29. jan. 2007

Reservar

Dei som les denne bloggen har fått med seg at peak oil handlar om oljestraumen("flow"), ikkje om kor mykje som er tilgjengeleg i form av reservar. Det har vore sagt at store reservar i form av tungolje og oljesand er som å vinne 10 millionar i lotto, berre med den klausulen at premien vert utbetalt med 10 kroner dagen...



Likevel blir ein ofte møtt med argumentet at reservane er store, og aukande. Fenomenet "reservevekst" kan skuldast tre forhold:


  1. Feilaktig rapportering i utgangspunktet. Særleg i tidlegare tider vart reservane rapporterte svært konservativt på grunn av reglar gjevne av det amerikanske kredittilsynet (SEC). For oljeselskapa var dette ein grei praksis, då dei etter å ha gjort eit stort funn kunne spreie den glade bodskapen over fleire år. Dette bidrog til å stabilisere aksjekursen og roe ned dei finansielle marknadene. Denne rapporteringa utifrå finansielle framfor geologiske forhold var altså lovpålagt og ikkje noko å klandre oljeselskapa for. Likevel er det greitt å vite om det..

  2. Auke i oljemengda i feltet. (Oil Initially In Place-OIIP) Dette kan skje gjennom oppdaging av større reservoar i tilknyting til feltet eller "satelittar" som let seg utvinne på grunn av at naudsynt infrastruktur er på plass.

  3. Auka utvinningsgrad. Dette skuldast teknologisk utvikling som gjer at ein kan utvinne ein større del av oljen som finst i feltet.

Reservar og reservevekst er storleikar som det er stor usemje om. Somme seier at dette er like mykje ei kunstform som vitskap. Kanskje er det nettopp difor at ein ofte ser at argument kring reservar vert nytta når "peak oil teorien" skal nedsablast.


CERA er eit firma som ofte er på banen for å avkrefte "peak oil-myten". Seinast no gjennom ein rapport ført i pennen av Peter Jackson: 'Why the "Peak Oil" Theory Falls Down - Myths, Legends, and the Future of Oil Resources. "


Diagrammet nedanfor viser kvar usemja mellom CERA og ASPO ligg:

Chris Skrebowski, redaktør i "Petroleum Review", har skrive eit ope brev til Peter Jackson. I dette brevet stiller han nokre spørsmål kring rapporten. Dette brevet finn du i omsett form på energikrise.no her.

Rapporten har elles blitt diskutert m.a. på The Oil Drum.

28. jan. 2007

Måndag er dagen


Mange av (dei få) lesarane til denne bloggen er ofte innom for å sjå om her er noko nytt å hente. Dei blir ikkje så reint sjeldan vonbrotne. For å gjere bloggen litt meir kundevenleg, kjem desse to meldingane:



  • Vi har difor bestemt at nye postar som oftast blir publisert på måndag. Ikkje at dette er skrive i stein, det kan godt kome noko nytt andre dagar også. Men altså oftast på måndagar.



  • Dersom du har ein RSS-lesar på maskina di, er dette adressa til RSS-straumen.

Det skal også vere ein RSS-straum frå kommentarane, men kvar i cyberspace den svevar, har det ikkje lukkast meg å finne ut... Kanskje er der ein "datafyndel" der ute som kan leie meg på rett veg?