
StatoilHydro si satsing på oljesand i Canada er på nytt i overskriftene. Då kan det vere greitt å ta ein titt på kva Rune Likvern har skrive om oljesanden her i dette innlegget.
I dag omtalar NRK oljesanden i (minst) to program: Søndagsavisa i P2 og i Søndagsrevyen.
Søndagsavisa si sending kan du nå herifrå. (første 15-20 minutta).
Dei to kommentatorane i studio er Dag Harald Claes (professor i statsvitskap) og Frederic Hauge (Bellona). Vi fekk av Claes stadfesta det vi veit frå før om hans posisjon når det gjeld "peak oil". Etter hans syn er oljesandsatsinga tvilsam fordi ho no krev ein pris på 40$/fatet, og dit ned kan prisen fort kome når nyare investeringar materialiserer seg i auka produksjon..
Frederic Hauge kom med sin versjon av ein gammal kjenning: "Steinalderen tok ikke slutt på grunn av stein, og oljealderen tar ikke slutt på grunn av mangel på hydrokarboner"...
Anar vi her ein liten reservasjon? Dersom oljealderen skal halde fram ved hjelp av kol, så er vi vel attende i kolalderen?
Som vi har nemnt tidlegare her på bloggen, har avtroppande sjef i Talisman (canadisk oljeselskap) Jim Buckee lita tru på oljesanden. Som han sa i Cork: "There are easier and better ways to make money". I staden ser han på denne satsinga som ei stadfesting av at peak oil er her.
Chris Skrebowski har også lita tru på noko vesentleg oppskalering av produksjonen frå oljesand. Dette pga. at ressursen ikkje er homogen: Dei beste områda inneheld 14% bitumen, men ein må ganske raskt over på område som berre inneheld 8%.
Kva blir nettoenergien frå dette? (også sett på bakgrunn av minkande naturgassreservar...)
Kvifor er så StatoilHydro i Athabasca?
Jeff Rubin er økonom i den canadiske banken CIBC og var også på ASPO6 i Cork. Eit av hans hovudpoeng var at oljesanden er eit av dei ytterst få områda som no er tilgjengelege for investeringar frå internasjonale oljeselskap. "Beggars can't be choosers"...
Hans andre hovudbodskap var sterkt fallande oljeeksport i tida som kjem. Sjå korleis han set ein støkk i programleiarane på CNBC her.