22. des. 2006

Eit jule- og nyttårsbrev

Åtvaring: Dette er ein post som bryt fullstendig med dei faktabaserte postane til "Energimann". Dette er synsing i fri dressur, og dersom du ikkje har interesse av slikt, tek du juleferie før du les vidare..Konklusjonen på dette innlegget er at ein geologisk betinga topp i oljeutvinninga kan bli maskert av andre (økonomiske og geopolitiske) hendingar.

Energimann har synt oss at toppen (førebels?) er passert. På ”The Oil Drum” blir det som vanleg debattert, og vi som har følgt med ei tid kjenner posisjonane til deltakarane. Nokre er på linje med Energimann, medan nokre (dei fleste?) held seg kring 2010 i sine spådommar.
Som vanleg er det også usemje om kva ein skal rekne med, olje er som kjent ikkje berre olje:

-råolje + kondensat?
-råolje + kondensat + NGL?
-alle væsker?

Som vi lærte i forrige innlegg i bloggen, er det no berre ”annan energi i væskeform” som veks. Dette er m.a. etanol og biodiesel, og som kjent er det eit stort innslag av fossil brensle i desse. Dette medfører at energien blir bokført to gongar, og at ”annan energi i væskeform” tilfører verda mindre energi enn tala skulle tilseie.

La oss då gå utifrå at toppen er passert. Det har skjedd utan mykje fanfare, med eit unnatak for den meiningsberande bloggen ”Kveldssong for Hydrokarbonar”. Litt ”demand destruction” blant dei minst kjøpesterke i verda, og det humpar vidare som før.

Oljeutvinninga har gått ned, -og oppatt-, tidlegare blir det sagt. Dette er sjølvsagt rett, men dette har vore som følgje av resesjonar i økonomien. Den mest markante nedgangen skjedde kring 1980, då utvinninga minka kring 10%. Det gjekk 10 år før forbruket passerte toppåret 1979, og då var det klart for ei ny nedgangstid som heldt forbruket flatt nokre år.

Norge går no på økonomisk høggir. Det sedvanlege problemet med å skaffe nye arbeidsplassar, synest å vere avløyst av problemet med å skaffe ny arbeidskraft. Somme hevdar at vi har begge problema samstundes, utan at eg heilt skjønar korleis det kan gå til.. Prognosemakarane legg til grunn den situasjonen vi har akkurat no, og finn ut at det skal bli vanskeleg å skaffe seg snikkar i Romania dei neste ti åra. Arbeidskrafta vil trengast her på berget. På mitt lokale Byggsenter kunne dei fortelje at det no er ventetid på levering av trelast, sement og isolasjon.

At ikkje noko tre veks inn i himmelen, treng vi å bli minte på i slike tider. Om historia er nokon rettleiar, er det ikkje eit spørsmål om tilbakeslaget kjem, men når. Norske hushaldningar si gjeldseksponering er no historisk høg, ho overgår den kjende ”jappetida” på slutten av 80-åra. Sysselsetjinga i sektorar vi kan slutte å etterspørje om fem minutt aukar. Skulle ”rentevåpenet” bli brukt ligg det vel an til noko slakkare tider i dei fleste sektorar:





Korleis er så dei internasjonale utsiktene i økonomien? Mange meiner det er ein grunnleggande ubalanse her, der USA som vanleg spelar ei hovudrolle. Men denne gongen sit ikkje USA med ”the upper hand”, dei har no berre sin militære kapasitet som biletkort på handa. Ja sjølv denne blir det reist spørsmål ved, tidlegare utanriksminister i USA, Colin Powell, seier at dei amerikanske styrkane er i ferd med å bryte ryggen i Irak.

Underskota i handels- og budsjettbalansen i USA er galopperande:




Kor lenge vil Kina og andre asiatiske land halde fram med å betale for amerikanerane sitt forbruk? Bustadbobla i USA er i ferd med å sprekke:



Kinesarane kan rykkje teppet under føtene på amerikanarane kva dag som helst, dersom dei ser det i si interesse. Finansspekulasjonen når stadig nye høgder, marknadsverdien av hedge-fonda i USA har no passert 480 billionar dollar, 12 gongar verdien av verdøkonomien!


”Når USA nys, får resten av verda forkjøling” er eit uttrykk som har vore mykje nytta for å vise kor viktig amerikansk økonomi er for den globale. Dette er ei dårleg oversetjing av ”When the US sneezes, the rest of the world catches pneumonia”. ”Pneumonia” er etter det eg veit lungebetennelse, noko meir alvorleg enn virusinfeksjonar i øvre luftvegar. Kva diagnose kan verda vente seg dersom nyset i USA kjem som fylgje av meir eller mindre galopperande tæring?

No lyt eg prøve å samle trådane., og kome attende til (hovud)temaet for denne bloggen. Altså: Poenget med denne ”stream of consciousness” er at det er mange faktorar i den økonomiske og geopolitiske utviklinga som kan maskere det geologiske faktum ”peak oil”, og som kan gjere det til meir av eit akademisk studium for framtidige historikarar.

Diverre blir politiske avgjerder ofte ikkje tekne på grunnlag av rasjonell argumentasjon og faktakunnskap. Mange vituge menneske har nok måtte erkjenne at deira faktakunnskap har blitt parkert til fordel for makt- og realpolitikk. Det er vel liten grunn til å tru at dette vil endre seg med det første…

Under det noverande økonomiske regime er resesjon den einaste måten å spare energi på. Eit middels alvorleg ”økonomisk tilbakeslag” vil kunne utsetje konsekvensane av ein passert ”peak oil” kanskje så mykje som ti år.

Politisk og militær uro i dei fem sentrale oljeproduserande landa i Midt-Austen vil kunne skape ein reell situasjon der forhold ”above ground” får meir å seie for energitilførsla i verda enn dei geologiske forholda. Media vil nok helst fokusere på "det vi kan gjere noko med", -altså forholda "above ground".

Eg har til no ikkje tenkt å konvertere (frå ingenting) til Islam, og trur ikkje det blir meir aktuelt ettersom ”the blame game” verkeleg kjem i sving..

Her på bloggen er det stilt spørsmål om ”miljøomsyn” no blir brukt for å maskere det faktum(?) at vi har passert toppen av oljeproduksjonen. Klimatrugsmålet er reelt nok, men eit slikt konkret trugsmål synes ikkje å vere nok til at vi skal endre åtferda vår på noko meir enn kosmetisk vis. Mennesket overutnyttar sine ressursar på same vis som andre species, men trur at dei no er komne dit at dei sjølv kontrollerer naturen. ”Lavutslippsutvalget” seier at vi er ”off the hook” dersom vi nyttar ein prosent av bruttonasjonalproduktet på ymse avbøtande tiltak.

Trur dei det sjølv?

Eg trur ikkje at det ligg nokon konspirasjon for å løyne "peak oil". Snarare ei velvillig gryande erkjenning av at "noko" må gjerast, men at ein på grunn av økonomiske forhold er så makteslaus at det heile avgrensar seg til "miljøpolitiske" botsøvingar som knapt har symbolverdi.

Ein stor del av auken i norsk elektrisitetsforbruk vil dei neste åra gå til elektrifisering av sokkelen. Då kan vi i staden sende gass og olje direkte til utlandet for CO2-utslepp der. ”Miljøvinsten” vil bli utbygging av av nye 420 kv straumnett gjennom Hardanger og Vestlandet, import av kjerne- og kolkraft og oppretting av mobile gasskraftverk som kan gå på ”miljøvenleg” biodiesel.

Etter det eg kan sjå er den såkalla miljøkampen så røyklagt med alle slag tvilsame og vikarierande argument, at det er vanskeleg å sjå fast land framfor seg.

Eg har lenge meint at "peak oil" er det neste store. Men som du forstår er eg stadig mindre overtydd om at fenomenet vil få den plassen det fortener i offentleg ordskifte. Dette trass i overtydande faktadokumentasjon frå vår kjære energimann. Likevel har eg ei bøn om at han held fram med å vere eit lys i vintermørket!

God jul!