2. feb. 2006

Facts & Fiction


Å tolke det som blir sagt frå "leiande hald" er noko som vert stadig meir utfordrande.

For det første er det vanskeleg nok å trengje gjennom ulike lag av "nytale". For det andre kan det vere like viktig å merke seg det som ikkje blir sagt som det som blir sagt.

George W. Bush hadde nyleg si tale om "The State of the Union". Der proklamerte han at USA matte redusere sin oljeimport frå midt-austen med 75% innan 2025. Dette er ikkje akkurat noko djervt politisk utspel. Naturen vil ordne dette, heilt av seg sjølv. Kan hende vil også Bush sine mål bli "overoppfylte" utan "grep" frå politisk hald.. Jan Herdal på oljekrisa.no har elles ei god oppsummering av talen. Bush snakka ikkje om naturgass, som kanskje er USA sitt mest akutte problem, og han nemde ikkje ordet sparing. Å gjere det er jo politisk sjølvmord for ein kvar folkevald politikar. Men Bush meinte visstnok ikkje det han sa , så det måtte brannsløkkjing til.

Her heime har dei raudgrøne ei vanskeleg oppgåve når dei skal uttrykkje regjeringa sitt samla syn på oljeutvinninga framover. Det Gode Menneske frå Ålesund (-og Drammen) , Helen Bjørnøy, skal jo ta vare på livsvilkåra for komande generasjonar. Slik amatørisme fell sjølvsagt ikkje i god jord hos dei som ikkje leikar butikk. Alle "veit" at det som kan bli utvunne, vil bli det. Så får ein pakke det inn i ord som "bærekraftig vekst" og liknande sjølvmotseiingar.

Verdas største oljeselskap hadde elles eit rimeleg godt år i 2005. Det største, Exxon, vil også gjerne bore i arktiske strøk....

Og når det gjeld dette med butikk. Som vi veit finst 2/3 av petroleumsresevane i land som ikkje likar at deira religiøse frontfigurar vert biletleg karikerte. Dette gjeld også deira ambassadørar her til lands. Når vi om 15-20 år melder oss på mellom verdas oljeimportørar står vi overfor tøffe val:

1) Armanidress, cafeliv og ingen meiningar

eller

2) Vadmjøl på ein trestubbe og meiningar så det held.....

Dette har Øystein Noreng forstått.

The times are a'changing.

Men likevel, som Jim Kunstler seier det:

"We'll keep behaving the way we do until we can't, and then we won't."

1 kommentar:

pegese3 sa...

Ja, no ser ein kor lite ein veit. Den 30. januar verka synspunkta til Øystein Noreng heilt plausible, medan vi i dag ser at det ikkje skal meir til enn litt kreativ misbruk av ytringsfridomen før korkje norske styresmakter eller bedriftsstyre rår over kvar vi er "inne" eller "ute". Eg er redd det skal litt meir til enn kurset i framande kulturar og "sosialantropologi light" som næringslivet arrangerer for seg sjølv her i fylket for tida for å rette opp dette.

Legg inn en kommentar