15. okt. 2007

Problemet er løysingane, -løysingane er problemet



I forelesninga ”Aritmetikk, folketal og energi” siterer Albert Bartlett den amerikanske mediepioneren Eric Sevareid (av norsk avstamming) som uttalte: ”Den viktigaste årsaka til problem er løysingar”. I forelesninga nyttar Bartlett Aswan-dammen som døme. Denne har medført ei rekkje uforutsette problem for Egypt som erosjon, svikt i fiskeri og sjukdom, problem som på lang sikt kan føre landet inn større problem enn dei dammen var meint å løyse.


Det har den siste tida vore mykje omtale av agrodrivstoff i media. Det ser ut til å breie seg ei oppfatning av at agrodrivstoff ikkje var nokon god ide. I NRK-programmet ”URIX” sist veke medgav Pål Prestrud (direktør, CICERO)at agrodrivstoff hadde ein heilt marginal innverknad på klimagassutsleppa i verda. At det ikkje er noko løysing på energiproblema veit vi frå før.


Det har i det siste kome (minst) to vitskaplege rapportar om biodrivstoff og klimagassutslepp. Bak rapporten ”N2O release from agro-biofuel production negates global warming reduction by replacing fossile fuels” står m.a. Paul J Crutzen, nobelprisvinnar i kjemi. Her blir det slått fast at produksjon av biodiesel frå rapsolje i Europa berre på grunn av lystgassutlepp (N2O) vil ha 70 prosent større klimagasseffekt enn bruk av vanleg diesel. I rapporten er altså ikkje bruk av fossile brensler i framstillinga av biodrivstoffet teke med.

Den sveitsiske rapporten ”A Life Cycle Asessment of Energy Products: Enviromental Impact Asessment of Biofuels” tek som namnet seier for seg dei totale miljøverknadene av biobrennstoff. Som denne figuren syner, kjem ikkje industrielt agrodrivstoff særleg godt ut:


For forklaring på figuren og større versjon gå til linken ovanfor


Så er det altså ”2.generasjon biodrivstoff” som skal gjere susen. Dette er er først og fremst etanol frå trevirke (cellulose). Ted Patzek har i ”How Can We Outlive Our Way of Life” kome med ein del opplysningar om forsøka som no foregår med framstilling av etanol frå cellulose. ”Satsen” som ein framstiller frå cellulose inneheld berre 3-4 prosent etanol, medan satsen frå mais kan innehalde så mykje som 15 prosent. Du vil difor trenge ca. 2,5 gongar så mykje energi for å destillere den svakaste satsen til rein sprit. Ingen av forsøksprosjekta med framstilling kan så langt vise til resultat. Å satse på at dette skal bli ei løysing i framtida er difor i følgje Patzek rein spekulasjon.

Eit samandrag av rapporten finn du på ”The Oil Drum”.

Ein kan samanfatte slik:

Ulemper ved agro/biodrivstoff (sjølvsagt i ulik grad etter kjelde):
  • Tvilsamt energiutbyte

  • Minkande matvareproduksjon

  • Aukande matvareprisar

  • Auka drivhusgassutslepp

  • Utarming av jordsmonn

  • Utarming av vassressursar

  • Avskoging

  • Tap av artsmangfald

  • Auka smogproblem i byar


Fordeler:


  • "Feelgood-oppleving" for villfarne miljømedvitne bilistar


Slik er det altså. Trass i aukande vitskaplege prov held politikarar og ”miljørørsle” fast på at vi kan halde fram vårt kjærleiksforhold til forbrenningsmotoren. Etter kvart som alternativa til fossile brensler syner seg å ikkje vere gangbare, blir det stadig peika på noko nytt der framme i horisonten ein stad.. Det finst heldigvis nokre unntak.

Albert Bartlett siterte på slutten av sitt foredrag kjernen i H.L. Mencken sin filosofi:

”Det er i menneska sin natur å forkaste det som er sant, men ubehageleg. Og omfamne det som er feil, men som gjev trøyst”.

Og for den som har sett denne forelesninga står det klinkande klårt: Det finst ikkje noko løysing på energi- og miljøproblema før ein har teke eit oppgjer med vekst-paradigmet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for fint og oppklarende innelgg.
Det vil sikkert ta lang tid før såpeboblene sprekker.

Eddie

p.g.sætre sa...

Sluttar meg til Eddie her og takkar for eit godt og tankevekkande innlegg.

A propos utilsikta biverknader: I Kina satsar dei som kjent på vasskraftutbygging. Sjølve prestisjeprosjektet, Tre Kløfter, vil når det står ferdig neste år produsere 84TWh i året (om lag 2/3 av den norske produksjonen). Mellom dei kalkulerte verknadene er neddemming av 240 000 da av Kina si beste landbruksjord, at 1,2 millionar menneske misser heimane sine og 104 byar forsvinn under vassoverflata. Ein av (dei mange) faktorane ein ikkje har teke med i kalkyla er at nedbrytninga av biologisk materiale under vatn i stor grad er ein anaerob prosess, der metan er eit av hovudprodukta. I atmosfæren er som kjent metan ein svært effektiv drivhusgass,. Med desse enorme dimensjonane, vert bidraget til drivhuseffekten betydeleg.
Det vert tydelegare og tydelegare at den eigentlege storleiken på det økologiske fotavtrykket vårt vil kome til syne når tilgangen på fossilt brennstoff vert mindre. Forbruket vårt av solenergi oppsamla gjennom mange millionar år har no ein kort periode tillete oss å gå med ”økologiske stylter” som set eit kunstig lite avtrykk (men marktrykket er nok tilsvarande høgare).

Tomtønna sa...

Eg fekk med meg litt av dokumentaren "En kilde klar og ren" på NRK2 i kveld. Dette var det første programmet i ein serie på fire om alternative energikjelder. I kveld handla det om bioenergi, og det eg fekk med meg stilte ingen kritiske spørsmål ved biodrivstoff(som sagt, såg ikkje heile..)
Kjem det i reprise?

Omtale av programmet her

Merkeleg tittel forresten: "Når vannkraften forsvinner"??? Då er det vel ute med mangt anna også..

Mriswith sa...

Hei. Eg klarte å sjå litt lenger på dokumentaren. Litt ute i programmet klarer dei å ytra at første generasjon biodrivstoff ikkje er skalerbart. Dei seier noko om konflikten mellom mat og drivstoff, men ingenting om landbruket sin overbelastning av jordbruksland. Uansett så kjem dei med påstanden at alle desse problema kjem til å bli løyst så fort ein går over til andre og tredje generasjon biodrivstoff.
Fokuset ser i det heile tatt ut til å vere på forbrukaren og korleis denne skal forhalde seg på bensinstasjonen når det ikkje berre er bensin og diesel å velge mellom.
Biodrivstoff blir utelukkande framstilt positivt: Det er billegare (avgiftsfritak) og det er meir miljøvenleg. Dermed er det berre å halde fram med å kjøre bil og vere glad.

I eit intervju, stiller programmet til og med Stoltenberg til veggs: -Kva ønskjer regjeringa å gjere for å fremme bruken av biodrivstoff?
Eg er redd det var punktet då eg skrudde av og svarte for Stoltenberg: "Ingenting, biodrivstoff er idiotisk".

Programmet er forresten tilgjengeleg på nett-tv: her

NB: I byrjinga har dei nokre bilde av produksjon av knott som var interessante å sjå.

Legg inn en kommentar