7. nov. 2006

Miljø, Bærekraft og Landcruising


”Bærekraftig utvikling” er eit uttrykk som går att i politiske miljø. Dette er også noko som alle er for, noko som vel skulle indikere at uttrykket er tømt for reelt innhald. Alle styrer med sitt slik dei gjorde før, no berre med prefikset ”bærekraftig”. Statoil og Hydro har stor suksess med å tøme olje- og gassbrønnane, men kan forsikre oss om at det dei driv med er bærekraftig. No er det ikkje tøming dei driv med heller, Eivind Reiten omtalar oljebransjen slik: ”Betydningen har blitt mange, mange ganger større enn hva man så på 80-tallet. Vi fant mer olje og gass, og utviklet ressursene raskere enn noen kunne drømt om….” (Til ”Upstream” 12.10.06). At utvikling her er det same som avvikling, blir ikkje omtalt. Alle leiarane i ”Big Oil” vel sine ord med stor omhu, og har vorte retteleg gode i eufemismer og omskrivingar.

Og så var det miljøet. Regjeringa gjer ein jobb for å skifte ut bilparken til ein som er ”miljøvenleg”. Dersom ein bil slepp ut mindre enn ca. 200g CO2/km har han visstnok rett til å få merkelappen ”miljøvenleg”. Dette verkar noko merkeleg på meg, er ikkje alle bilar meir eller mindre miljøuvenlege? Dersom mann og kone med høgt miljømedvit køyrer kvar sin ”miljøvenlege” bil, er dei kanskje miljøverstingar i forhold til naboen som held på sin eine gamle frå 1990?

Bio-drivstoff som etanol og biodiesel har fått merkelappar som ”miljøvenleg”, ”bærekraftig” og ”CO2-nøytral.” (Dei blir snart ikkje omtala utan at eit av desse adjektiva heng på, nesten som merkevarebyggaren Kjell Magne Bondevik som aldri brukte ordet ”gasskraftverk”, men derimot konsekvent ”sterkt forurensende gasskraftverk”).

Det er imidlertid problem knytt til bio-drivstoff også.

For det første er det mengda som kan produserast. Biologen Jeffrey Dukes ”har rekna på det” , og funne ut at det årlege energiforbruket frå fossile brensler tilsvarar naturen sin totale netto primærproduksjon i 400 år! Då seier det seg sjølv at bio-drivstoff ikkje kan bli noko ”løysing”, men i høgda eit lite bidrag.

Så gjeld det netto-energien frå etanol. Denne kan i dei gunstigaste tilfella (sukkerrør i Brasil) kome opp til ein stad mellom 1 og 2. I dei fleste tilfelle inneber etanolproduksjon eit energitap


At etanol-industrien i USA likevel tener gode pengar kan dei takke billeg olje- og gass samt enorme subsidiar for. Signaturen elgisolnedgang hadde i ein kommentar til ein post her i denne bloggen opplysningar om at subsidiane er så store at kostnadene ved å bygge eit brenneri var tilbakebetalte gjennom subsidiar i løpet av tre år!

Dei olje- og gassmengdene som går med til jordarbeiding, gjødsling, hausting og transport av råvarene har eg aldri sett nemnt i nokon CO2-rekneskap. Heller ikkje naturgassen som blir brukt i sprit-produksjonen. Å kalle det CO2-nøytralt trur eg i alle fall må vere ei tilsniking

Så er det dei etiske sidene. Vi er vel alle opplærde til å ete opp maten vår. Med dei prisane som har vore, har ein kunne brenne korn til oppvarming og kome betre ut av det enn ved bruk av pellets. Mange har likevel ei sperre ved det ”umoralske” i å brenne mat. Dersom ein derimot går den tapsbringande vegen om etanol og fyller det på tanken, er samanhengen blitt såpass uklar at det er heilt greitt. Ja, det har til og med fått heidersnemninga ”miljøvenleg”. Det blir om lag som dei som er mot slakting, men finn det akseptabelt berre kjøtet er passeleg oppstykka og pakka i plast…

Det etiske problemet er sjølvsagt at råstoff til etanol- og biodieselproduksjon fortrengjer annan jordbruksproduksjon. Det er omlag 800 millionar bilar i verda, og like mange menneske som svelt. Lester Brown har eit godt oversyn over kva denne storstilte satsinga på etanol vil føre til her.

Eit anna problem er måten råstoffa til bio-drivstoffet blir dyrka på. Her er det monokulturar som fører til øydelegging av jordsmonn, fjerning av regnskog med meir. Før kunne ein putte ein tiger på tanken, og no skal orangutangen same vegen...

Kornlagera er no på det lågaste sidan starten på 70-talet. Vår heimlege aksjestrateg Ivar Strompdal uttrykkjer i ein gjestekommentar i Dagens Næringsliv (berre på prent) uro for sterkt aukande kornprisar i tida som kjem: "Med kombinasjonen av en strukket tilbudsside og lave lagreligger forholdene til rette for en eksplosiv stigning i prisene hvis noe uforutsett skjer."

Biofuels? Biofools!

Elles har "juleskipet" sigla. Eit fascinerande symbol på vår tid.