31. des. 2005

Godt Nytt År!


Ved årsskiftet er det ikkje uvanleg å sjå litt stort på livet og tilveret. Ei tid for ettertanke og refleksjon..Eit så pretensiøst prosjekt ser eg meg ikkje syn med, snarare nokre strøtankar ved nyårsleitet...

Korleis ser vi så på framtida? Vi er meir optimistiske enn nokon gong vert det sagt. Og det vert også sagt at vi er meir pessinistiske enn på lenge. Det vert sagt at vi på grunn av oljefondet er steinrike. Men så er vi også i ferd med å låne oss til fant.. Kva skal ein stakar tru?

Hushaldingane si gjeld er altså større enn petroleumsfondet, og auka med 244 miliardar på eitt år.

244 miliardar er inga lita "stimulering" av økonomien. Ikkje då så merkeleg at det "går så det griner" her til lands.

Er det nokon som hugsar ordet "motkonjunkturpolitikk"? Altså at staten skulle gjere opp sine budsjett med underskot for å stimulere den økonomiske aktiviteten i tider med (trugande) lågkonjunktur. Dette er no meir som eit fy-ord å rekne. No får vi sjølv som privatpersonar lov til å spele denne rolla. Keynisianismen har vorte privatisert. Og i denne "valfridomen" får vi også lov til å ta del i det som kan kome etter festen. Det som ikkje er festleg. Om det er denne etterraksten vi skal få føling med i 2006 står att å sjå. I så fall vil energiprisane falle, og den smule interesse for "peak oil" som har vore, vil fordampe.

Når vi ikkje klarer (sjølv på eit abstrakt plan) å planleggje framover i gode tider, så klarer vi det heller ikkje når det vert smalhans og vi har nok med å hangle gjennom frå dag til dag.

Mitt nyttårsønskje for 2006 er at fleire ser dette intervjuet med professor Albert Bartlett, der han tek opp den innbygde motsetnaden i ordlyden "berekraftig vekst". Kanskje også denne forelesninga som han har halde om eksponentiell vekst.

Spesielt bør miljørørsla og norske "miljøpolitikarar" studere dette i detalj. Eg hoppa i stolen då eg høyrde Heidi Sørensen(med fortid frå Naturvernforbundet) på radioen i går uttale at det var "heilt greitt" med alle dei ni omsøkte gasskraftverka her til lands, dersom berre karbondioksiden vart handtert på sømeleg vis.

Så får vi berre sjå då, korleis det nye året sparkar av seg. Spådomar skal eg i alle fall ikkje kome med, sjølv om det er ein artig sport...

Dersom du prøver deg som spåmann, er du som kjent garantert ein plass i "The Hall of Fools".

Godt Nytt År!

1 kommentar:

pegese3 sa...

Høyrde han Roger på lokalen i går. Han har ingen lett jobb den karen. På den eine sida slår han fast at det er totalt uakseptabelt at vi i M&R skal betale meir for straumen enn andre. På den andre sida må han vedgå at nokon har gitt bort verktykassen hans og at han står makteslaus. Einaste løysinga er å gje utbyggingsløyve til dei som ser seg syn med å bygge ut gasskraft.
Slikt kan få ein stakkar til å tvile på om marknadskreftene åleine kan styre oss ut av det uføret vi er i ferd med¨å rote oss inn i. Det verkar som om vi er passasjerar i ein bil der Adam Smith og hans "invisible hand" sit ved rattet. Som dei fleste kjenner til kan denne bilen kun svinge til høgre. Dersom målet ligg ørlite
grann til venstre, må ein i beste fall køyre store omvegar for å kome fram. Dersom ein då ikkje vert ståande landtroll på eit nes eller noko slikt.

Legg inn en kommentar