31. des. 2005

Godt Nytt År!


Ved årsskiftet er det ikkje uvanleg å sjå litt stort på livet og tilveret. Ei tid for ettertanke og refleksjon..Eit så pretensiøst prosjekt ser eg meg ikkje syn med, snarare nokre strøtankar ved nyårsleitet...

Korleis ser vi så på framtida? Vi er meir optimistiske enn nokon gong vert det sagt. Og det vert også sagt at vi er meir pessinistiske enn på lenge. Det vert sagt at vi på grunn av oljefondet er steinrike. Men så er vi også i ferd med å låne oss til fant.. Kva skal ein stakar tru?

Hushaldingane si gjeld er altså større enn petroleumsfondet, og auka med 244 miliardar på eitt år.

244 miliardar er inga lita "stimulering" av økonomien. Ikkje då så merkeleg at det "går så det griner" her til lands.

Er det nokon som hugsar ordet "motkonjunkturpolitikk"? Altså at staten skulle gjere opp sine budsjett med underskot for å stimulere den økonomiske aktiviteten i tider med (trugande) lågkonjunktur. Dette er no meir som eit fy-ord å rekne. No får vi sjølv som privatpersonar lov til å spele denne rolla. Keynisianismen har vorte privatisert. Og i denne "valfridomen" får vi også lov til å ta del i det som kan kome etter festen. Det som ikkje er festleg. Om det er denne etterraksten vi skal få føling med i 2006 står att å sjå. I så fall vil energiprisane falle, og den smule interesse for "peak oil" som har vore, vil fordampe.

Når vi ikkje klarer (sjølv på eit abstrakt plan) å planleggje framover i gode tider, så klarer vi det heller ikkje når det vert smalhans og vi har nok med å hangle gjennom frå dag til dag.

Mitt nyttårsønskje for 2006 er at fleire ser dette intervjuet med professor Albert Bartlett, der han tek opp den innbygde motsetnaden i ordlyden "berekraftig vekst". Kanskje også denne forelesninga som han har halde om eksponentiell vekst.

Spesielt bør miljørørsla og norske "miljøpolitikarar" studere dette i detalj. Eg hoppa i stolen då eg høyrde Heidi Sørensen(med fortid frå Naturvernforbundet) på radioen i går uttale at det var "heilt greitt" med alle dei ni omsøkte gasskraftverka her til lands, dersom berre karbondioksiden vart handtert på sømeleg vis.

Så får vi berre sjå då, korleis det nye året sparkar av seg. Spådomar skal eg i alle fall ikkje kome med, sjølv om det er ein artig sport...

Dersom du prøver deg som spåmann, er du som kjent garantert ein plass i "The Hall of Fools".

Godt Nytt År!

20. des. 2005

"Roger? Roger that"

Investeringsbanken Goldman-Sachs har for første gong brukt p-ordet. Altså "peak-oil". Før har dei snakka om "superspikes" der oljeprisen kunne kome opp i 105 dollar fatet. No seier analytikaren Arjun Murti at dette kan kan vere konservative overslag dersom det er noko i dette at oljealderen er på hell...

Og sanneleg min hatt er ikkje vår eigen Odd Roger Enoksen sitert i den same
artikkelen:

Oil-producing nations are seeking to extend the life of their reserves. Norway, which ranks behind Saudi Arabia and Russia in oil exports, forecasts its production will peak in 2008. Oil and Energy Minister Odd Roger Enoksen in a Dec. 8 interview said he thinks it will come later. ``We had thought we would very quickly see a strong drop in oil production, but now we expect to keep it at a plateau for longer,'' he said.

Bevare meg vel for ei flause. Har ikkje ministeren fått med seg det som oljedirektør Berge gjorde "offentleg" i 2004: Noreg passerte toppen i 2001?? Kva slags øyrekviskrarar er det han har i departementet? Er dei ute etter å skandalisere mannen?

Denne flausa har sjølvsagt blitt lagt merke til. På The Oil Drum får han pepar. Dei kallar han Odd Roger Enoksen.

Men no har byråkratane fått oppdatert mannen får vi håpe. Leksa di til i morgon: Skriv i boka 20 gongar:
Noreg har "peaka"

"Roger that, Odd Roger?"

19. des. 2005

"Never underestimate the self-pity of the ruling classes"

Oversett: "Aldri undervurder sjølvmedlidenheita til dei herskande klassene". Dette er eit sitat henta frå siste artikkelen til George Monbiot , "The corporate begging-bowl". Her skriv han om korleis britisk industri har jamra seg over stemoderleg handsaming sidan Labour kom i regjering i 1997:

"...det hjelp ikkje at skattane våre er mellom dei lågaste og reguleringane dei minst omfattande i den utvikla verda. Det hjelp ikkje at dei rike er rikare enn dei nokon gong har vore. CBI (Confederation of British Industry) er trollet med tusen magar, det vil aldri bli mett..."

Han viser vidare til avsløringane i avisa "The Guardian" om kven som har fått størst del i landbrukssubsidiane frå EU. Det er ikkje bøndene, men derimot dei som vidareforedlar maten. Sukkerfirmaet Tate&Lyle har m.a. fått 227 millionar pund i (nesten 2,8 miliardar kroner) i subsidiar i 2003 og 2004.

Her heime har vi også vår del av lettare indignerte industrileiarar som nokså jamnt står fram og klagar over "rammevilkårene" og "manglende forutsigbarhet". Sikkert av og til med rette, og like sikkert andre tider ikkje.

Ein som den siste tida har markert seg med klagesong, er generaldirektør i Hydro, Eivind Reiten. Han var ikkje nøgd med merksemda som utbygginga av Ormen Lange fekk. I motsetning til enkelte fotballsparkarar måtte dei kjøpe seg merksemd for titals millionar.

No er produksjonen av aluminium på veg ut av Europa. Energien har vorte for dyr (med unntak av Island). Kor mange miliardar Hydro har fått i kraftsubsidiar framigjennom veit eg ikkje, men det er ikkje snakk om småsummar. No skal det altså bli slutt på dette. Dette likar sjølvsagt ikke dei som mottek subsidiane, men dei torer ikkje seie det rett ut. Det held med passiv aggressiv "forutrettethet".

Sist var Reiten ute med "kritikk av kortsynte politikere" :

"Kortsiktig tenkning preger hele det norske samfunnet, inkludert politikerne, mener Eivind Reiten."

Men tydelegvis ikkje heile samfunnet:

" Vi bør utfordre politikerne til å være enda mer opptatt av de lange linjene. Samtidig bør vi si til oss selv som industriledere at vi bør bli flinkere til å forklare hvorfor langsiktighet er så viktig."

Læremeister Reiten har jo som kjent ei fortid som politikar på høgt nivå. Eg veit ikkje kva langtidsplanleggjing han dreiv då. Men ein kjenning av meg siterer han slik i ein uttale om olje- og gassutvinninga:

"Jeg ville ikke kunne forsvare et så høyt utvinningstempo dersom jeg ikke var hellig overbevist om at vi vil finne nye og bedre energikilder i framtida".

(Atterhald: Eg har ikkje funne dette på trykk sjølv. Om nokon veit om det er å finne, ville eg vere takksam om de gav meg eit vink!)

Dette kallar eg langtidsplanlegging. Eller kanskje å gjere opp rekning utan vert.

Når marknaden fungerer etter storkarane sin hug er bodskapen "inga innblanding". Når det skurrar er politikarane greie å ha. Måten sjølve marknaden fungerer på er vel det største hinderet for Reiten sine 15 og 20-årsplanar.

Samstundes vil jo politikarane også gjerne tru at dei er avgjerande for den økonomiske utviklinga.

Men i forhold til oljefatet vert dei som marionettar å rekne.

10. des. 2005

Kva er problemet?



Kva er Kina sine største problem? (..eller utfordringar som det heiter i dag..) Svaret kjem sjølvsagt an på kven du spør. I ein kronikk i Aftenposten seier Arne Jon Isachsen at "..skal Kinas overgang fra planøkonomi til effektiv markedsøkonomi lykkes, må det private forbruk opp.." Han uroar seg over at dette ikkje skjer.

"Be careful what you wish for" seier eg. Kva skjer når ei uimotståeleg kraft møter fast fjell? I dette tilfellet Kina sitt ønskje om vekst og dei akk så avgrensa oljeressursane. Du kan lese om dette på The Oil Drum. Det siste året har det vore bensinrasjonering i landet. Sjølvsagt eit sterkt inngrep i privat etterspurnad og handlefridom. Får kineserarane kjøpekraft og opne kranar, vil den kinesiske bilbomba verkeleg gjere veg i vellinga!

I deler av USA har det vore kaldare enn normalt siste tida. Det har ført prisen på naturgass til rekordnivå, kring 15 $/million BTU (BTU=British Thermal Units, 1 BTU=varmen som trengs for å varme opp 1 pund vatn ei grad fahrenheit, så langt frå SI-einingar du kan kome! På "norsk" 1055 joule/0,25 kcal/0,0003 kwh).

Gassrekninga som no kjem, kan vere det som stikk hol på bustad-bobla, og kan starte ein større økonomisk nedtur. Gassen i USA er så dyr at industri som brukar mykje av han, er i ferd med å gå dukken. Spesielt gjeld dette amerikansk kunstgjødselindustri, som det no er lite att av. Som kjent er USA "på potta" når det gjeld handelsbalanse, privat og offentleg gjeld. Eitt av produkta dei eksporterer i stor stil til Kina er soyamjøl. Dette vert brukt i foret til kinesiske husdyr, med auka velstand følgjer auka kjøtkonsum. Dyrare kunstgjødsel (laga av naturgass) er såleis dårleg nytt både for amerikanaren og kinesaren.

I gjennomsnitt er 40% av proteinet i kroppane til verdas folk oppbygd ved hjelp av kunstgjødsel. Høge gassprisar vil såleis måtte slå inn i matvareprisane kring heile verda.

Men sjølvsagt, for Ola Nordmann er jo dette som søt musikk. No når oljen sviktar er gassen framtida.
Eit steg på vegen mot fornybar og berekraftig energiforsyning, eller ei håplaus retning lenger inn i den einvegskøyrte og avsmalnande hydrokarbonvegen? Helst det siste.

28. nov. 2005

Peak Oil Passert(?)


Geologen Kenneth Deffeyes har utpeika den 24.november 2005 til "peak oil-day". Dette er amerikanarane sin "thanksgiving", og det var vel såleis med eit visst glimt i auget at han valde denne dagen. Det kan sjå ut til at vi no er på det "humpete platået". Produksjonen har ikkje vore større enn han var i juli 2004 (ok, var såvidt litt større i mai i år..) Samstundes har oljeprisen gått ned i haust, og dermed ser det ut til at også interessa for framtidig forsyning har tapt seg. Fredag (altså på "thanksgiving") kunne du i Oslo få bensin til 7,99 for literen. Altså nokså nær Framstegspartiet sin idealpris. Så kvifor uroe seg?

Men ei norsk avis held blikket festa på forsyningssituasjonen i oljemarknaden, nemleg "Dagens Næringsliv". I papirutgåva er der stadig kommentarstoff som meir eller mindre klårt seier at vi er nær toppen av utvinningskurva. Matt Simmons si bok "Twilight in the Desert" (om oljeressursane i Saudi-Arabia) vart gjeva brei omtale. Nettutgåva er ikkje så djerv, men den er verd å fylgje med i.

Det største nye den siste tida er fallet i produksjon ("depletion rate") frå felt i produksjon. Det kan no tyde på at dette fallet er så høgt som 8%. I så fall vil ein misse produkjon tilsvarande nær 30 millionar fat/dag fram til 2010 frå desse felta. Når ein veit at det er få store felt som kjem i produksjon dei neste fem åra, er dette absolutt ein urovekkjande situasjon. Noreg på si side, held fram sitt bratte fall på 10%. Kor lenge går det før prøveboringa i Lofoten tek til?

9. okt. 2005

"Flukta frå landsbygda"


...er eit fenomen som har pågått i mange hundre år. Men fart i sakene vart det først etter den industrielle revolusjonen. I Noreg har ikkje flyttinga til byane vore så markert som i mange andre industrisamfunn. Nokre meiner at romantiseringa av bygdene er eit særnorsk fenomen som no endeleg ser ut til å ta sin ende. Ikkje ein gong breibandet vil bli redninga for grisgrendte strok! Granskaren ser heller for seg ei norsk utgåve av "suburban sprawl" som eit mogeleg framtidig busetjingsmønster.

Biletet i dag er frå ein kinesisk by som heiter Shenzhen. I mi fåkunne hadde eg ikkje høyrt om plassen før eg las ein artikkel i "Aftenposten" for nokre dagar sidan. Denne artikkelen fortel om den største folkevandringa i historia som går føre seg nett no i Kina. Sidan 1980 har 300 millionar flytta frå den kinesiske landsbygda inn til byane. I løpet av dei neste 15 åra skal endå 300 millionar same vegen. I 1976 var Shenzhen ein småby på storleik med Ålesund. Medan Ålesund har fått Color Line Stadion og nokre skarve tusen nye inngyggjarar sidan dess, har Shenzhen fått bygningar som vi ser på biletet og 8960000 nye "bysbarn". Sanneleg noko å strekkje seg etter, ordførar Tonning! Artikkelen i "Aftenposten" les du her.

Ei slik enorm urbanisering er imidlertid ikkje mogeleg utan sterkt aukande energibruk. Ein vert strukturelt avhengig av energisubsidiar(..for å seie det på "klokemåten"), desse kjem for det meste frå fossile kjelder. Dersom tilgangen på slike kjelder skulle minke, ser det stygt ut.

Svært stygt.

20. sep. 2005

Æva


I dag eit bilete av Kong Midas. Han fekk som kjent problem med meltinga, då han hadde fått oppfylt sitt ønskje om at alt han tok i skulle bli til gull.

Oljedirektør Gunnar Berge var i går ute og roa oss tvilarane: Petroleumsfondet kan vare evig! Men under ein føresetnad: At klåfingra politikarar klarer å halde fingrane frå fatet. Den gamle arbeidarpartimannen har eitt mål: Mest mogeleg pengar i banken. Dersom kontoen er velfylt, er framtida sikra. Ikkje mindre enn for æva.

Olje kan skape pengar. Pengar kan ikkje skape olje. Olje kan også hjelpe til med å skape andre ting vi likar, som til dømes mat. Kva er pengar verde dersom ein ikkje har noko av dei realressursane som ein gong laga pengane?

Pengar og gull kan brukast til så mangt. Men det er dyrt og dårleg fôr.

Andre er elles meir pessimistiske når det gjeld lagnaden til oljefondet...

12. sep. 2005

Hubbert på norsk



De hugsar vel Marion King Hubbert? Ikkje det,nei. Det var han karen som laga ein modell for korleis ein oljebrønn (og eit felt,eit land og dermed verda...) blir tømt.Du kan lese litt grunnleggande om han her. No har sivilingeniør Rune Likvern brukt Hubbert sin metode på den norske kontinentalsokkelen. Her kan du sjå korleis Hubbert si kurve samstemmer med historiske produksjonsdata, og ikkje minst: Kva den framtidige produksjonen vil bli. I den euforiske tilstanden som no herskar i "verdas rikaste land", kan det av og til vere greitt med litt edruelege fakta. Og edru burde ein også bli av data som kjem frå sokkelen. Det blir no reist spørsmål om Oljedirektoratet sine prognoser for 2005 er for høge.

Oljeindustrien sin folk må no også ta dette innover seg, som til dømes Statoil sin Terje Overvik .

Innanfor akademiske miljø skjer det tydelegvis no også ei oppvakning. Som leiaren ved institutt for energiteknikk Kjell Bendiksen og professor i fysikk ved universitet i Bergen Egil Lillestøl (pdf-fil, gå til side 22). Andre, som Alex C. Hoffmann er meir optimistiske, og har god tru på kva hjernevinningane til gode granskarar kan bringe fram. Er det grenser for vekst?

Helge Ryggvik er ein retteleg dommedagsprofet dersom han vert attgjeven korrekt i denne linken. Men du som les dette kan no din Hubbert og reagerer på at det er "tomt" om 81/2 år. Som vi veit er det ikkje slik det skjer. Og at Saudi Arabia og Venezuela kan drive "business as usual" i 70 år......

Eit anna teikn i tida er at den marginale nettstaden energikrise.no, ved eit Google-søk på "energikrise" i juni kom opp som nummer tre. No er vi degradert til nummer 27. Ni av dei som ligg føre oss på lista ser imidlertid lys i tunnellen, då dei omtaler den danske "brintpillen". "What science can do these days...." Så sant som det er sagt: Det finst (snart) ein pille for alt. Men eg satsar heller på ein retteleg dram i kveld. Skal ein fylgje valet er det best å ikkje vere heilt edrueleg.

24. aug. 2005

I bøtter, spann & fat!


Vel overstått sommarferie til dei ytterst ekslusive som les denne bloggen... Og ferie blir det meir av: Ikkje før har vi fått lagt oss i selen att, så kjem gladmeldinga om rekordvekst i oljefondet. 1183,9 blenkjande miliardar er vi no gode for. "The future's so bright I've got wear shades". Vi kan berre sitje og "godte oss" medan oljeprisen aukar. I den pågåande valkampen er etter det eg kan sjå grunnleggande energispørsmål fråverande. Gasskraft, bensin- og dieselprisar javel, men ingen set noko spørsmålsteikn ved kvifor oljeprisen stig. Difor figuren ovanfor. Tala er henta frå EIA (Energy Information Administration,USA), og skulle vel fortelje litt om stoda. (Figuren er rappa frå CNN)

Så medan norske politikarar verkar lite opptekne av kva konsekvensar ein oljepris på >100$ fatet vil få for verdsøkonomien og det før omtala oljefondet, så blir det rikeleg høve til å love avgiftslette for å halde bensinprisen på eit "akseptabelt nivå". Noko meir langsiktig perspektiv er i alle fall ikkje ventande før 12.september.

Og elles: Ikkje uventa

17. juli 2005

Globaliseringa

I dagens "Aftenposten" har finanasministeren ein kronikk som tek for seg globaliseringa si velsigning:

"Velferdsutviklingen i Norge hadde ikke vært mulig uten at
vi erkjente at vi er en del av verden. Vi er en handelsnasjon, tett
integrert i det internasjonale varemarkedet, og svært avhengig av
rammebetingelser og utviklingstrekk i de internasjonale markedene. Økt
handel med andre land gir oss muligheten til å videreføre et godt
velferdssamfunn i Norge. Denne utviklingen, som vi ofte kaller
globaliseringen, har ikke skjedd bare på grunn av den
teknologiske utviklingen. Den er også et resultat av politisk vilje. En positiv
utvikling kan bremse opp eller snus. Derfor er det så viktig at politikere som
vil motarbeide globaliseringens positive virkninger, ikke får mer
innflytelse."

Globalisering er ikkje berre avhengig av politisk vilje og teknologi, men også av relativ geopolitisk stabilitet og tilgang på rikeleg billeg energi. Dette skriv Jim Kunstler om i sin siste blogg. Eg tillet meg å sitere:

"The public discussion over the global economy is symptomatic
of America's new pandemic of brainlessness, the mainstream media especially.
The head cheerleader, of course, has been Tom Friedman of the New York
Times, author of The World Is Flat. Friedman and the rest of the
cheerleading squad believe that that the global economy is a permanent
institution. Now that it is established, we can only expect more of it. More
and better. Forever.
What all these cretins seem to miss is the cold hard fact that today's transient global economic relations are a product of very special transient circumstances, namely, relative world peace and absolutely reliable supplies of cheap energy. Subtract either of these elements from the equation and you will see globalism evaporate so quickly it will suck the air out of your lungs."


Eg må innrømme at eg knapt kunne sagt det betre sjølv :-)

Så her har du gått glipp av eit viktig poeng Per-Kristian. Så fundamentalt at heile kronikken må sjåast på som politisk megalomani..

5. juli 2005

Full tank, takk! (60$/fatet)

Vårt høge energiforbruk har vorte ein vane, og dermed også ein rett vi har. "Fordi vi har fortjent det", som det heiter i reklamen. Slik har det blitt, og slik skal det fortsette å vere. Når ein no tek turen innom bensinstasjonen, ser ein at prisen pr. liter har kome over 11 kroner, skrekk og gru!

For å sette det heile litt i perspektiv bør ein kanskje samanlikne energien i bensinen med det ein kan klare med muskelkraft. Ein liter bensin inneheld energi tilsvarande ca. 10 kilowattimar, eller 8220 kilokaloriar. Ein mann i knallhardt kroppsarbeid kan kanskje yte 5000 kcal i løpet av 8 timars arbeid (-då snakkar ein ikkje om slike puddingar som meg og deg!). Når du fyller opp 50 liter bensin har du altså energislavar på tanken som tilsvarar ein levande slave sitt knallharde arbeid i fire månader (rett nok humane forhold med 40 timarsveke..) Sjølv med 11,22 for literen som det var på min lokale stasjon i dag, jobbar dei for mindre enn 90 øre i timen. Mesteparten av bensinprisen er som kjent avgifter, så betaling til slavane på tanken er 22 øre. Slik løn får du korkje polakk eller kinesar for.

Reiser du med fly frå USA til Egypt for å sjå på Keops-pyramiden, vil flyet på si reise fram og tilbake bruke like mykje energi som vart brukt til å lage pyramiden.

Ikkje for å vere lysesløkkjar og moralist, men tida med mindre tilgjengeleg energi kjem raskt. Særleg vil dette slå ut for mobilitet, som for det meste er er tufta på olje. Likevel blir det no planlagt ei cruisehamn i kvar vik her i området, "for dette er framtida"!!

Men enn så lenge er det historisk sett den beste tida for billege flyreiser og "happy motoring"... Nyt det i fulle (på)drag, medan du kan!

21. juni 2005

"Why weren't we told?"

Kveldsnytt i kveld. Første sak: Bensinprisane over 11 kroner for første gong på tre år. Stakarane i Svolvær måtte ut med 11,34 literen. Så det vanlege spørsmålet til Ola Dunk: "Hva synes du om disse prisene?" Svar(eldre mann): "Vanvittig!". Svar(yngre mann): "Sinnsykt!". Lokal Esso-sjef: "Vi må ta hensyn til oljeprisene, men vil selvsagt senke bensinprisene om oljeprisen skulle gå ned". Oljeanalytikar, Enskilda: "Bilistene må nok regne med høye bensinpriser i tiden fremover.."

Det blir nok fleire av desse repitisjonsøvingane framover. Å få folk til å forstå at det vil bli mindre tilgjengeleg energi for folket i åra som kjem, blir ei formidabel utdanningsoppgåve. Kven vil ta den på seg?? Oddvar Stenstrøm? Kristin Clemet?Per Olaf Lundteigen? Ute i verda skjer det så ymse. CERA (amerikansk konsulentfirma) prøver å roe oss ned. Matt Simmons seier at "rimeleg pris" på olje er nærare 500 enn 50 dollar fatet. Såleis burde analytikarar som meiner at "fair price" no burde vere 30 $ bli "admitted to a mental institution"...

Så over til Kveldsnytt, sak 2: Uro i farvatna kring Taiwan. Kina, Taiwan og Japan. Fisk og "enorme oljerikdommar" står på spel. Eg veit ikkje kor mange av sjåarane som kobla sak 1 og 2. Men der finst nok ein samanheng. Då var det godt at Statoil i sak 3 kom til semje med teknikarane sine. Elles hadde vel oljeprisen raskt overstige "det magiske 60-dollarsmerket". Og dei allereie plaga bilistane ville måtte legge nokre ekstra øre til byrden....

8. juni 2005

"Deus ex Machina"

Dei gamle greske dramatikarane hadde ei løysing dersom dei hadde skrive seg inn i eit hjørne, og heile plottet gjekk i stå. Då kom gud ned frå himmelen, gjerne i ei utspekulert teknisk innretning med taljer og tau... "Deus ex machina", -"gud frå maskina", vart det kalla på latin ("apo mechanes theos" på gresk).

Når ein prøver å formidle bodskapen om ei nærkoma energikrise, vert ein ofte skulda for å vere dommedagsprofet. Slike byggjer etter det eg veit sine profetiar på metafysikk, og har som kjent hittil ikkje fått tilslag... Eg prøver etter fattig evne å underbyggje mine standpunkt med vitskaplege data, for som Colin Campbell seier: Desse ligg no rett framfor oss, synlege for dei som vil sjå. Diskusjonen vert så avslutta med at "dei finn sikkert på noko."

Kven desse "dei" er, er noko uklårt. Truleg er det teknologane. Noko meir konkret om kva denne løysinga skulle vere, blir ikkje sagt. Slik sett er det vel min vyrde motpart som bevegar seg inn i metafysikken si sfære, i trua på at teknologien kan gjere under. No har vi mele oss inn i eit hjørne. Kunne det berre kome ein "Deus ex Machina" og ordne opp...

I min førre blogg, viste eg til ein kronikk i "Aftenposten". Det kom nokså snart eit tilsvar. Professoren peikar på ei rad "løysingar" for problema vi står overfor når det gjeld oljeskort. Men der er eit problem: nettoenergi (eller EROI: Energy returned on energy invested). Du taper energi ved å lage olje frå gass eller kol. Oljeskifer har ikkje vore gjennom det "temperaturvindauget" som skal til for at organisk materiale skal bli olje.

Så vart det altså ikkje noko guddommeleg openberring denne gongen heller.

2. juni 2005

Peak Oil i pressa!

"Peak Oil" går no frå å vere den største soga som ikkje er fortalt, til å nå "mainstream media". I dag har journalist Oddvar Lind ein kronikk i Aftenposten som tek opp problemet med dei minkande oljeressursane. Som han skriv er det på høg tid at dette no kjem på dagsordenen. Om eg skulle vere kritisk (det skulle eg vel kanskje ikkje, når han er så gild at han tek opp denne saka...), så måtte det vere at ein frå artikkelen kan få inntrykk av at alternative energikjelder skal "berge oss". Han skriv: "I dag vokser produksjonen av solstrøm, solvarme, vindkraft, bioenergi og nye transportløsninger med 20- 35 prosent i året. Investeringene beløper seg til flere titalls milliarder kroner årlig. Dette er bare en forsmak på veksten fremover." Sikkert rett, vel og bra. Men denne veksten skjer frå eit magert utgangspunkt. Sol og vind utgjer mindre enn 0,3% av omsett energi i verda. Det er ingen energikjelder som kan erstatte det vi i vesten driv på olje og gass i dag. Derfor blir det desverre som han siterer amerikanarane på i innleiinga: Kiss your lifestyle goodbye.....

25. mai 2005

Viktig og uviktig..

Vekeavisa "Dag og Tid" hadde i si siste utgåve ein artikkel om prioriteringar i media. Som kjent er det like viktig kva saker som blir valt bort, som det som faktisk blir skrive om ei sak. Når ei avis skriv femti sider om "Idol", vel dei sjølvsagt bort anna stoff. "Dag og Tid" skriv i artikkelen at dei store avisene har meir stoff om Steffen Iversen enn om klimaendring. Klimaendring er ei stor sak. Men eg trur mennskeætta vil få snarare og meir handfast føling med fenomenet "Peak Oil" . Kva skriv dei store avisene om dette? Etter det eg har registrert er det berre "Dagens Næringsliv" som i det heile har nemnt oljetoppen, "-the next big thing." Kvifor er det slik? Er det rein fåkunne eller blir det valt bort? D&T skriv i artikkelen at klimaendringane kanskje er eit for stort emne til at folk orkar å ta det innover seg. "Peak Oil" vil få atskillig meir dramatiske konsekvensar innanfor ein kortare tidshorisont. Nærast med eitt slag vil heile vårt verdsbilete bli snudd på hovudet: Utan nok å fyre med, korleis skal det gå med mantra som økonomisk vekst og globalisering? Dette er så stort at det skal meir enn nokre "justeringar" til for å kome ut av knipa. Så stort at det kanskje er lettast å fortrengje det.

Kanskje er 2005 det året då det vart pumpa mest olje. Og det skjer truleg utan at Steffen Iversen eller dei fleste andre får det med seg...

19. mai 2005

Fiksjon og Fakta

Den 17.mai 2005 hadde NRK ei gladmelding på tekst-fjernsyn. Saudi-Arabia annonserte at dei kunne doble produksjonen av olje til 26 millionar fat om dagen. Vi vender oss jo mot Mekka når det er snakk om å få meir olje.. Saudi har alttid vore å stole på.. Etter det eg har lest andre stadar var dette kanskje i overkant lystige tonar. Og kanskje er det eit mottrekk mot Matt Simmons si bok "Twilight in the Desert" som kjem ut i desse dagar. I denne boka stiller han store spørsmål om dei nokon gong vil kome til å produsere meir enn dei 9,5 millionar fata dei gjer i dag. Problemet er at ingen (bortsett frå dei sjølve) veit kor store reservar dei eigentleg har. Dei har det siste året lova å auke produksjonen, men lite og inkje har materialisert seg..Så får vi sjå til hausten når kulda set inn, om det er meir hald i lovnadene deira denne gongen..