12. sep. 2005

Hubbert på norsk



De hugsar vel Marion King Hubbert? Ikkje det,nei. Det var han karen som laga ein modell for korleis ein oljebrønn (og eit felt,eit land og dermed verda...) blir tømt.Du kan lese litt grunnleggande om han her. No har sivilingeniør Rune Likvern brukt Hubbert sin metode på den norske kontinentalsokkelen. Her kan du sjå korleis Hubbert si kurve samstemmer med historiske produksjonsdata, og ikkje minst: Kva den framtidige produksjonen vil bli. I den euforiske tilstanden som no herskar i "verdas rikaste land", kan det av og til vere greitt med litt edruelege fakta. Og edru burde ein også bli av data som kjem frå sokkelen. Det blir no reist spørsmål om Oljedirektoratet sine prognoser for 2005 er for høge.

Oljeindustrien sin folk må no også ta dette innover seg, som til dømes Statoil sin Terje Overvik .

Innanfor akademiske miljø skjer det tydelegvis no også ei oppvakning. Som leiaren ved institutt for energiteknikk Kjell Bendiksen og professor i fysikk ved universitet i Bergen Egil Lillestøl (pdf-fil, gå til side 22). Andre, som Alex C. Hoffmann er meir optimistiske, og har god tru på kva hjernevinningane til gode granskarar kan bringe fram. Er det grenser for vekst?

Helge Ryggvik er ein retteleg dommedagsprofet dersom han vert attgjeven korrekt i denne linken. Men du som les dette kan no din Hubbert og reagerer på at det er "tomt" om 81/2 år. Som vi veit er det ikkje slik det skjer. Og at Saudi Arabia og Venezuela kan drive "business as usual" i 70 år......

Eit anna teikn i tida er at den marginale nettstaden energikrise.no, ved eit Google-søk på "energikrise" i juni kom opp som nummer tre. No er vi degradert til nummer 27. Ni av dei som ligg føre oss på lista ser imidlertid lys i tunnellen, då dei omtaler den danske "brintpillen". "What science can do these days...." Så sant som det er sagt: Det finst (snart) ein pille for alt. Men eg satsar heller på ein retteleg dram i kveld. Skal ein fylgje valet er det best å ikkje vere heilt edrueleg.

3 kommentarer:

pegese3 sa...

Har du nokon kommentar til det som vert presentert på denne nettstaden ?http://www.ntnu.no/gemini/2001-03/16_21.html

Anonym sa...

Det vil sikkert bli utvunnet olje og gass om hundre år, og olje og gass kommer også til å være viktige om hundre år. Imidlertid er det bred konsensus om at utvinningsnivået vil være en brøkdel av dagens nivå.

Forslaget om at Norge skulle kunne bli en betydelig hydrogenprodusent basert på naturgass, er helt fjernt;
1) Mesteparten av naturgassen er allerede solgt gjennom langsiktige kontrakter til kjøpere på kontinentet og UK.
2)Hvorfor skulle hydrogen produseres i store mengder i Norge når potensielle forbrukere er på kontinentet?

Det hadde vært kjekt om flere forskere kunne foreta en "reality check" før de publiserte fremtidsscenariene sine.

Energimann

Tomtønna sa...

Hydrogen er eit stort tema, men her kjem nokre kommentarar til artikkelen frå NTNU.
Først påstanden om at "det beviselig er flere hundre år før vi går tomme for olje og gass". Dei bevisa skulle eg gjerne sett.

Problemet i verda er skort på energi, særleg i flytande form. Hydrogen som energiberar bøter ikkje på dette. Hydrogen er eit perfekt middel i kampen for å få ned klimautsleppa blir det sagt. Deretter blir det slått fast at vegen til hydrogensamfunnet går via gass. Gass er ein meir regional ressurs enn olje, og i mange deler av verda er det allereie mangel på gass. Å bruke gass til å framstille hydrogen (med 28% av energien tapt i prosessen) verkar såleis ikkje særleg lurt.

Framstilling av hydrogen ved elektrolyse av vatn skjer også med tap. Problemet er sjølvsagt at det meste av elektrisiteten i verda vert produsert ved hjelp av fossile brensler. Kunne ein skalere opp vind- og solkraft var dette eit alternativ. Men desse kjeldene ligg ikkje an til å produsere meir enn ein liten brøkdel av det som måtte til for å drive på hydrogen det vi i dag driv på olje og gass.

I tillegg kjem alle problema med å lagre hydrogen.Hydrogengass er svært lite energitett. Du må fryse ned eller komprimere gassen for å kunne lagre han. Ved å gjere hydrogen flytande mister ein 30-40 % av energien, ved å komprimere han 15%. Hydrogen lagra i ein tank fordampar med 3-4% pr. dag(!). Hydrogen er aggressivt korroderande, lekkasjer er vanskelege å oppdage. Tennpunktet er det lågaste av alle brennstoff, og det kan lett skje eksplosjonar som følgje av statisk elektrisitet o.l.

Men hovudankepunktet blir altså: Kvar skal ein ta energien frå?

Legg inn en kommentar