16. juni 2006

Olje og mat

Frå 70-talet til og med 90-talet har ymse bondelagskoryfear reist kring i landet og forkynt at no snur det! Altså at matvareprisane på verdsmarknaden vil gå opp. Det har som vi veit ikkje skjedd. Difor har også bøndene sine målsmenn slutta å tru på det. Og det same har bøndene. No er det meir snakk om å tilpasse seg dei "internasjonale rammevilkåra". Alle seinare landbruksministrar har sett det som si hovudoppgåve å få landbruket til å "ta realitetane innover seg". Det har dei i stor grad gjort, noko som tyder ei styrt avvikling av småskalalandbruket.

Kjelde : USDA (Det amerikanske landbruksdepartementet)


Men no kan det hende at noko skjer. Grafen over syner kornproduksjon(kveite+"coarse grain") og lager( i prosent av årleg forbruk) frå 1978 til i dag. Produksjonen er tredobla sidan 1950, men veksten har ikkje halde fram i same tempo sidan 1996 og produksjon pr. capita har gått ned. Dette kombinert med auka konsum, har som ein ser ført til ein markant nedgang i lagera. Sist det var så låge lager, tidleg på 70-talet, dobla kveite- og risprisane seg på kort tid. Rislagera er også på eit særs lågt nivå no.

Under "normale" omstende skulle marknaden ordne opp i dette mistilhøvet etter kvart som prisane tek til å stige. Men dei høge energikostnadane forbunde med kornproduksjon, gjer at vi truleg ikkje vil sjå dei låge prisane frå tidlegare tider. Dette er også eit tema i det siste nyheitsbrevet frå ASPO. Høge olje- og kornprisar er eit "dobbelt problem" som denne artikkelen i Times of India kommenterer.

I tillegg kjem no ein ny faktor som nyleg vart omhandla i denne bloggen: Konkurranse om dyrka mark frå biobrensle.

Diverse "grøne" organisasjonar har rekna på det, og funne ut at det er meir energisparande å importere mat frå område med betre klima, enn å lage vår eigen. Isolert sett er dette rett, norsk landbruk er ein versting når det gjeld energibruk. Poenget er at vi vil trenge alt dyrkbart areal til matproduksjon i framtida.

Nedlegging av store delar av norsk landbruk har vore, og er dagsordenen sjølv om festtalane seier noko anna. Tala talar for seg. Framskriving av tendensen syner at vi om 15 år har fleire lækjarar enn bønder i landet.

Dette er ein "høgrisikoprofil" i forhold til forsyningstryggleiken. Å nytte ein liten del av oljeformuen til å halde landbruket i beredskap er lurt. Og det er eg heldivis ikkje åleine om å meine.

Eg er overtydd om at landbruket vil få sin renessanse. Men før den tid ser det ut til at det meste skal øydast.

Kanskje vil "gammaldagse land med manglande evne til omstilling" som t.d. Frankrike vil stå seg best på nedsida av Hubbert-kurven?