18. feb. 2006

Per Ulv og Bippe Stankelbein

Per Ulv er på kvilelaus jakt etter Bippe Stankelbein. Ei jakt som aldri blir krona med særleg hell. I staden endar det ofte med at han spring seg utfor ei eller anna klippe.

Det som sidan hender er det interessante:

Så lenge han held blikket retta framover er det "business as usual" og han held seg i lufta. Når han derimot ser ned, er det gjort. Realitetane tek over for illusjonen, og han vert nådelaust innhenta av gravitasjonen...

Eg har ei kjensle av at det same gjeld den situasjonen som vi no er oppe i. Politikarane si rolle er å skape framtidstru, same kva imperativ realitetane (både geologiske og andre) måtte varte opp med.

Så for all del: "Len dem ikke ut" og sjå ikkje ned.

Då går det bra, -ei stund til.

13. feb. 2006

Diskontinuitet


Frå Store Norske Leksikon:

diskontinuerlig
diskontinuerlig (av dis- og kontinuerlig), med brudd på sammenhengen, med sprangvis utvikling.

diskontinuerlig funksjon (mat.), se kontinuerlig.
diskontinuitet, manglende sammenheng; punkt der en funksjon er diskontinuerlig.

I debatten om "peak oil" er det eit hovudpoeng at dette er den største diskontinuiteten i moderne historie. Vi kjem over i ein ny epoke der det ikkje lenger er "business as usual" som gjeld. Her må det tenkjast i nye baner. Likefullt driv vi all vår planleggjing tufta på dette eine premisset:

Meir av det same. Helst mykje meir.
Slik at ein står der endå meir hjelpelaus når ein blir stilt til veggs av realitetane i naturen.

Menneska si evne til å sjå og planlegge for diskontinuitetar ser ut til å vere noko avgrensa. Å bruke ressursane våre til motorvegar og flyplassar slik som stoda no er, framstår for meg som reindyrka stupiditet. Men dersom ein skulle vere så frimodig at ein luftar slike synspunkt offentleg, blir ein som oftast møtt med overberande hovudristing. Mindre fly og meir jernbane inngår ikkje i den moderniteten som vi jo alle vil vere ein del av...


Og apropos fornuftig energibruk:
New York har hatt eit voldsomt snøfall. I moderne storbyar er det eit problem å bli kvitt snøen. Amerikanarane brukar difor den "geniale" metoden å smelte snøen ved hjelp av fossil brensle. Dei har snøsmeltingmaskiner som kan smelte meir enn 130 tonn snø i timen.

Dette verkar ikkje særleg framtidsretta på meg.

Men som så mykje anna vi driv med gjeld det vel at: "It seemed like a good idea at the time"



10. feb. 2006

"Gå til sides..."


...er eit lokalt uttrykk ein nyttar når noko ber av. Og det gjer det verkeleg når industrimannen og investoren Jens Ulltveit-Moe ytrar seg i "Aftenposten" i dag.

Høyr berre:

"OLJEPRISEN er nå langt høyere enn hva økonomiske lover skulle tilsi..."

Ikkje bra. "Økonomiske lovbrot" må sjølvsagt takast på største alvor.

"Kinesisk vekst. Deretter kom den uventede kinesiske veksten som et etterpørselssjokk, og prisen tok av. Økonomisk teori sier da at prisen vil stige til det nivået hvor enten ny kapasitet blir bygget ut eller andre energikilder med en konkurrerende kostnad - midt på 30-tallet - slik som kull, blir satt inn. Etterspørselen synker deretter fordi prisen har økt. Dermed skulle prisen stige raskt, for deretter å synke til 35 dollar fatet. Mangel på olje vil ikke holde prisen varig høy, fordi det er nok olje i verden. Selv om den norske oljeproduksjonen toppet seg i 2001, og siden har falt med 15 prosent, er reservene i Midtøsten og den sydlige delen av det tidligere Sovjetunionen nok for mange tiår. Når vi legger til tjæresand, gass og kull, har kloden nok energi så langt øyet kan se."

Ser ein det. Ulltveit-Moe veit tydelegvis meir enn det marknaden gjer. Kanskje kan denne kunnskapen no "set things straight", slik at prisen fell til sitt lovmessige nivå..


"Lokal- og geopolitikk setter fasit. Oljeselskapene er stinne av penger, men får ikke tilgang til oljen i bakken.En høy oljepris gir de eksporterende landene frihet til ikke å produsere, og til å følge andre politiske mål. Vi kan derfor paradoksalt nok få redusert produksjon som følge av en prisøkning."

Ja, hadde det ikkje vore for politisk forkludring! Men som det vert sagt: Livet er fullt av paradoks.

"Saudi-Arabia kan øke sine oljeinntekter ved å redusere sin produksjon, og som marginalprodusent kan landet sette gulvet for oljeprisen. Det er også et samfunn hvor politisk stabilitet er avhengig av at kongefamilien kan holde resten av samfunnet fornøyd, økonomisk og religiøst. Det økonomiske betyr at velferdsordninger må minst være på dagens nivå, og det krever en oljepris på omkring 30 dollar fatet. Det religiøse krever en strengt fundamentalistisk form av islam. Folketallet øker meget raskt, og det betyr at det snart er et gulv på oljeprisen på omkring 35 dollar."

Hmm, golv på 35 dollar... Er du sikker på at "muslimsk fundamentalisme" ikkje krev 37 dollar?


Figuren til høgre er frå IEA, og syner deira "tru" på tilbod og etterspurnad i tida som kjem.

"Fasiten er 60 til 100 dollar pr. fat olje, og årsaken er politisk."

Akk og ve.. I alle fall godt at nokon sit med fasiten.

"Pessimismen synes ubegrunnet. Selv om økonomisk teori tilsier et fall til midt på 30-tallet etter noen år, når nye oljefelter er bygget ut, vil politikken holde prisen oppe. Derfor kjøper store japanske energiselskaper i dag olje for levering i 2011 til 64 dollar fatet. Så selv om det er nok av olje i bakken i verden, vil geopolitisk uro sørge for at produksjonen blir begrenset.
Fred vil ikke bryte ut med det første, hverken i Midtøsten eller i det tidligere Sovjetunionen, og fornybare energikilder koster til sammenligning alle over 50 dollar. Oljeprisen vil derfor trolig holde seg over 60 dollar, og det er mer sannsynlig at vi ser en pris på 100 dollar, enn en på 45.
Gled deg, Norge, den geopolitiske uroen vil sikre vår velferd i lang tid."


Slik sett er vel striden om "teikningane" gode greier for landet. Kongens Fortenestemedalje til redaktøren i "Magazinet"!

Men spørsmålet er vel ikkje om Ulltveit-Moe si økonomiske fundamentalisme har ført til ein "blindflekk" som er nokså stor.

Men så er han jo presteson, og treng vel noko å tru på. Og her gjer eg Ivar Aasen sine ord til mine: Her held det ikkje med vit. "Ei tru lyt stydja uppunder".

2. feb. 2006

Facts & Fiction


Å tolke det som blir sagt frå "leiande hald" er noko som vert stadig meir utfordrande.

For det første er det vanskeleg nok å trengje gjennom ulike lag av "nytale". For det andre kan det vere like viktig å merke seg det som ikkje blir sagt som det som blir sagt.

George W. Bush hadde nyleg si tale om "The State of the Union". Der proklamerte han at USA matte redusere sin oljeimport frå midt-austen med 75% innan 2025. Dette er ikkje akkurat noko djervt politisk utspel. Naturen vil ordne dette, heilt av seg sjølv. Kan hende vil også Bush sine mål bli "overoppfylte" utan "grep" frå politisk hald.. Jan Herdal på oljekrisa.no har elles ei god oppsummering av talen. Bush snakka ikkje om naturgass, som kanskje er USA sitt mest akutte problem, og han nemde ikkje ordet sparing. Å gjere det er jo politisk sjølvmord for ein kvar folkevald politikar. Men Bush meinte visstnok ikkje det han sa , så det måtte brannsløkkjing til.

Her heime har dei raudgrøne ei vanskeleg oppgåve når dei skal uttrykkje regjeringa sitt samla syn på oljeutvinninga framover. Det Gode Menneske frå Ålesund (-og Drammen) , Helen Bjørnøy, skal jo ta vare på livsvilkåra for komande generasjonar. Slik amatørisme fell sjølvsagt ikkje i god jord hos dei som ikkje leikar butikk. Alle "veit" at det som kan bli utvunne, vil bli det. Så får ein pakke det inn i ord som "bærekraftig vekst" og liknande sjølvmotseiingar.

Verdas største oljeselskap hadde elles eit rimeleg godt år i 2005. Det største, Exxon, vil også gjerne bore i arktiske strøk....

Og når det gjeld dette med butikk. Som vi veit finst 2/3 av petroleumsresevane i land som ikkje likar at deira religiøse frontfigurar vert biletleg karikerte. Dette gjeld også deira ambassadørar her til lands. Når vi om 15-20 år melder oss på mellom verdas oljeimportørar står vi overfor tøffe val:

1) Armanidress, cafeliv og ingen meiningar

eller

2) Vadmjøl på ein trestubbe og meiningar så det held.....

Dette har Øystein Noreng forstått.

The times are a'changing.

Men likevel, som Jim Kunstler seier det:

"We'll keep behaving the way we do until we can't, and then we won't."