26. aug. 2007

Ingen gratis lunsj

Ein gong på 70-talet fekk vi lova om tomgangskøyring. Det var ikkje lov å la bilen gå på tomgang meir enn i tre minutt, om eg hugsar rett. Dette for å spare miljøet.

Mange hugsar Stutum sin reaksjon: ”Vi har jo så mye frisk luft i dette landet, oppi dalene og oppå fjellet. Den bare ligger der, blir jo ikke brukt til noen ting!”

Stutum var ikkje åleine om å mislike lova. Folk respekterte henne ikkje, og ho vart avskaffa etter kort tid. Dette kan illustrere vårt syn på naturen: Miljø utan ”nytte” for oss menneske, har liten verdi. Nokre reservat for å ta vare på restar av villmark og artsmangfald, greitt nok. Men hovudtrenden er at vår art erobrar stadig meir av kloden. Vi blir trass alt 80 millionar fleire kvart år. I dette skil vi oss ikkje frå andre artar, alle fyller sin økologiske nisje.

I naturlege økosystem eksisterer ikkje avfall. Alt blir resirkulert. Det har altså (ikkje berre positive) konsekvensar å bruke avfall til energiformål. Avfall er ikkje gratis energi.

Den siste tida har dei globale matvareprisane stige, til dels kraftig. Bakgrunnen for dette er avlingssvikt etter tørke og flaum. Den auka satsinga på biodrivstoff spelar også inn. I følgje ekspertane kan vi risikere desse høge prisane eit par år framover. Då vil prissignala syte for meir mat på bordet. Det er vel truleg at dette vil skje som så mange gongar før. Men det blir vanskelegare for kvar gong. Ikkje berre er vi fleire. ”Den grøne revolusjonen” er konkurs: Vi treng stadig større mengder innsatsfaktorar for å få like mykje att. Ikkje minst gjeld dette energi.

Fotosyntesen er verdiskaparen på jorda. Men denne har eit "tak". Industrielt landbruk er for ein stor del miljøskadeleg, og når dette ikkje lenger kan halde fram er jorda i ei skralare forfatning enn då vi starta...

På engelsk har dei uttrykket ”mining the earth”. Altså at vi driv ”gruvedrift” på jordsmonnet og fjernar viktige delar av det. Jordøydelegging er ei stor sak som berre vil bli større.

To gode artiklar i The Times tek opp problema kring moderne landbruk: "Goodbye beautiful Britain" teiknar eit heller dystert bilete av landskapsutviklinga medan "To eat.....or to drive?"
-ja du forstår....

På denne bakgrunnen er den aukande bruken av biodrivstoff ikkje bra. Nedanfor er ein omsett artikkel av Tadeusz W. Patzek der han kommenterer biodrivstoff og ikkje-berekraftig landbruk. Han nyttar ordet ”agrodrivstoff”, som etter mi meining er langt meir presist enn biodrivstoff.

Som ein (miljømedviten) amerikansk bonde sa: ”We’ll burn the last 10 inches of our topsoil in our tanks”.




Tadeusz W. Patzek

Industrielle agrodrivstoff har inga framtid; har maten det?


EU har sett seg meiningslaust høge mål for bruk av agrodrivoff i transportsektoren. Innan 2020 skal EU stette 10% av etterspunaden etter drivstoff til transportsektoren ved hjelp av agrodrivstoff, og dei satsar på å skaffe fram det meste av dette som etanol frå cellulose.

Det vil ikkje gå. Forkjemparar hevdar at etanol frå cellulose har positivt energiutbyte, det vil seie at mengda energi som trengs for å produsere og konvertere biomassen er mindre enn mengda energi som den produserte etanolen erstattar. Denne påstanden har vorte nøye snikra saman for å framføre ideen om at (a) etanol frå cellulose kan erstatte fossile brensler og (b)vi burde vere nøgde med denne nye teknologien sidan etanol frå cellulose har positivt energiutbyte og vi vil spare meir di meir vi køyrer.

Dette er sjølvsagt ikkje tillfelle. Det positive energiutbytet har som føresetnad at fossile brensler åleine er den avgrensande faktoren i produksjonen av agrodrivstoff, og at alle andre faktorar er utan grenser og difor irrelevante. Spesielt er det teke for gitt at:

1. Jorda forsyner oss med ei uendeleg og momentan forsyning av rein luft, fruktbar jord og reint vatn rikt på næringsemne.
2. Naturen kan reinse alt vatnet og lufta vi forureinsar og regenerere all jorda vi eroderer eller øydelegg på anna vis.
3. Moder jord kan gje mat 7 til 12 milliardar menneske, 1 milliard kyr og alle andre konsumentar av plante- og dyremateriale i det uendelege.
4. Ho kan også gje brensle til 1 milliard bilar (620 millionar produsert sidan 1961)

Desse føresetnadene kunne vistskapsmenn allereie i byrjinga av det 19. århundret vise ikkje å halde stikk. Framlegg som baserer seg på slike føresetnader må difor avvisast. Interessant nok lever mange økonomar i det 21.århundret på ei uendeleg jord, og synest tru at ressursane er uendelege.

Dersom dette framlegget ikkje kan forsvarast, kva kan då erstatte det? Eit forvarleg opplegg kan til dømes sjå slik ut:

1. Alle store økosystem på jorda må vere tilnærma ”steady state”, karakterisert ved null netto økosystem-produktivitet (NØP, -forklart nedanfor)
2. Når menneska ikkje er ein naturleg del av eit økosystem (det vil seie at dei lever, døyr og blir resirkulert i det), vil storskala hausting av biomasse til slutt føre til eit samanbrot i økosystemet.
3. Avbøtande tiltak (søppeloppsamling, erosjonskontroll, tilførsle av næringsstoff) blir naudsynt for å bremse forringinga av økosystemet, men kan aldri stoppe den.
4. Desse tiltaka krev massiv bruk av fossile brensler og er ikkje berekraftig.

Frå ein energisynsstad har økosystem desse kjenneteikna:

1. Mengda karbondioksid som blir omgjort til biomasse ved hjelp av fotosyntesen vert kalla brutto primærproduksjon (BPP)
2. Mengda energi dyr og planter brukar for å leve vert kalla anding.
3. Mengda energi i biomasse som blir oppbygt i løpet av eitt år blir kalla netto primærproduksjon (NPP). NPP er lik BPP minus andinga til plantene.
4. Mengda energi produsert i løpet av eitt år i eit økosystem av dyr, planter og mikroorganismer blir kalla nettoproduktivitet i økosystemet (NPØ). NPØ er lik NPP minus andinga frå dyr.

Det syner seg at plantene brukar omtrent halvparten av det dei bind opp og dyr et opp 95 prosent av det resterande. Derfor vil nettoproduktiviteten i etablerte økosystem svinge rundt null. Når ein i landbruket hentar ut biomasse kvart år, må ein såleis sette inn store mengder fossil energi. Det gjer vi gjennom kunstgjødsel laga ved hjelp av Haber-Bosch prosessen.

Kvifor er nettoproduktiviteten i eit økosystem null? Kvifor er der ikkje noko avfall eller overskot i eit økosystem som ikkje mottek subsidier utanfrå?

Grunnen til denne naturlova finn vi i fysikken. På grunn av gravitasjonen kan ikkje masse forlate jorda, berre noko varme kan gjere dette. Difor må alle økosystem resirkulere masse så effektivt som råd og berre sleppe ut overskotsvarme. Dersom ikkje dette skjedde, ville kjemiske avfallsstoff bygge seg opp og øydelegge økosystema. . Menneska har forstyrra dei fleste naturlege krinslaup og erstatta dei med irreversible og vedvarande lineære utømingsprosessar med minkande utbyte. Til dømes vil 85% av det ei ku et på eit beite bli resirkulert. Flytt kyrne bort til eit separat område med intensiv foring, og du vil ha eit problem med gjødsling på beitet og eit motsvarande problem med giftig gjødsel som samlar seg opp på foringsplassen. Agrodrivstoff er produkt av denne utruleg raske og skadelege uttøminga av miljøet, og pr. definisjon ikkje berekraftig.

Kor mykje av den globale nettoproduktiviteten brukar vi så? I følgje NASA blir det i store delar av Asia (India, Kina, Indonesia m.v.), det meste av Europa, det austlege USA og kyststroka i Sør-Afrika brukt 100 til 200% av den lokale NPP. I store byar er talet 40 000%, og i gjennomsnitt brukar menneska 60% av NPP.

Europearane ser endeleg ut til å ha erkjent dette som eit faktum. Såleis har OECD og nokre europeiske land foreslått å stoppe auken i produksjon av agrodrivstoff. Dei revurderer også korleis dei kan minke CO2-utsleppa og skilje mellom subsidar til jordbruk og produksjon av agrodrivstoff. T.d. har Tyskland introdusert den mest avanserte og vitskapsbaserte politikken når det gjeld agrodrivstoff og kan kome til å stoppe bruken av desse. I kontrast til dette sit USA fast i nybyggjar-mentaliteten tufta på stadig nye endelause landområde.

Før eller seinare vil EU og USA vakne opp til den dystre røyndommen bak agrodrivstoff-villfaringa. Lat oss vone det ikkje tek for lang tid.

Originalartikkelen finn du i EnergyTribune





Menneska sin bruk av netto primærproduksjon. (Human Aquisition
of Terrestial Net Primary Production) Teke frå denne vitskaplege
publikasjonen. USA har litt å "gå på", medan Asia og Europa neppe
bør satse på agrodrivstoff!

2 kommentarer:

Mriswith sa...

Hei. Utanom temaet, men vil tipse om ein artikkel i Dag og Tid som problematiserer OD sine prognosar:

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1116

p.g.sætre sa...

Finansstrategen Donald Coxe publiserte nyleg ein artikkel I Wall Street Journal. Der skriv han m.a:

."They (Kinesarane og indarane) gave us cheap toys, T-shirts, socks and technology. But they will raise the prices of our food and keep them high because they want to eat the way we do. Costs will rise across the economy, and 20 years of disinflation are coming to an end, worldwide. The new story is food."

Den avsluttande setninga er det vanskeleg å vere usamd med mannen i, sjølv om årsakssamanhengen er noko meir samansett enn det som kjem fram i artikkelen.(Noko som kjem tydeleg fram i inlegget til Tomtønna)

Legg inn en kommentar