
De hugsar vel Marion King Hubbert? Ikkje det,nei. Det var han karen som laga ein modell for korleis ein oljebrønn (og eit felt,eit land og dermed verda...) blir tømt.Du kan lese litt grunnleggande om han
her. No har sivilingeniør Rune Likvern brukt
Hubbert sin metode på den norske kontinentalsokkelen. Her kan du sjå korleis Hubbert si kurve samstemmer med historiske produksjonsdata, og ikkje minst: Kva den framtidige produksjonen vil bli. I den euforiske tilstanden som no herskar i "verdas rikaste land", kan det av og til vere greitt med litt edruelege fakta. Og edru burde ein også bli av data som kjem frå sokkelen. Det blir no
reist spørsmål om Oljedirektoratet sine prognoser for 2005 er for høge.
Oljeindustrien sin folk må no også ta dette innover seg, som til dømes Statoil sin
Terje Overvik .
Innanfor akademiske miljø skjer det tydelegvis no også ei oppvakning. Som leiaren ved institutt for energiteknikk
Kjell Bendiksen og professor i fysikk ved universitet i Bergen
Egil Lillestøl (pdf-fil, gå til side 22). Andre, som
Alex C. Hoffmann er meir optimistiske, og har god tru på kva hjernevinningane til gode granskarar kan bringe fram. Er det grenser for vekst?
Helge Ryggvik er ein retteleg dommedagsprofet dersom han vert attgjeven korrekt i
denne linken. Men du som les dette kan no din Hubbert og reagerer på at det er "tomt" om 81/2 år. Som vi veit er det ikkje slik det skjer. Og at Saudi Arabia og Venezuela kan drive "business as usual" i 70 år......
Eit anna teikn i tida er at den marginale nettstaden energikrise.no, ved eit Google-søk på "energikrise" i juni kom opp som nummer tre. No er vi degradert til nummer 27. Ni av dei som ligg føre oss på lista ser imidlertid lys i tunnellen, då dei omtaler den danske
"brintpillen". "What science can do these days...." Så sant som det er sagt: Det finst (snart) ein pille for alt. Men eg satsar heller på ein retteleg
dram i kveld. Skal ein fylgje valet er det best å ikkje vere heilt edrueleg.