30. juni 2007

Klima i alle kanalar

Klimapolitikk har blitt det store i media. Knapt ei einaste nyheitsmelding utan at den inneheld eit eller anna om utsleppa av klimagassar. Politikarane hiv seg på, og kappast i fagre lovnader og ”uro over utviklinga”. Dei ser ingen samanheng med at dei dagen før har lovt ”robust” økonomisk vekst og klipt snorer både på vegar og kjøpesentra.

Kva så med ”vår” sak? Der er det stille. Rett nok har oljeprisen lagt på seg att den siste tida, men dette er jo bra for Oslo Børs så då er vel alt vel?

Figuren nedanfor er teken frå ”Google Trends”, og syner utviklinga for søkeorda ”global warming” og ”peak oil”. Som vi ser er det ein nedadgåande tendens for "vår" sak:



Dette samsvarar godt med det inntrykket eg sit att med etter å ha diskutert med ein del ”miljøvernarar” dei siste åra: ”Peak oil, -so what? Det er klimapolitikk som betyr noko!”

Vi skulle jo ha same siktemålet: Mindre og meir fornuftig brenning av fossile brennstoff, ein kontrollert og sivilisert overgang til kretsløpsressursar. Men det skjer seg på eitt punkt:

Medan miljørørsla og IPCC (FN sitt klimapanel) går utifrå ein nærast uendeleg tilgang på fossile brensler, ser vi at det høgst sannsynleg vil bli problem i nær framtid.

Dave Rutledge hadde for noko sida ein interessant artikkel om dette på ”The Oildrum”. Her nokre punkt frå denne:

IPCC har 40 ulike scenarier for utviklinga av CO2-utslepp. For å simulere kva denne vil bli, har dei sett på utviklinga i folketal, brutto nasjonalprodukt og politikk som vil bli ført. Nokon kritsk gjennomgang av kor mykje fossile brensler som faktisk finst er der ikkje. I 17 av IPCC sine scenarier blir det rekna med eit større forbruk av olje i år 2100 enn det var i 2000!

Dersom ein legg til grunn ein edrueleg gjennomgang av dei reservane som faktisk finst, kjem ein ved hjelp av dei same modellane som IPCC brukar til at utsleppa av CO2 på grunn av ”mangel” på fossile brensler vil vere lågare enn nokon
av dei 40 scenaria til IPCC:


Dette er er eit poeng som Jean Laherrere også har peika på ved fleire høve.


No er det ingen som veit kvar ”the tipping point” for CO2-innhaldet i atmosfæren er. Dvs. det punktet der positiv feedback gjennom tining av tundra, frisetting av metan frå hydrat osv. set inn. Kanskje er vi komne der allereie, og då har naturen sjølv teke kommandoen og menneskekrypa kan lite gjere. Sjølv ikkje ”miljøopposisjonen” i Stortinget under leiing av Erna Solberg og Lars Sponheim...

”Miljøorganisasjonane” fyrer opp under illusjonen om at her gjeld det berre å løyse ”klimautfordringa” (kanskje til ein kostnad på så lite som 1% av BNP), og så kan vi halde fram som før. Biodrivstoff blir framleis framstilt som miljøvenleg, og fangst og lagring av CO2 er berre eit teknologisk problem.

Her trur eg dei gjer ein stor feil. Denne fangsten er dyr, både i kroner og energi. Når økonomien startar å skrante på grunn av energimangel, vil slike prosjekt bli dei første som blir ofra. Dersom folk då ikkje har fått med seg at energiforbruket skal ned, same kva ein måtte meine, vil ”løysingane” bli dårlege. Også for miljøet.

Manglande oljetilførsel i ein globalisert økonomi vil kunne føre til alvorlege økonomiske tilbakeslag. Ein økonomisk depresjon er vel det beste "klimatiltaket" ein kan tenkje seg. Men ikkje utan biverknader.

Fokuset på CO2 har også gjeve seg ein del andre pussige utslag. ”Aftenposten” har dei siste dagane nærast drive ein kampanje for intensivert folkeflytting til urbane strok. Overskriftene ”Verden flytter til byene” , ”Distriktspolitikken er miljøfiendtlig”, ”Flyttet til mangfoldet” og ”Bygdene utpekes som klimaskurker” talar for seg. No er det ikkje berre økonomiske, men også etiske grunnar for å flytte til byen.

Eg har budd i by, og likte meg godt. Men no bur eg på bygda og blir nok her verande, sjølv om eg må slite med dårleg samvit.

Perspektivet blir ofte annleis når ein ser ting på avstand. Som når kommunikatøren Hans Geelmuyden ser utover (i ein kommentar til at ”Fædrelandsvennen” slit med å skaffe seg redaktør):

”Med fare for å virke nedlatende er jo det som dere pusler med ute i distriktene av mindre betydning”.

Vakn opp, Hans! Vi er jo norgesmeistrar i fossil-brenning, det er ikkje noko puslete over det vel?