28. jan. 2007

Måndag er dagen


Mange av (dei få) lesarane til denne bloggen er ofte innom for å sjå om her er noko nytt å hente. Dei blir ikkje så reint sjeldan vonbrotne. For å gjere bloggen litt meir kundevenleg, kjem desse to meldingane:



  • Vi har difor bestemt at nye postar som oftast blir publisert på måndag. Ikkje at dette er skrive i stein, det kan godt kome noko nytt andre dagar også. Men altså oftast på måndagar.



  • Dersom du har ein RSS-lesar på maskina di, er dette adressa til RSS-straumen.

Det skal også vere ein RSS-straum frå kommentarane, men kvar i cyberspace den svevar, har det ikkje lukkast meg å finne ut... Kanskje er der ein "datafyndel" der ute som kan leie meg på rett veg?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. Eg benyttar meg av rss via bloglines, som gir meg ein tilfredsstillande internettopplevelse for nyheter og blogs.

Eg fekk straum for kommentarar til å fungere ved hjelp av denne sida
Dvs. http://energikrise.blogspot.com/feeds/comments/default/

Tomtønna sa...

Takk skal du ha!

Nokre har spurt meg om kva ein RSS-straum er.

Etter det eg har forstått, kort fortalt:

Mange nettstader levere ein "RSS-straum" som fortel om nye ting på nettstadane deira. Om dei leverer noko slikt ser du oftast ved at dei har eit RSS-symbol på sidene sine. For å lese desse "straumane" må du ha ein RSS-lesar installert på maskina di. Du kan laste ned ein slik frå nettet, mange av dei er gratis. Sjølv brukar eg Feedreader, har finst i nynorskversjon ;-)
Klipp og lim adressene til desse straumane inn i RSS-lesaren din, og du er oppe og går.

Fordelen med dette er at du med liten tidsbruk kan halde deg oppdatert om kva som skjer på nettet. Den frigjorde tida kan du så kaste bort på meir nettsurfing...

Anonym sa...

Hm. Den feed-adressa som eg oppgav lenger oppe ser ikkje ut som ho fungerer heilt tilfredsstillande. Viss du har lyst til å sjå inn på problemet, Tomtønna, trur eg du her kan få hjelp til å leggje inn ei lenke til rss-straumen på bloggen. Men eg må innrømma at eg ikkje er så kjend med blogspot-systemet.....

Legg inn en kommentar