursen og roe ned dei finansielle marknadene. Denne rapporteringa utifrå finansielle framfor geologiske forhold var altså lovpålagt og ikkje noko å klandre oljeselskapa for. Likevel er det greitt å vite om det..
- Auke i oljemengda i feltet. (Oil Initially In Place-OIIP) Dette kan skje gjennom oppdaging av større reservoar i tilknyting til feltet eller "satelittar" som let seg utvinne på grunn av at naudsynt infrastruktur er på plass.
- Auka utvinningsgrad. Dette skuldast teknologisk utvikling som gjer at ein kan utvinne ein større del av oljen som finst i feltet.
Reservar og reservevekst er storleikar som det er stor usemje om. Somme seier at dette er like mykje ei kunstform som vitskap. Kanskje er det nettopp difor at ein ofte ser at argument kring reservar vert nytta når "peak oil teorien" skal nedsablast.
CERA er eit firma som ofte er på banen for å avkrefte "peak oil-myten". Seinast no gjennom ein rapport ført i pennen av Peter Jackson: 'Why the "Peak Oil" Theory Falls Down - Myths, Legends, and the Future of Oil Resources. "
Diagrammet nedanfor viser kvar usemja mellom CERA og ASPO ligg:
Chris Skrebowski, redaktør i "Petroleum Review", har skrive eit ope brev til Peter Jackson. I dette brevet stiller han nokre spørsmål kring rapporten. Dette brevet finn du i omsett form på energikrise.no her.
Rapporten har elles blitt diskutert m.a. på The Oil Drum.
28. jan. 2007
Måndag er dagen

- Vi har difor bestemt at nye postar som oftast blir publisert på måndag. Ikkje at dette er skrive i stein, det kan godt kome noko nytt andre dagar også. Men altså oftast på måndagar.
- Dersom du har ein RSS-lesar på maskina di, er dette adressa til RSS-straumen.
22. des. 2006
Eit jule- og nyttårsbrev
Energimann har synt oss at toppen (førebels?) er passert. På ”The Oil Drum” blir det som vanleg debattert, og vi som har følgt med ei tid kjenner posisjonane til deltakarane. Nokre er på linje med Energimann, medan nokre (dei fleste?) held seg kring 2010 i sine spådommar.
Som vanleg er det også usemje om kva ein skal rekne med, olje er som kjent ikkje berre olje:
-råolje + kondensat?
-råolje + kondensat + NGL?
-alle væsker?
Som vi lærte i forrige innlegg i bloggen, er det no berre ”annan energi i væskeform” som veks. Dette er m.a. etanol og biodiesel, og som kjent er det eit stort innslag av fossil brensle i desse. Dette medfører at energien blir bokført to gongar, og at ”annan energi i væskeform” tilfører verda mindre energi enn tala skulle tilseie.
La oss då gå utifrå at toppen er passert. Det har skjedd utan mykje fanfare, med eit unnatak for den meiningsberande bloggen ”Kveldssong for Hydrokarbonar”. Litt ”demand destruction” blant dei minst kjøpesterke i verda, og det humpar vidare som før.
Oljeutvinninga har gått ned, -og oppatt-, tidlegare blir det sagt. Dette er sjølvsagt rett, men dette har vore som følgje av resesjonar i økonomien. Den mest markante nedgangen skjedde kring 1980, då utvinninga minka kring 10%. Det gjekk 10 år før forbruket passerte toppåret 1979, og då var det klart for ei ny nedgangstid som heldt forbruket flatt nokre år.
Norge går no på økonomisk høggir. Det sedvanlege problemet med å skaffe nye arbeidsplassar, synest å vere avløyst av problemet med å skaffe ny arbeidskraft. Somme hevdar at vi har begge problema samstundes, utan at eg heilt skjønar korleis det kan gå til.. Prognosemakarane legg til grunn den situasjonen vi har akkurat no, og finn ut at det skal bli vanskeleg å skaffe seg snikkar i Romania dei neste ti åra. Arbeidskrafta vil trengast her på berget. På mitt lokale Byggsenter kunne dei fortelje at det no er ventetid på levering av trelast, sement og isolasjon.
At ikkje noko tre veks inn i himmelen, treng vi å bli minte på i slike tider. Om historia er nokon rettleiar, er det ikkje eit spørsmål om tilbakeslaget kjem, men når. Norske hushaldningar si gjeldseksponering er no historisk høg, ho overgår den kjende ”jappetida” på slutten av 80-åra. Sysselsetjinga i sektorar vi kan slutte å etterspørje om fem minutt aukar. Skulle ”rentevåpenet” bli brukt ligg det vel an til noko slakkare tider i dei fleste sektorar:

Korleis er så dei internasjonale utsiktene i økonomien? Mange meiner det er ein grunnleggande ubalanse her, der USA som vanleg spelar ei hovudrolle. Men denne gongen sit ikkje USA med ”the upper hand”, dei har no berre sin militære kapasitet som biletkort på handa. Ja sjølv denne blir det reist spørsmål ved, tidlegare utanriksminister i USA, Colin Powell, seier at dei amerikanske styrkane er i ferd med å bryte ryggen i Irak.
Underskota i handels- og budsjettbalansen i USA er galopperande:
Kor lenge vil Kina og andre asiatiske land halde fram med å betale for amerikanerane sitt forbruk? Bustadbobla i USA er i ferd med å sprekke:
Kinesarane kan rykkje teppet under føtene på amerikanarane kva dag som helst, dersom dei ser det i si interesse. Finansspekulasjonen når stadig nye høgder, marknadsverdien av hedge-fonda i USA har no passert 480 billionar dollar, 12 gongar verdien av verdøkonomien!
”Når USA nys, får resten av verda forkjøling” er eit uttrykk som har vore mykje nytta for å vise kor viktig amerikansk økonomi er for den globale. Dette er ei dårleg oversetjing av ”When the US sneezes, the rest of the world catches pneumonia”. ”Pneumonia” er etter det eg veit lungebetennelse, noko meir alvorleg enn virusinfeksjonar i øvre luftvegar. Kva diagnose kan verda vente seg dersom nyset i USA kjem som fylgje av meir eller mindre galopperande tæring?
No lyt eg prøve å samle trådane., og kome attende til (hovud)temaet for denne bloggen. Altså: Poenget med denne ”stream of consciousness” er at det er mange faktorar i den økonomiske og geopolitiske utviklinga som kan maskere det geologiske faktum ”peak oil”, og som kan gjere det til meir av eit akademisk studium for framtidige historikarar.
Diverre blir politiske avgjerder ofte ikkje tekne på grunnlag av rasjonell argumentasjon og faktakunnskap. Mange vituge menneske har nok måtte erkjenne at deira faktakunnskap har blitt parkert til fordel for makt- og realpolitikk. Det er vel liten grunn til å tru at dette vil endre seg med det første…
Under det noverande økonomiske regime er resesjon den einaste måten å spare energi på. Eit middels alvorleg ”økonomisk tilbakeslag” vil kunne utsetje konsekvensane av ein passert ”peak oil” kanskje så mykje som ti år.
Politisk og militær uro i dei fem sentrale oljeproduserande landa i Midt-Austen vil kunne skape ein reell situasjon der forhold ”above ground” får meir å seie for energitilførsla i verda enn dei geologiske forholda. Media vil nok helst fokusere på "det vi kan gjere noko med", -altså forholda "above ground".
Eg har til no ikkje tenkt å konvertere (frå ingenting) til Islam, og trur ikkje det blir meir aktuelt ettersom ”the blame game” verkeleg kjem i sving..
Her på bloggen er det stilt spørsmål om ”miljøomsyn” no blir brukt for å maskere det faktum(?) at vi har passert toppen av oljeproduksjonen. Klimatrugsmålet er reelt nok, men eit slikt konkret trugsmål synes ikkje å vere nok til at vi skal endre åtferda vår på noko meir enn kosmetisk vis. Mennesket overutnyttar sine ressursar på same vis som andre species, men trur at dei no er komne dit at dei sjølv kontrollerer naturen. ”Lavutslippsutvalget” seier at vi er ”off the hook” dersom vi nyttar ein prosent av bruttonasjonalproduktet på ymse avbøtande tiltak.
Trur dei det sjølv?
Eg trur ikkje at det ligg nokon konspirasjon for å løyne "peak oil". Snarare ei velvillig gryande erkjenning av at "noko" må gjerast, men at ein på grunn av økonomiske forhold er så makteslaus at det heile avgrensar seg til "miljøpolitiske" botsøvingar som knapt har symbolverdi.
Ein stor del av auken i norsk elektrisitetsforbruk vil dei neste åra gå til elektrifisering av sokkelen. Då kan vi i staden sende gass og olje direkte til utlandet for CO2-utslepp der. ”Miljøvinsten” vil bli utbygging av av nye 420 kv straumnett gjennom Hardanger og Vestlandet, import av kjerne- og kolkraft og oppretting av mobile gasskraftverk som kan gå på ”miljøvenleg” biodiesel.
Etter det eg kan sjå er den såkalla miljøkampen så røyklagt med alle slag tvilsame og vikarierande argument, at det er vanskeleg å sjå fast land framfor seg.
Eg har lenge meint at "peak oil" er det neste store. Men som du forstår er eg stadig mindre overtydd om at fenomenet vil få den plassen det fortener i offentleg ordskifte. Dette trass i overtydande faktadokumentasjon frå vår kjære energimann. Likevel har eg ei bøn om at han held fram med å vere eit lys i vintermørket!
God jul!
7. nov. 2006
Miljø, Bærekraft og Landcruising

”Bærekraftig utvikling” er eit uttrykk som går att i politiske miljø. Dette er også noko som alle er for, noko som vel skulle indikere at uttrykket er tømt for reelt innhald. Alle styrer med sitt slik dei gjorde før, no berre med prefikset ”bærekraftig”. Statoil og Hydro har stor suksess med å tøme olje- og gassbrønnane, men kan forsikre oss om at det dei driv med er bærekraftig. No er det ikkje tøming dei driv med heller, Eivind Reiten omtalar oljebransjen slik: ”Betydningen har blitt mange, mange ganger større enn hva man så på 80-tallet. Vi fant mer olje og gass, og utviklet ressursene raskere enn noen kunne drømt om….” (Til ”Upstream” 12.10.06). At utvikling her er det same som avvikling, blir ikkje omtalt. Alle leiarane i ”Big Oil” vel sine ord med stor omhu, og har vorte retteleg gode i eufemismer og omskrivingar.
Og så var det miljøet. Regjeringa gjer ein jobb for å skifte ut bilparken til ein som er ”miljøvenleg”. Dersom ein bil slepp ut mindre enn ca. 200g CO2/km har han visstnok rett til å få merkelappen ”miljøvenleg”. Dette verkar noko merkeleg på meg, er ikkje alle bilar meir eller mindre miljøuvenlege? Dersom mann og kone med høgt miljømedvit køyrer kvar sin ”miljøvenlege” bil, er dei kanskje miljøverstingar i forhold til naboen som held på sin eine gamle frå 1990?
Bio-drivstoff som etanol og biodiesel har fått merkelappar som ”miljøvenleg”, ”bærekraftig” og ”CO2-nøytral.” (Dei blir snart ikkje omtala utan at eit av desse adjektiva heng på, nesten som merkevarebyggaren Kjell Magne Bondevik som aldri brukte ordet ”gasskraftverk”, men derimot konsekvent ”sterkt forurensende gasskraftverk”).
Det er imidlertid problem knytt til bio-drivstoff også.
For det første er det mengda som kan produserast. Biologen Jeffrey Dukes ”har rekna på det” , og funne ut at det årlege energiforbruket frå fossile brensler tilsvarar naturen sin totale netto primærproduksjon i 400 år! Då seier det seg sjølv at bio-drivstoff ikkje kan bli noko ”løysing”, men i høgda eit lite bidrag.
Så gjeld det netto-energien frå etanol. Denne kan i dei gunstigaste tilfella (sukkerrør i Brasil) kome opp til ein stad mellom 1 og 2. I dei fleste tilfelle inneber etanolproduksjon eit energitap
At etanol-industrien i USA likevel tener gode pengar kan dei takke billeg olje- og gass samt enorme subsidiar for. Signaturen elgisolnedgang hadde i ein kommentar til ein post her i denne bloggen opplysningar om at subsidiane er så store at kostnadene ved å bygge eit brenneri var tilbakebetalte gjennom subsidiar i løpet av tre år!
Dei olje- og gassmengdene som går med til jordarbeiding, gjødsling, hausting og transport av råvarene har eg aldri sett nemnt i nokon CO2-rekneskap. Heller ikkje naturgassen som blir brukt i sprit-produksjonen. Å kalle det CO2-nøytralt trur eg i alle fall må vere ei tilsniking
Så er det dei etiske sidene. Vi er vel alle opplærde til å ete opp maten vår. Med dei prisane som har vore, har ein kunne brenne korn til oppvarming og kome betre ut av det enn ved bruk av pellets. Mange har likevel ei sperre ved det ”umoralske” i å brenne mat. Dersom ein derimot går den tapsbringande vegen om etanol og fyller det på tanken, er samanhengen blitt såpass uklar at det er heilt greitt. Ja, det har til og med fått heidersnemninga ”miljøvenleg”. Det blir om lag som dei som er mot slakting, men finn det akseptabelt berre kjøtet er passeleg oppstykka og pakka i plast…
Det etiske problemet er sjølvsagt at råstoff til etanol- og biodieselproduksjon fortrengjer annan jordbruksproduksjon. Det er omlag 800 millionar bilar i verda, og like mange menneske som svelt. Lester Brown har eit godt oversyn over kva denne storstilte satsinga på etanol vil føre til her.
Eit anna problem er måten råstoffa til bio-drivstoffet blir dyrka på. Her er det monokulturar som fører til øydelegging av jordsmonn, fjerning av regnskog med meir. Før kunne ein putte ein tiger på tanken, og no skal orangutangen same vegen...
Kornlagera er no på det lågaste sidan starten på 70-talet. Vår heimlege aksjestrateg Ivar Strompdal uttrykkjer i ein gjestekommentar i Dagens Næringsliv (berre på prent) uro for sterkt aukande kornprisar i tida som kjem: "Med kombinasjonen av en strukket tilbudsside og lave lagreligger forholdene til rette for en eksplosiv stigning i prisene hvis noe uforutsett skjer."
Biofuels? Biofools!
Elles har "juleskipet" sigla. Eit fascinerande symbol på vår tid.
6. sep. 2006
...og slik går no dagan....

Biletet er i dag frå "Norsk Sokkel", Oljedirektoratet sitt magasin for almugen. Meir om det seinare.
Sommaren er over, og den var av det betre slaget her på mine kantar. Eg har prøvt å ta meg meir eller mindre fri frå dei prinsipielle sidene av oljeuttøminga og vigd meg til dei praktiske (dvs. å (for)bruke ukritisk).
Energimann har som vanleg halde oss oppdatert om dei faktiske forholda når det gjeld oljeforsyninga i verda. Og det ser ikkje lysare ut enn det gjorde før ferien. Somme held fram at det ikkje er nokon dramatikk i at oljeutvinninga i verda har gått litt ned, det har jo hendt fleire gongar før i historia. Sant nok, men det har ikkje skjedd utan eit prissignal i forkant. At prisen går (dramatisk) opp og utvinninga ned er noko nytt, og kan vel tenkjast å bere bod om det.. vi veit.
For vel eit år sidan var det ein "Deep Throat" (anonym innside-kjelde) i Mexico som fortalde om store problem for verdas nest største oljefelt, Cantarell. Som vi veit var dette rett, og kollapsen er eit faktum. No har Richard Heinberg snakka med ein innsidar som har liknande å fortelje om verdas største oljefelt, Ghawar i Saudi Arabia :
"At the ASPO conference a well-connected industry insider who wishes not to be directly quoted told me that his own sources inside Saudi Arabia insist that production from Ghawar is now down to less than three million barrels per day, and that the Saudis are maintaining total production at only slowly dwindling levels by producing other fields at maximum rates. This, if true, would be a bombshell: most estimates give production from Ghawar at 5.5 Mb/d."
Det vil vise seg om dette held stikk.
Vi har tidlegare rosa Sverige for at dei "har teke realitetane innover seg", og skal vere oljeuavhengige innan 14 år. Realismen i prosjektet kan absolutt "ifrågesättas", noko som blir gjort til gangs av økonomen Ferdinand Banks i denne artikkelen. Det er vel grunn til å tru at der er like mange karrieristar og posørar i det svenske politiske miljøet som det norske.
Bloggen "Oljens Tid er Over" har hatt fleire meldingar om at Odd Roger erkjenner "peak oil". I likskap med den tidlegare nemde Ferdinand Banks, har eg vanskar med å skjøne at nokon kan kome til noko anna erkjenning. Men det virkar som om fenomenet for politikarane er ein mild abstraksjon, eit av tallause mogelege "fremtidsscenarier" som vi ikkje på laaang tid treng å bry oss noko med. Vi er jo i gang med "hydrogenvegen"! Odd Roger har tydelegvis ikkje kviskra noko i øyret til si partifelle, Liv Signe Navarsete. I dag kan ho roe utolmodige bilistar med at første byggjesteg på firefelts motorveg Gardermoen-Kolomoen vil bli starta neste år.
For å seie det med Kunstler: "(One of) the greatest misallocation(s) of resources in Norwegian history".
Men no attende til Oljedirektoratet. I det siste bladet har dei ein artikkel som heiter "Over Toppen?" Der tek dei for seg problemstillinga med oljeuttøminga på "balansert" vis. Hubbert blir omtala, og likeeins ASPO. Og dei har roande ord frå den fremste leverandøren av "Petro-Prozac", IEA. Som Energimann har vist i dette innlegget, har Hubbert sin teori stemt for oljeutvinninga på norsk sokkel, noko OD også er samd i. Når det gjeld "karnappa" på kurven som dei forutser, har dei denne forklaringa:
"Men i tillegg til reservene, som er de mengdene olje som allerede er vedtatt produsert, finnes det olje fra prosjekter for økt utvinning, utbygging av påviste felt og hittil uoppdagede ressurser. Alt dette vil bidra til at produksjonen totalt blir høyere enn Hubberts teori tilsier. Det vil også medføre at produksjonstoppen blir nådd før halvparten av oljen er produsert. Dette gjelder trolig også på verdensbasis. I tillegg til de bokførte reservene kan reservegrunnlaget økes ved å øke utvinningen fra eksisterende felt samt påvise nye ressurser."
Reserveanslag er ikkje så interessant, dei kan det sjonglerast med i stor stil. I USA steig reservane i mange år etter at dei var forbi produksjonstoppen i 1971. Det som er interessant er kor mykje olje som faktisk kjem på marknaden. Det blir interessant å sjå om Norge kan levere det OD lovar..
Alle som har prøvt å servere bodskapen om ei komande energikrise, veit at dette er verre enn å selje høns i regnver. Publikum er avgrensa, for som Simon&Garfunkel song ein gong: "Man hears what he wants to hear, and disregards the rest.."
Matt Savinar, mannen bak nettstaden "Lifeaftertheoilcrash" skriv i ein diskusjon på The Oildrum: (han kallar seg der forøvrig "TheAlphaMaleProphetOfDoom)
Now why is this? I exchanged some email with Barry of End of Suburbia and we both suspect the PO meme has reached the vast majority of everybody who it will ever reach minus some MASSIVE crisis one large enough that us in the peak oil publishing corps will not be able to make a living from saying "hey there's a big crisis on the way" or having the time to blog on it for that matter. Imho, 80% (just to throw out a number) of people who will EVER buy a peak oil book have already bought one. In 2004, this number was perhaps 20%. (again just to throw out a number)
The vast majority of the population will never accept the idea of there being fundamental physical limits to what we can do. Even when gas is $20 a gallon and we're living in abandoned gas stations chasing rats for food while evading Halliburton built robotic soldiers with strangely familiar Austrian accents, most people born between 1940 and 1980 will still be clinging to the idea that "things will get better if (insert cornocupian idea)"
Slik er det vel? Eg tenkjer i alle fall tanken når så mange som er mykje smartare enn meg ikkje blir synderleg opptekne av problemstillinga, sjølv om dei forstår ho godt.
For å sitere Matt Savinar nok ein gong: På spørsmålet om når "peak-oil-konseptet" er forstått og internalisert i almugen seier han: "Når det har vorte eit sjekketriks å snakke om det."
Som vi skjønar er det langt fram. Prøv det på neste fest.
16. juni 2006
Olje og mat
Kjelde : USDA (Det amerikanske landbruksdepartementet)Men no kan det hende at noko skjer. Grafen over syner kornproduksjon(kveite+"coarse grain") og lager( i prosent av årleg forbruk) frå 1978 til i dag. Produksjonen er tredobla sidan 1950, men veksten har ikkje halde fram i same tempo sidan 1996 og produksjon pr. capita har gått ned. Dette kombinert med auka konsum, har som ein ser ført til ein markant nedgang i lagera. Sist det var så låge lager, tidleg på 70-talet, dobla kveite- og risprisane seg på kort tid. Rislagera er også på eit særs lågt nivå no.
Under "normale" omstende skulle marknaden ordne opp i dette mistilhøvet etter kvart som prisane tek til å stige. Men dei høge energikostnadane forbunde med kornproduksjon, gjer at vi truleg ikkje vil sjå dei låge prisane frå tidlegare tider. Dette er også eit tema i det siste nyheitsbrevet frå ASPO. Høge olje- og kornprisar er eit "dobbelt problem" som denne artikkelen i Times of India kommenterer.
I tillegg kjem no ein ny faktor som nyleg vart omhandla i denne bloggen: Konkurranse om dyrka mark frå biobrensle.
Diverse "grøne" organisasjonar har rekna på det, og funne ut at det er meir energisparande å importere mat frå område med betre klima, enn å lage vår eigen. Isolert sett er dette rett, norsk landbruk er ein versting når det gjeld energibruk. Poenget er at vi vil trenge alt dyrkbart areal til matproduksjon i framtida.
Nedlegging av store delar av norsk landbruk har vore, og er dagsordenen sjølv om festtalane seier noko anna. Tala talar for seg. Framskriving av tendensen syner at vi om 15 år har fleire lækjarar enn bønder i landet.
Dette er ein "høgrisikoprofil" i forhold til forsyningstryggleiken. Å nytte ein liten del av oljeformuen til å halde landbruket i beredskap er lurt. Og det er eg heldivis ikkje åleine om å meine.
Eg er overtydd om at landbruket vil få sin renessanse. Men før den tid ser det ut til at det meste skal øydast.
Kanskje vil "gammaldagse land med manglande evne til omstilling" som t.d. Frankrike vil stå seg best på nedsida av Hubbert-kurven?
23. mai 2006
Og nå...ANALYSE!

Oljemarknaden er for tida "volatil", den går to steg opp og eitt ned. Anten prisen går opp eller ned, sit det ekspertar klare for å forklare kvifor. Desse "analysene" får etter kvart eit preg av sjablongmessig repetitiv ordgyting. For å spare deg bryet med lese desse kvar gong, skal eg prøve å samanfatte hovupunkta her.
Prisen går opp:
- Uventa store lagertrekk i USA
- Det nærmar seg "køyresesongen" i USA
- "Robust" økonomisk vekst i USA (og verda forøvrig)
- Manglande raffinerikapasitet
- Manglande (god)vilje i OPEC for å auke produksjonen
- Lokal uro som hemmar oljeproduksjonen (Irak, Nigeria)
- Større konflikter som lurer i horisonten (Iran)
- Eit skeivt ord frå ein leiar i eit oljeproduserande land (Chavez..)
- Spekulantar som kjøper aggressivt (m.a. Hedge-fond fulle av pensjonspengar...)
- Manglande investeringar i oljesektoren etter billegsalet på olje i 90-åra
- Dårlege vermeldingar (orkansesongen)
- Kaldt ver
- "Psykologi", "frykt" og generelt dårlege nervar
Prisen går ned:
- Uventa stor lagerbygging i USA
- Svakare økonomiske indikatorar, spesielt i USA.
- Marknaden er godt forsynt med olje, det er lovmessig at prisen går mot eit meir "normalt" nivå. "The Fundamentals" tilseier jo ein pris på 40-45$ fatet...
- Det ser ikkje ut til å bli nokon "præriebrann" (lokal-regional konflikt/krig) likevel
- Varmt ver
- Gevinstsikring hos spekulantar
Dette er det eg kjem på i farta. Eg har sikkert gløymt nokre moment, men dette er vel godt nok til å sikre meg ein godt betalt jobb som analytikar?
Eit døme på ein analytikar finn du no også i "blogosfæren", her er Arnstein Wigestrand i SEB Enskilda.
Heilt sidan oljeprisen starta å stig på alvor i 2004 har det raskt vore folk ute for å forsikre oss om at dette berre er forbigåande, Alan Greenspan var først ute med slike lovnader, men to år seinare er altså prisen gått endå 40% opp.
Dei som handlar olje legg inn "veddemål" på om prisen skal gå opp ("go long") eller ned ("go short"). Når alle veddar på at prisen skal opp, ja då går han opp. Etter kvart som prisen går opp blir det fleire og fleire som veddar på at han skal gå ned. Når desse "får overtaket", er dette eit sterkt signal om å selje. Saueflokken snur, og prisen går ned. "Traderane" har programvare i datamaskinene sine som fortel når dei skal kjøpe og selje, noko som forsterkar den rådande tendensen. Eit døme på den tvilsame sporten "teknisk analyse" kan du lese her. Etter å ha lest dette forstår du sikkert kvifor prisen skal ned. Så er det berre å ta ut sparepengane og sette i gang å handle, den første millionen er den tyngste å få inn.. (Men legg merke til fotnoten: "No responsibility can be accepted for losses that may result as a consequence of trading on the basis of this analysis." Her er forresten ein god animasjon over kva økonomar fordriv dagen med...teikn nokre kurver på biletet med musa!
Og når vi snakkar om veddemål: Det er ikkje lenger berre på obskure Peak Oil-sider du kan legge inn bod på kva oljeprisen blir i framtida. No kan du også gjere det hos Unibet...
Eg såg ein episode av doku-såpa "Oljeriket" frå NRK. Der sat det nokre traderar frå Statoil og tværa i dagesvis over nokre få cent fatet. Det var det ikkje særleg spenst over. No med 1-2 dollar i endring på ein dag, er det verkeleg om å gjere å halde tunga beint i munnen. Dei som kjøper og sel har sine glansdagar i ein volatil marknad. Her gjeld handelsmannen sitt credo til fulle: Kjøp billeg og sel dyrt! Dersom ein har litt volum, er det fort gjort å tene nokre millionar. Det er det sikkert mange som har gjort den siste tida. Det er vel unødvendig å spørje kven som betaler for moroa...
Som du sikkert har fått med deg, har det vore nokre raude dagar på børsane kring om i verda. Ein lokal fortåsegpåar sa at nedgangen på Oslo Børs skuldast at denne er ein oljebørs. Kursane følgjer oljeprisen. For andre børsar er det vel ein fordel at oljeprisen går ned, skulle ikkje det medverke til at dei gjekk opp? I februar fall oljeprisen frå nær 70 til 62$ fatet, børsen hadde ein nedgang på 10 poeng. Denne gongen var fallet i oljeprisen langt mindre, medan fallet på børsen var på 70 poeng. Så då må det vel vere på sin plass med ei litt meir samansett forklaring?
Så mange spørsmål...
Og til sist eit spørsmål til deg som er med i pyramidespelet på børsen:
Når du ser Meklar Smekk sitte der så tjukk og feit. Med hans "track record", er det ikkje litt i overkant å betale han skamlaust mykje for å gamble med dine pengar?
Men no er det heile over. Get real! Det var berre eit leikekrakk...
7. mai 2006
Oslo-fråsegna...Norge sluttar å eksportere olje...

"Den 22. juni kl. 08.00, fekk alle oljeoperatørar i Norge den same meldinga:
Frå i dag vil Norge ikkje lenger tillate eksport av olje frå norsk territorium. Alle operatørar må redusere produksjonen tilsvarande for å tilpasse seg denne situasjonen. Dette påbodet gjeld omgåande, utsetjing vert berre akseptert grunna tryggings- og tekniske omsyn.
Samstundes vart det sendt ut ei kortfatta melding til alle pressebyrå:
Av nasjonale tryggingsgrunnar har Norge bestemt å stoppe all oljeeksport...."
Dette er innleiinga på ein fabel som Jerome a Paris publiserte i går. Han skildrar vidare kva som skjer rundt om i verda etter ei slik kunngjering. Vel to millionar fat pr. dag borte frå verdsmarknaden er ikkje allverda, berre 2,4% av forbruket. Likevel er det ikkje tvil om at det ville sende sjokkbølgjer inn i marknaden.
Heilt sikkert ville det bli oppfatta som "ei uvenleg handling", og sikkert eliminert sjansane for at norske statsleiarar skulle få nokon kaffiinvitasjon hos dei styrande i energihungrande land.
"Utpresseing" er eit ord som Dick Cheney stadig nyttar. Spesielt likte eg denne:
"And no one can justify actions that undermine the territorial integrity of a neighbor, or interfere with democratic movements."
Det vert no snakka om å varme oppatt den kalde krigen.
No er det ikkje særleg grunn til å tru at norske styresmakter vil slakke på utvinningstempoet. Det har ikkje vore eit politisk tema dei siste 25 åra. Men at dei geo-politiske spenningane grunna energispørsmål vil auke, treng ein vel ikkje vere senioranalytikar for å spå.
Eg ser at dei som kommenterer fabelen er usamde om nordmennene etter eit slikt stunt ville vere skurkar eller heltar. Forfattaren sjølv er ikkje i tvil:
"I really wish the Norwegians did this. They would deserve the Nobel Peace Prize for it. "
Han har no sendt e-post til Jens Stoltenberg for å gjere han merksam på kva han kan gjere. Det er vel grunn til å tru at den kom fram, etter at Jens har fått orden på adressene sine, men at han ser seg tid til å lese fablar, er vel heller tvilsamt..
6. apr. 2006
"Optimisme", -eller oppskrifta på kollaps...

Kor mykje olje kan utvinnast frå jordskorpa? Som vi veit er det ulike bod på dette. "Pessimistane" seier 2,1 billion fat medan "optimistane" legg ein billion til dette talet.
Naturlegvis vil då tidspunktet for "peak oil" vere ulikt for dei to grupperingane. ASPO har i sitt siste nyheitsbrev spådd årstalet for denne hendinga til 2010, medan USGS (USA si geologiske undersøking) og andre "optimistar" meiner vi ikkje treng uroe oss med det første. Nokon topp er ikkje i sikte før 2035.
Finn vi meir olje, skal ein altså ha grunn til å glede seg. I alle fall om ein ser bort frå drivhuseffekten.
Men skal nye oljefunn vere til velsigning er det ein viktig føresetnad: Dei åra ein vinn må ein bruke til å bu seg på det som kjem på baksida av kurven.
Slik som vi no steller oss blir vi (alle 6,5 miliardane) sette i ein meir utsett posisjon for kvart år som går:
- Vi blir fleire
- Vi flyttar til byen
- Den globale produksjonen av varer og tenester doblar seg fram til 2035
- Forsyningslinjene for (basis)varer blir lenger
- Livsstilen blir meir energiintensiv, -m.a. meir omfattande reising
- Grunnvasspegelen fell
- Jordsmonnet vert utarma
Berre for å nemne noko.
Vi blir altså meir "addicted to oil" for kvar dag som går. Dersom du ikkje trur meg: "Follow the money": Kor mykje blir brukt på "alternativ energi" i høve til det som blir investert i infrastruktur og varer som er tufta på fossile brensler?
"Optimistane" sitt scenario løyser slett ikkje noko problem. I staden skaper det endå meir uoverkomelege vanskar med å erstatte energigapet som oppstår etter ein seinare og høgare topp.
Dersom "optimistane" har rett vil vi i 2035 ha køyrt oss godt fast oppe i den einvegskøyrde hydrokarbonvegen. Med galopperande fall i oljeutvinninga vil handlingsromet vere lite.
Dei siste billion fata har blitt brukt til å feste lykkja kring halsen...
"Optimist, jeg vet det går bra til sist....."
Jahn Teigen

