6. apr. 2006

"Optimisme", -eller oppskrifta på kollaps...


Kor mykje olje kan utvinnast frå jordskorpa? Som vi veit er det ulike bod på dette. "Pessimistane" seier 2,1 billion fat medan "optimistane" legg ein billion til dette talet.

Naturlegvis vil då tidspunktet for "peak oil" vere ulikt for dei to grupperingane. ASPO har i sitt siste nyheitsbrev spådd årstalet for denne hendinga til 2010, medan USGS (USA si geologiske undersøking) og andre "optimistar" meiner vi ikkje treng uroe oss med det første. Nokon topp er ikkje i sikte før 2035.

Finn vi meir olje, skal ein altså ha grunn til å glede seg. I alle fall om ein ser bort frå drivhuseffekten.

Men skal nye oljefunn vere til velsigning er det ein viktig føresetnad: Dei åra ein vinn må ein bruke til å bu seg på det som kjem på baksida av kurven.

Slik som vi no steller oss blir vi (alle 6,5 miliardane) sette i ein meir utsett posisjon for kvart år som går:
  • Vi blir fleire
  • Vi flyttar til byen
  • Den globale produksjonen av varer og tenester doblar seg fram til 2035
  • Forsyningslinjene for (basis)varer blir lenger
  • Livsstilen blir meir energiintensiv, -m.a. meir omfattande reising
  • Grunnvasspegelen fell
  • Jordsmonnet vert utarma

Berre for å nemne noko.

Vi blir altså meir "addicted to oil" for kvar dag som går. Dersom du ikkje trur meg: "Follow the money": Kor mykje blir brukt på "alternativ energi" i høve til det som blir investert i infrastruktur og varer som er tufta på fossile brensler?

"Optimistane" sitt scenario løyser slett ikkje noko problem. I staden skaper det endå meir uoverkomelege vanskar med å erstatte energigapet som oppstår etter ein seinare og høgare topp.

Dersom "optimistane" har rett vil vi i 2035 ha køyrt oss godt fast oppe i den einvegskøyrde hydrokarbonvegen. Med galopperande fall i oljeutvinninga vil handlingsromet vere lite.

Dei siste billion fata har blitt brukt til å feste lykkja kring halsen...

"Optimist, jeg vet det går bra til sist....."
Jahn Teigen