
Det har den siste tida vore mykje omtale av agrodrivstoff i media. Det ser ut til å breie seg ei oppfatning av at agrodrivstoff ikkje var nokon god ide. I NRK-programmet ”URIX” sist veke medgav Pål Prestrud (direktør, CICERO)at agrodrivstoff hadde ein heilt marginal innverknad på klimagassutsleppa i verda. At det ikkje er noko løysing på energiproblema veit vi frå før.
Det har i det siste kome (minst) to vitskaplege rapportar om biodrivstoff og klimagassutslepp. Bak rapporten ”N2O release from agro-biofuel production negates global warming reduction by replacing fossile fuels” står m.a. Paul J Crutzen, nobelprisvinnar i kjemi. Her blir det slått fast at produksjon av biodiesel frå rapsolje i Europa berre på grunn av lystgassutlepp (N2O) vil ha 70 prosent større klimagasseffekt enn bruk av vanleg diesel. I rapporten er altså ikkje bruk av fossile brensler i framstillinga av biodrivstoffet teke med.
Den sveitsiske rapporten ”A Life Cycle Asessment of Energy Products: Enviromental Impact Asessment of Biofuels” tek som namnet seier for seg dei totale miljøverknadene av biobrennstoff. Som denne figuren syner, kjem ikkje industrielt agrodrivstoff særleg godt ut:
For forklaring på figuren og større versjon gå til linken ovanforSå er det altså ”2.generasjon biodrivstoff” som skal gjere susen. Dette er er først og fremst etanol frå trevirke (cellulose). Ted Patzek har i ”How Can We Outlive Our Way of Life” kome med ein del opplysningar om forsøka som no foregår med framstilling av etanol frå cellulose. ”Satsen” som ein framstiller frå cellulose inneheld berre 3-4 prosent etanol, medan satsen frå mais kan innehalde så mykje som 15 prosent. Du vil difor trenge ca. 2,5 gongar så mykje energi for å destillere den svakaste satsen til rein sprit. Ingen av forsøksprosjekta med framstilling kan så langt vise til resultat. Å satse på at dette skal bli ei løysing i framtida er difor i følgje Patzek rein spekulasjon.
Eit samandrag av rapporten finn du på ”The Oil Drum”.
Ein kan samanfatte slik:
Ulemper ved agro/biodrivstoff (sjølvsagt i ulik grad etter kjelde):
- Tvilsamt energiutbyte
- Minkande matvareproduksjon
- Aukande matvareprisar
- Auka drivhusgassutslepp
- Utarming av jordsmonn
- Utarming av vassressursar
- Avskoging
- Tap av artsmangfald
- Auka smogproblem i byar
Fordeler:
- "Feelgood-oppleving" for villfarne miljømedvitne bilistar
Slik er det altså. Trass i aukande vitskaplege prov held politikarar og ”miljørørsle” fast på at vi kan halde fram vårt kjærleiksforhold til forbrenningsmotoren. Etter kvart som alternativa til fossile brensler syner seg å ikkje vere gangbare, blir det stadig peika på noko nytt der framme i horisonten ein stad.. Det finst heldigvis nokre unntak.
Albert Bartlett siterte på slutten av sitt foredrag kjernen i H.L. Mencken sin filosofi:
”Det er i menneska sin natur å forkaste det som er sant, men ubehageleg. Og omfamne det som er feil, men som gjev trøyst”.
Og for den som har sett denne forelesninga står det klinkande klårt: Det finst ikkje noko løysing på energi- og miljøproblema før ein har teke eit oppgjer med vekst-paradigmet.











