20. des. 2005

"Roger? Roger that"

Investeringsbanken Goldman-Sachs har for første gong brukt p-ordet. Altså "peak-oil". Før har dei snakka om "superspikes" der oljeprisen kunne kome opp i 105 dollar fatet. No seier analytikaren Arjun Murti at dette kan kan vere konservative overslag dersom det er noko i dette at oljealderen er på hell...

Og sanneleg min hatt er ikkje vår eigen Odd Roger Enoksen sitert i den same
artikkelen:

Oil-producing nations are seeking to extend the life of their reserves. Norway, which ranks behind Saudi Arabia and Russia in oil exports, forecasts its production will peak in 2008. Oil and Energy Minister Odd Roger Enoksen in a Dec. 8 interview said he thinks it will come later. ``We had thought we would very quickly see a strong drop in oil production, but now we expect to keep it at a plateau for longer,'' he said.

Bevare meg vel for ei flause. Har ikkje ministeren fått med seg det som oljedirektør Berge gjorde "offentleg" i 2004: Noreg passerte toppen i 2001?? Kva slags øyrekviskrarar er det han har i departementet? Er dei ute etter å skandalisere mannen?

Denne flausa har sjølvsagt blitt lagt merke til. På The Oil Drum får han pepar. Dei kallar han Odd Roger Enoksen.

Men no har byråkratane fått oppdatert mannen får vi håpe. Leksa di til i morgon: Skriv i boka 20 gongar:
Noreg har "peaka"

"Roger that, Odd Roger?"

1 kommentar:

PG sa...

Tenkjer at Odd Roger er oppdatert no. Om ikkje det har gått tenesteveg, så skal det vel godt gjerast at ingen i krinsen rundt han har lese framsida av Dagens Næringsliv den 9. desember. Der går det fram den norske oljeproduksjonen i 2005, på uforklarleg vis, ligg an til å verte den lågaste sidan 1994.
Lenkje: www.dn.no/forsiden/article672310.ece

Legg inn en kommentar