3. juli 2007

På tampen på Tampen

Statfjord C 3.juli 2007 kl. 17.00

Her kjem ein rapport nærast i sanntid frå det som ein gong var sjølve juvelen i det norske oljeimperiet: Statfjord-feltet. Det hittil største feltet på norsk sokkel med nær 4 milliardar fat utvinnbar olje, og vert truleg berre slått av Ekofisk når det gjeld storleik. Oppdaga av Mobil i 1974 og kom i produksjon i 1979 Her er 3 installasjonar: Statfjord A, B og C. Havdjupma er 150 meter, og feltet ligg på det som fiskarane kjenner som Tampen, 140 km vest av Sognefjorden. Du kan lese meir om feltet på Statoil sine sider.



Redigert 4.juli: Mobilnettet der ute var ikkje så svært som eg trudde. Fekk ikkje lasta opp bilete, noko som gjorde deler av teksten (endå meir) meiningslaus. Bilete lagt til i dag..


Som kartet nedanfor viser er det tett med installasjonar her ute. Og spesielt når ein kjem hit om natta er det eit imponerande syn. Det blenkjer i lys på alle kantar, og i det barske klimaet her, kan det ikkje kallast anna enn ein teknologisk triumf. Spesielt virkar dei norske betongplattformene tillitvekkande solide i forhold til dei tilsynelatande meir spinkle av stål som ein møter på britisk side..


Men feltet er også ein god illustrasjon på kor kort oljeepoken i Nordsjøen vil vere. Eg har sigla forbi her nokre vender, første gongen i 1986. Då var stemninga i Gnore om lag som no: Klampen i bånn og hu hei vil du gå, jappetid med andre ord. Det året vart det utvunne meir enn 34 millionar kubikkmeter råolje frå feltet, når du la øyret ned i vasskorpa kunne du høyre kor det fossa i røyra…Den 16.januar 1987 var ”the proudest moment” i feltet sitt liv, 850 204 fat kom til overflata den dagen.

Når eg i dag legg øyra i vasskorpa er det lite å høyre, berre eit lite klukk no og då. Dette kan sjølvsagt skuldast at hørselen er sterkt svekt dei siste 21 åra. Likevel seier Oljedirektoratet sine faktasider at det no berre vert utvunne 360 000 kubikkmeter råolje i månaden, noko som etter mi hovudrekning skulle bli ca. 75 000 fat pr. dag. På Statoil sine sider står det 180 000 fat pr dag, så det er vel ikkje berre hørselen min som er svekt.





Feltet får som meg leve vidare i si ”seinfase”, etter kvart som eit reint gassfelt.

For meir pålitelege og utfyllande opplysningar om Statfjord reknar eg med at Statistikk-avdelinga v/ Rune Likvern har noko å bidra med…

Elles manglar her lite. Mobiltelefon- og breibandsdekninga kan mange andre norske grender misunne dei. Men no skal eg gjere noko (som strengt tatt ikkje er etter sjøvitreglane og) som ikkje folket oppe på plattformene kan gjere: Rive hovudet av ei kald ei. Det er er trass alt framleis hundre nautiske mil til næraste pub.

From Statfjord for Energikrise Eyewitness News
Tomtønna


energikrise.blogspot.com -The pulse of depletion-

STATISTIKKENHETENS KORTE SUPPLEMENT

Onsdag 04.07.2007

Her kommer et kort supplement til Tomtønnas reportasje i nær sanntid fra Statfjord utarbeidet av statistikkenheten i Energikrise.no, "The Pulse of Depletion".




Diagrammet ovenfor viser den historiske oljeutvinningen fra Statfjord (norsk andel av Statfjord er 85,47 %, den resterende ligger på den britiske siden av delelinjen) sammen med en prognose mot 2020 mot den primære y-aksen. På den sekundære y-aksen er akkumulert utvunnet, en prognose for akkumulert utvunnet og OD sitt estimat (rød heltrukken horisontal linje) for totale utvinnbare ved årslutt 2006 vist.

Prognosen mellom 2007 og 2020 gir en total akkumulert utvinning av 3 610 Mb, med andre ord legger prognosen gjengitt i diagrammet til grunn en høyere total utvinning enn ODs ferskeste publiserte estimat på 3 554 Mb. Basert på OD sine data er Statfjord nå nærmere 98 % nedtappet.

En lineærisering med Hubberts metode (HL) for årene 1990 til 2006 (av den norske andelen av Statfjord) gir totale utvinnbare reserver på 3 570 millioner fat.

R/P forholdet for Statfjord (olje) var vel 3 (basert på OD sine data) ved årsslutt 2006, noe som indikerer at det kan ventes et bratt fremtidig fall i oljeutvinningen fra feltet.

1 standard kubikkmeter = 6,29 fat

Det er med andre ord ikke noe stort avvik mellom OD sin prognose og prognosen med HL for totale utvinnbare oljevolumer fra Statfjord.

I årets første 4 måneder ble det utvunnet 75 000 fat/dag fra den norske delen av Statfjord i følge OD sine tall.

Statfjord vil gradvis utvikle seg til å bli et marginalfelt og driften vil fortsette så lenge denne er økonomisk, noe som i økende grad blir avhengig av en voksende oljepris. Statfjord får også inntekter fra gassalg, noe NGL utvinning og fra prosesseringstjenester fra nærliggende felt.

30. juni 2007

Klima i alle kanalar

Klimapolitikk har blitt det store i media. Knapt ei einaste nyheitsmelding utan at den inneheld eit eller anna om utsleppa av klimagassar. Politikarane hiv seg på, og kappast i fagre lovnader og ”uro over utviklinga”. Dei ser ingen samanheng med at dei dagen før har lovt ”robust” økonomisk vekst og klipt snorer både på vegar og kjøpesentra.

Kva så med ”vår” sak? Der er det stille. Rett nok har oljeprisen lagt på seg att den siste tida, men dette er jo bra for Oslo Børs så då er vel alt vel?

Figuren nedanfor er teken frå ”Google Trends”, og syner utviklinga for søkeorda ”global warming” og ”peak oil”. Som vi ser er det ein nedadgåande tendens for "vår" sak:



Dette samsvarar godt med det inntrykket eg sit att med etter å ha diskutert med ein del ”miljøvernarar” dei siste åra: ”Peak oil, -so what? Det er klimapolitikk som betyr noko!”

Vi skulle jo ha same siktemålet: Mindre og meir fornuftig brenning av fossile brennstoff, ein kontrollert og sivilisert overgang til kretsløpsressursar. Men det skjer seg på eitt punkt:

Medan miljørørsla og IPCC (FN sitt klimapanel) går utifrå ein nærast uendeleg tilgang på fossile brensler, ser vi at det høgst sannsynleg vil bli problem i nær framtid.

Dave Rutledge hadde for noko sida ein interessant artikkel om dette på ”The Oildrum”. Her nokre punkt frå denne:

IPCC har 40 ulike scenarier for utviklinga av CO2-utslepp. For å simulere kva denne vil bli, har dei sett på utviklinga i folketal, brutto nasjonalprodukt og politikk som vil bli ført. Nokon kritsk gjennomgang av kor mykje fossile brensler som faktisk finst er der ikkje. I 17 av IPCC sine scenarier blir det rekna med eit større forbruk av olje i år 2100 enn det var i 2000!

Dersom ein legg til grunn ein edrueleg gjennomgang av dei reservane som faktisk finst, kjem ein ved hjelp av dei same modellane som IPCC brukar til at utsleppa av CO2 på grunn av ”mangel” på fossile brensler vil vere lågare enn nokon
av dei 40 scenaria til IPCC:


Dette er er eit poeng som Jean Laherrere også har peika på ved fleire høve.


No er det ingen som veit kvar ”the tipping point” for CO2-innhaldet i atmosfæren er. Dvs. det punktet der positiv feedback gjennom tining av tundra, frisetting av metan frå hydrat osv. set inn. Kanskje er vi komne der allereie, og då har naturen sjølv teke kommandoen og menneskekrypa kan lite gjere. Sjølv ikkje ”miljøopposisjonen” i Stortinget under leiing av Erna Solberg og Lars Sponheim...

”Miljøorganisasjonane” fyrer opp under illusjonen om at her gjeld det berre å løyse ”klimautfordringa” (kanskje til ein kostnad på så lite som 1% av BNP), og så kan vi halde fram som før. Biodrivstoff blir framleis framstilt som miljøvenleg, og fangst og lagring av CO2 er berre eit teknologisk problem.

Her trur eg dei gjer ein stor feil. Denne fangsten er dyr, både i kroner og energi. Når økonomien startar å skrante på grunn av energimangel, vil slike prosjekt bli dei første som blir ofra. Dersom folk då ikkje har fått med seg at energiforbruket skal ned, same kva ein måtte meine, vil ”løysingane” bli dårlege. Også for miljøet.

Manglande oljetilførsel i ein globalisert økonomi vil kunne føre til alvorlege økonomiske tilbakeslag. Ein økonomisk depresjon er vel det beste "klimatiltaket" ein kan tenkje seg. Men ikkje utan biverknader.

Fokuset på CO2 har også gjeve seg ein del andre pussige utslag. ”Aftenposten” har dei siste dagane nærast drive ein kampanje for intensivert folkeflytting til urbane strok. Overskriftene ”Verden flytter til byene” , ”Distriktspolitikken er miljøfiendtlig”, ”Flyttet til mangfoldet” og ”Bygdene utpekes som klimaskurker” talar for seg. No er det ikkje berre økonomiske, men også etiske grunnar for å flytte til byen.

Eg har budd i by, og likte meg godt. Men no bur eg på bygda og blir nok her verande, sjølv om eg må slite med dårleg samvit.

Perspektivet blir ofte annleis når ein ser ting på avstand. Som når kommunikatøren Hans Geelmuyden ser utover (i ein kommentar til at ”Fædrelandsvennen” slit med å skaffe seg redaktør):

”Med fare for å virke nedlatende er jo det som dere pusler med ute i distriktene av mindre betydning”.

Vakn opp, Hans! Vi er jo norgesmeistrar i fossil-brenning, det er ikkje noko puslete over det vel?

11. mars 2007

Vel møtt!



Eg tillet meg å drive litt reklame på bloggen:





Ein viss Hr. Hauso skal altså freiste å gje ei populær framstilling av problema i energiforsyninga som det vert sagt kan råke Nordhordaland. Det vert vidare hevda at desse vanskane er såpass vidtfemnande at dei også vil kunne merkast andre stadar på kloden. Ikkje småtteri med andre ord...


For dei faste lesarane av denne bloggen vil det neppe kome overraskingar på dette møtet, men kanskje du kjenner nokon som kunne trenge ei innføring i saksområdet?


Dersom du veit om nokon som er i "målgruppa"og oppheld seg på dei kantar av landet: Sprei bodskapen!


Som kjent ligg Frekhaug berre ein kort (bil)tur frå den mest sjarmerande (og nest største) byen i landet. Det er slutt på bompengane på Nordhordalandsbrua også, så her er det inga orsaking for ikkje å møte fram.


Då følgjer du berre kartet under, og så snakkast vi!

12. feb. 2007

Biodrivstoff treng næring


”Yara flyter på biodrivstoffbølgen” heiter det i Dagens Næringsliv sist laurdag. Kvifor det meir tabloide ”surfer” ikkje vart nytta, veit eg ikkje.

Yara er som kjent verdas største produsent av kunstgjødsel, eller mineralgjødsel som dei sjølve likar å kalle det.

No er det ”miljøvenleg biodrivstoff ” som er det hottaste på energifronten. Her i Europa blir dette sett på som eit svar på klimatrugsmålet, i USA er det eit steg på vegen for å bli uavhengig av importert energi. Som Energimann tydeleg viste oss i innlegget om Europa og energi, skulle den siste målsetjinga vere minst like aktuell for Europa som USA. Men i politiske krinsar ser det ut til at den komande energikrisa framleis er eit tabu.

Det verkar elles som hydrogen ikkje lenger er så salgbart som ”løysinga på framtidas energiutfordringar”. Både media og politikarar held no fram biodrivstoff som det neste store.

Her på bloggen har eg tidlegare uttalt ein viss skepsis kring biodrivstoff som løysing på noko som helst. Men at det gjev glimrande forretningsutsikter for Yara, er sikkert og visst.

Eg stiller meg også tvilande til klimagassrekneskapen for biodrivstoff. I tillegg til alle dei fossile innsatsfaktorane i produksjonen av denne, fører produksjon og bruk av nitrogengjødsel til auke i utsleppa av dinitrogenoksid, betre kjent som lystgass. Lystgass står for ni prosent av dei norske klimagassutsleppa. Etanol og lystgass høyrest i grunnen ut som ei festleg blanding, men kanskje ikkje i lengda..

I følgje IEA vil produksjonen av etanol og biodiesel meir enn doble seg til 2010 (frå 0,7 til 1,4 mb/d). Mellom anna på grunn av den sterke auken i etterspurnad etter biodrivstoff har prisane på mais, kveite og soya auka sterkt. Dette er godt nytt for Yara. Som direktør Ole Enger utaler til DN: ”Dette betyr at det blir mer konkurranse om bøndenes avlinger. Bøndene tjener mer penger, og da kjøper de mer gjødsel…”

I den siste kvartalsrapporten sin uttaler dei seg slik om marknadsutsiktene:

  • Høge kornprisar fører til auka gjødselforbruk
  • Nye målsetjingar for biodrivstoff i USA og Europa fører til høgre produksjon
  • Positive globale marknadsautsikter reduserer fåren for overproduksjon
  • Betra marknad i Brasil
  • Strengare miljølovgjeving fører til auke i etterspurnaden etter industrivarer
  • Yara sine energikostnader vil minke grunna fall i oljeprisen


Som vi ser er det framleis nokre jokerar i spel..

For å minske risikoen er det avgjerande å få politikarane med på laget:

”Enger understreker at markedet for biobrensel ser spennende og lovende ut, men sier at utviklingen vil være avhengig av de politiske rammebetingelsene.”

Subsidiar med andre ord.

Som Energimann kommenterte: Følgjene av biodrivstoffsatsinga vil kome til ein matvarebutikk nær deg. Same kvar du bur i verda.

Elles er Norge kasta ned frå pallen som oljeeksportør. Vi er no nede på 5.plass. Men i følgje Petromagasinet er norsk sokkel i betring. Så då er vel det berre midlertidig.

6. feb. 2007

ASPO Norge



I det siste nyheitsbrevet frå ASPO er der to referansar til Norge. Det blir opplyst at ei underavdeling av ASPO er under skiping her i landet. Amund Prestegård, mannen bak filmen "Peak Oil, -Imposed By Nature" er initiativtakar, og ein ny nettstad www.asponorway.org skal vere oppe og gå i løpet av mars. Den lokale avdelinga vil stå for ASPO sin kongress i 2008, så då vil det vel bli noko publisitet om saka skulle ein tru..

Colin Campbell synest å ha tru på Ola Dunk:

"Life has not always been easy in the rugged terrain of Norway at the northern limits of Europe, but the hardships have bred a deep-seated sense of national and community co-operation which survives in the mindset despite the ravages of oil-based affluence. So Norway has much experience to offer in addressing the challenges of the post-Peak world."

For eigen del vil eg tilføye: Unfortunately these qualities now seem to be dwindling at an alarming pace...

Den andre referansen gjeld fusjonen mellom Statoil og Hydro, sett frå ein annan synsstad enn det som er vanleg i norsk presse.

Nyheitsbrevet les du her.

3. feb. 2007

"Simmons has sung.."


(Berre ei lita melding "utanom ruta")


Den store saka i dag var sjølvsagt rapporten til FN sitt klimapanel. For oss som er opptekne av energisituasjonen i verda, er desse to sakene vel det som på engelsk blir kalla "a double whammy".


Vår gamle ven Matt Simmons var nyleg på Bloomberg News og utalte at peak oil er her no. Tidlegare har han sagt at vi berre vil kunne fastslå dette gjennom å sjå i "bakspegelen", så dette var jo friske takter! Friskt var det også når han her uttaler seg om PO og GW, og kva merksemd som vil bli dei respektive til del i den næraste framtida.


Sjå innslaget her

29. jan. 2007

Reservar

Dei som les denne bloggen har fått med seg at peak oil handlar om oljestraumen("flow"), ikkje om kor mykje som er tilgjengeleg i form av reservar. Det har vore sagt at store reservar i form av tungolje og oljesand er som å vinne 10 millionar i lotto, berre med den klausulen at premien vert utbetalt med 10 kroner dagen...



Likevel blir ein ofte møtt med argumentet at reservane er store, og aukande. Fenomenet "reservevekst" kan skuldast tre forhold:


  1. Feilaktig rapportering i utgangspunktet. Særleg i tidlegare tider vart reservane rapporterte svært konservativt på grunn av reglar gjevne av det amerikanske kredittilsynet (SEC). For oljeselskapa var dette ein grei praksis, då dei etter å ha gjort eit stort funn kunne spreie den glade bodskapen over fleire år. Dette bidrog til å stabilisere aksjekursen og roe ned dei finansielle marknadene. Denne rapporteringa utifrå finansielle framfor geologiske forhold var altså lovpålagt og ikkje noko å klandre oljeselskapa for. Likevel er det greitt å vite om det..

  2. Auke i oljemengda i feltet. (Oil Initially In Place-OIIP) Dette kan skje gjennom oppdaging av større reservoar i tilknyting til feltet eller "satelittar" som let seg utvinne på grunn av at naudsynt infrastruktur er på plass.

  3. Auka utvinningsgrad. Dette skuldast teknologisk utvikling som gjer at ein kan utvinne ein større del av oljen som finst i feltet.

Reservar og reservevekst er storleikar som det er stor usemje om. Somme seier at dette er like mykje ei kunstform som vitskap. Kanskje er det nettopp difor at ein ofte ser at argument kring reservar vert nytta når "peak oil teorien" skal nedsablast.


CERA er eit firma som ofte er på banen for å avkrefte "peak oil-myten". Seinast no gjennom ein rapport ført i pennen av Peter Jackson: 'Why the "Peak Oil" Theory Falls Down - Myths, Legends, and the Future of Oil Resources. "


Diagrammet nedanfor viser kvar usemja mellom CERA og ASPO ligg:

Chris Skrebowski, redaktør i "Petroleum Review", har skrive eit ope brev til Peter Jackson. I dette brevet stiller han nokre spørsmål kring rapporten. Dette brevet finn du i omsett form på energikrise.no her.

Rapporten har elles blitt diskutert m.a. på The Oil Drum.

28. jan. 2007

Måndag er dagen


Mange av (dei få) lesarane til denne bloggen er ofte innom for å sjå om her er noko nytt å hente. Dei blir ikkje så reint sjeldan vonbrotne. For å gjere bloggen litt meir kundevenleg, kjem desse to meldingane:



  • Vi har difor bestemt at nye postar som oftast blir publisert på måndag. Ikkje at dette er skrive i stein, det kan godt kome noko nytt andre dagar også. Men altså oftast på måndagar.



  • Dersom du har ein RSS-lesar på maskina di, er dette adressa til RSS-straumen.

Det skal også vere ein RSS-straum frå kommentarane, men kvar i cyberspace den svevar, har det ikkje lukkast meg å finne ut... Kanskje er der ein "datafyndel" der ute som kan leie meg på rett veg?

22. des. 2006

Eit jule- og nyttårsbrev

Åtvaring: Dette er ein post som bryt fullstendig med dei faktabaserte postane til "Energimann". Dette er synsing i fri dressur, og dersom du ikkje har interesse av slikt, tek du juleferie før du les vidare..Konklusjonen på dette innlegget er at ein geologisk betinga topp i oljeutvinninga kan bli maskert av andre (økonomiske og geopolitiske) hendingar.

Energimann har synt oss at toppen (førebels?) er passert. På ”The Oil Drum” blir det som vanleg debattert, og vi som har følgt med ei tid kjenner posisjonane til deltakarane. Nokre er på linje med Energimann, medan nokre (dei fleste?) held seg kring 2010 i sine spådommar.
Som vanleg er det også usemje om kva ein skal rekne med, olje er som kjent ikkje berre olje:

-råolje + kondensat?
-råolje + kondensat + NGL?
-alle væsker?

Som vi lærte i forrige innlegg i bloggen, er det no berre ”annan energi i væskeform” som veks. Dette er m.a. etanol og biodiesel, og som kjent er det eit stort innslag av fossil brensle i desse. Dette medfører at energien blir bokført to gongar, og at ”annan energi i væskeform” tilfører verda mindre energi enn tala skulle tilseie.

La oss då gå utifrå at toppen er passert. Det har skjedd utan mykje fanfare, med eit unnatak for den meiningsberande bloggen ”Kveldssong for Hydrokarbonar”. Litt ”demand destruction” blant dei minst kjøpesterke i verda, og det humpar vidare som før.

Oljeutvinninga har gått ned, -og oppatt-, tidlegare blir det sagt. Dette er sjølvsagt rett, men dette har vore som følgje av resesjonar i økonomien. Den mest markante nedgangen skjedde kring 1980, då utvinninga minka kring 10%. Det gjekk 10 år før forbruket passerte toppåret 1979, og då var det klart for ei ny nedgangstid som heldt forbruket flatt nokre år.

Norge går no på økonomisk høggir. Det sedvanlege problemet med å skaffe nye arbeidsplassar, synest å vere avløyst av problemet med å skaffe ny arbeidskraft. Somme hevdar at vi har begge problema samstundes, utan at eg heilt skjønar korleis det kan gå til.. Prognosemakarane legg til grunn den situasjonen vi har akkurat no, og finn ut at det skal bli vanskeleg å skaffe seg snikkar i Romania dei neste ti åra. Arbeidskrafta vil trengast her på berget. På mitt lokale Byggsenter kunne dei fortelje at det no er ventetid på levering av trelast, sement og isolasjon.

At ikkje noko tre veks inn i himmelen, treng vi å bli minte på i slike tider. Om historia er nokon rettleiar, er det ikkje eit spørsmål om tilbakeslaget kjem, men når. Norske hushaldningar si gjeldseksponering er no historisk høg, ho overgår den kjende ”jappetida” på slutten av 80-åra. Sysselsetjinga i sektorar vi kan slutte å etterspørje om fem minutt aukar. Skulle ”rentevåpenet” bli brukt ligg det vel an til noko slakkare tider i dei fleste sektorar:





Korleis er så dei internasjonale utsiktene i økonomien? Mange meiner det er ein grunnleggande ubalanse her, der USA som vanleg spelar ei hovudrolle. Men denne gongen sit ikkje USA med ”the upper hand”, dei har no berre sin militære kapasitet som biletkort på handa. Ja sjølv denne blir det reist spørsmål ved, tidlegare utanriksminister i USA, Colin Powell, seier at dei amerikanske styrkane er i ferd med å bryte ryggen i Irak.

Underskota i handels- og budsjettbalansen i USA er galopperande:




Kor lenge vil Kina og andre asiatiske land halde fram med å betale for amerikanerane sitt forbruk? Bustadbobla i USA er i ferd med å sprekke:



Kinesarane kan rykkje teppet under føtene på amerikanarane kva dag som helst, dersom dei ser det i si interesse. Finansspekulasjonen når stadig nye høgder, marknadsverdien av hedge-fonda i USA har no passert 480 billionar dollar, 12 gongar verdien av verdøkonomien!


”Når USA nys, får resten av verda forkjøling” er eit uttrykk som har vore mykje nytta for å vise kor viktig amerikansk økonomi er for den globale. Dette er ei dårleg oversetjing av ”When the US sneezes, the rest of the world catches pneumonia”. ”Pneumonia” er etter det eg veit lungebetennelse, noko meir alvorleg enn virusinfeksjonar i øvre luftvegar. Kva diagnose kan verda vente seg dersom nyset i USA kjem som fylgje av meir eller mindre galopperande tæring?

No lyt eg prøve å samle trådane., og kome attende til (hovud)temaet for denne bloggen. Altså: Poenget med denne ”stream of consciousness” er at det er mange faktorar i den økonomiske og geopolitiske utviklinga som kan maskere det geologiske faktum ”peak oil”, og som kan gjere det til meir av eit akademisk studium for framtidige historikarar.

Diverre blir politiske avgjerder ofte ikkje tekne på grunnlag av rasjonell argumentasjon og faktakunnskap. Mange vituge menneske har nok måtte erkjenne at deira faktakunnskap har blitt parkert til fordel for makt- og realpolitikk. Det er vel liten grunn til å tru at dette vil endre seg med det første…

Under det noverande økonomiske regime er resesjon den einaste måten å spare energi på. Eit middels alvorleg ”økonomisk tilbakeslag” vil kunne utsetje konsekvensane av ein passert ”peak oil” kanskje så mykje som ti år.

Politisk og militær uro i dei fem sentrale oljeproduserande landa i Midt-Austen vil kunne skape ein reell situasjon der forhold ”above ground” får meir å seie for energitilførsla i verda enn dei geologiske forholda. Media vil nok helst fokusere på "det vi kan gjere noko med", -altså forholda "above ground".

Eg har til no ikkje tenkt å konvertere (frå ingenting) til Islam, og trur ikkje det blir meir aktuelt ettersom ”the blame game” verkeleg kjem i sving..

Her på bloggen er det stilt spørsmål om ”miljøomsyn” no blir brukt for å maskere det faktum(?) at vi har passert toppen av oljeproduksjonen. Klimatrugsmålet er reelt nok, men eit slikt konkret trugsmål synes ikkje å vere nok til at vi skal endre åtferda vår på noko meir enn kosmetisk vis. Mennesket overutnyttar sine ressursar på same vis som andre species, men trur at dei no er komne dit at dei sjølv kontrollerer naturen. ”Lavutslippsutvalget” seier at vi er ”off the hook” dersom vi nyttar ein prosent av bruttonasjonalproduktet på ymse avbøtande tiltak.

Trur dei det sjølv?

Eg trur ikkje at det ligg nokon konspirasjon for å løyne "peak oil". Snarare ei velvillig gryande erkjenning av at "noko" må gjerast, men at ein på grunn av økonomiske forhold er så makteslaus at det heile avgrensar seg til "miljøpolitiske" botsøvingar som knapt har symbolverdi.

Ein stor del av auken i norsk elektrisitetsforbruk vil dei neste åra gå til elektrifisering av sokkelen. Då kan vi i staden sende gass og olje direkte til utlandet for CO2-utslepp der. ”Miljøvinsten” vil bli utbygging av av nye 420 kv straumnett gjennom Hardanger og Vestlandet, import av kjerne- og kolkraft og oppretting av mobile gasskraftverk som kan gå på ”miljøvenleg” biodiesel.

Etter det eg kan sjå er den såkalla miljøkampen så røyklagt med alle slag tvilsame og vikarierande argument, at det er vanskeleg å sjå fast land framfor seg.

Eg har lenge meint at "peak oil" er det neste store. Men som du forstår er eg stadig mindre overtydd om at fenomenet vil få den plassen det fortener i offentleg ordskifte. Dette trass i overtydande faktadokumentasjon frå vår kjære energimann. Likevel har eg ei bøn om at han held fram med å vere eit lys i vintermørket!

God jul!

7. nov. 2006

Miljø, Bærekraft og Landcruising


”Bærekraftig utvikling” er eit uttrykk som går att i politiske miljø. Dette er også noko som alle er for, noko som vel skulle indikere at uttrykket er tømt for reelt innhald. Alle styrer med sitt slik dei gjorde før, no berre med prefikset ”bærekraftig”. Statoil og Hydro har stor suksess med å tøme olje- og gassbrønnane, men kan forsikre oss om at det dei driv med er bærekraftig. No er det ikkje tøming dei driv med heller, Eivind Reiten omtalar oljebransjen slik: ”Betydningen har blitt mange, mange ganger større enn hva man så på 80-tallet. Vi fant mer olje og gass, og utviklet ressursene raskere enn noen kunne drømt om….” (Til ”Upstream” 12.10.06). At utvikling her er det same som avvikling, blir ikkje omtalt. Alle leiarane i ”Big Oil” vel sine ord med stor omhu, og har vorte retteleg gode i eufemismer og omskrivingar.

Og så var det miljøet. Regjeringa gjer ein jobb for å skifte ut bilparken til ein som er ”miljøvenleg”. Dersom ein bil slepp ut mindre enn ca. 200g CO2/km har han visstnok rett til å få merkelappen ”miljøvenleg”. Dette verkar noko merkeleg på meg, er ikkje alle bilar meir eller mindre miljøuvenlege? Dersom mann og kone med høgt miljømedvit køyrer kvar sin ”miljøvenlege” bil, er dei kanskje miljøverstingar i forhold til naboen som held på sin eine gamle frå 1990?

Bio-drivstoff som etanol og biodiesel har fått merkelappar som ”miljøvenleg”, ”bærekraftig” og ”CO2-nøytral.” (Dei blir snart ikkje omtala utan at eit av desse adjektiva heng på, nesten som merkevarebyggaren Kjell Magne Bondevik som aldri brukte ordet ”gasskraftverk”, men derimot konsekvent ”sterkt forurensende gasskraftverk”).

Det er imidlertid problem knytt til bio-drivstoff også.

For det første er det mengda som kan produserast. Biologen Jeffrey Dukes ”har rekna på det” , og funne ut at det årlege energiforbruket frå fossile brensler tilsvarar naturen sin totale netto primærproduksjon i 400 år! Då seier det seg sjølv at bio-drivstoff ikkje kan bli noko ”løysing”, men i høgda eit lite bidrag.

Så gjeld det netto-energien frå etanol. Denne kan i dei gunstigaste tilfella (sukkerrør i Brasil) kome opp til ein stad mellom 1 og 2. I dei fleste tilfelle inneber etanolproduksjon eit energitap


At etanol-industrien i USA likevel tener gode pengar kan dei takke billeg olje- og gass samt enorme subsidiar for. Signaturen elgisolnedgang hadde i ein kommentar til ein post her i denne bloggen opplysningar om at subsidiane er så store at kostnadene ved å bygge eit brenneri var tilbakebetalte gjennom subsidiar i løpet av tre år!

Dei olje- og gassmengdene som går med til jordarbeiding, gjødsling, hausting og transport av råvarene har eg aldri sett nemnt i nokon CO2-rekneskap. Heller ikkje naturgassen som blir brukt i sprit-produksjonen. Å kalle det CO2-nøytralt trur eg i alle fall må vere ei tilsniking

Så er det dei etiske sidene. Vi er vel alle opplærde til å ete opp maten vår. Med dei prisane som har vore, har ein kunne brenne korn til oppvarming og kome betre ut av det enn ved bruk av pellets. Mange har likevel ei sperre ved det ”umoralske” i å brenne mat. Dersom ein derimot går den tapsbringande vegen om etanol og fyller det på tanken, er samanhengen blitt såpass uklar at det er heilt greitt. Ja, det har til og med fått heidersnemninga ”miljøvenleg”. Det blir om lag som dei som er mot slakting, men finn det akseptabelt berre kjøtet er passeleg oppstykka og pakka i plast…

Det etiske problemet er sjølvsagt at råstoff til etanol- og biodieselproduksjon fortrengjer annan jordbruksproduksjon. Det er omlag 800 millionar bilar i verda, og like mange menneske som svelt. Lester Brown har eit godt oversyn over kva denne storstilte satsinga på etanol vil føre til her.

Eit anna problem er måten råstoffa til bio-drivstoffet blir dyrka på. Her er det monokulturar som fører til øydelegging av jordsmonn, fjerning av regnskog med meir. Før kunne ein putte ein tiger på tanken, og no skal orangutangen same vegen...

Kornlagera er no på det lågaste sidan starten på 70-talet. Vår heimlege aksjestrateg Ivar Strompdal uttrykkjer i ein gjestekommentar i Dagens Næringsliv (berre på prent) uro for sterkt aukande kornprisar i tida som kjem: "Med kombinasjonen av en strukket tilbudsside og lave lagreligger forholdene til rette for en eksplosiv stigning i prisene hvis noe uforutsett skjer."

Biofuels? Biofools!

Elles har "juleskipet" sigla. Eit fascinerande symbol på vår tid.