22. okt. 2007

Renessanse for atomkraft, -realisme eller utopi?

Etter kvart som forståinga for olje og gass som avgrensa ressursar aukar (90$/fatet hjelper…), blir atomkraft lansert som det som skal bringe oss ut av knipa. Spalting av uran frigjer store mengder energi, i storleiksorden 90 terajoule/kg. Dette er meir enn 2 millionar gonger så mykje som du frigjer ved brenning av 1 kg olje. Atomkrafta blir også av nokre sett på som løysinga på den globale oppvarminga. Det blir vidare hevda at to av dei viktigaste ankepunkta mot atomkraft, tryggleiken ved verka og lagringsproblematikken, no er løyste. Det som då skulle skilje oss frå ei løysing på energiproblema i verda, er å kome over (den irrasjonelle) frykta for atomkraft. Som det vert sagt: Det er skilnad på atombomber og sivil kjenekraft...

Også i Norge ser det ut til at satsing på atomkraft er i ferd med å få vind i segla. "Dagens Næringsliv" hadde 20.oktober eit større oppslag om (den lyse) framtida for denne energikjelda. Rett nok var det her for det meste snakk om thorium-kraftverk.

Men konvensjonell kjernekraft er altså avhengig av ein ikkje-fornybar ressurs: Uran.

Dei som ser på kjernekraft som løysinga, har framstilt uranreservane som rikelege i overskodeleg framtid. Jordskorpa inneheld store mengder uran, og skulle det minke her kan ein vende seg mot verdshava: Saltvatn inneheld uran i store mengder, sjølv om konsentrasjonen ikkje er så mykje å skryte av.

Er det så verkeleg ingen problem med uranforsyninga?

Frå fleire hald har det den siste tida blit stilt spørsmål om i kva grad uranutvinninga kan auke. Denne figuren frå nettstaden ”The Daily Reckoning” viser korleis etterspurnad og utvinning av uran kan utvikle seg:



Ein ser utifrå denne figuren at det allereie i 2014 vil bli eit solid underskot dersom Russland ikkje held fram med eksport av ”Highly Enriched Uranium”, det vil seie uran frå kjernefysiske våpen. Russland har avtale med USA(!) om eksport av 30 tonn HEU årleg fram til 2013, dette er nok til å dekke 50% av USA sitt forbruk. Sett på bakgrunn av den seinaste energi- og geopolitiske utviklinga i verda, er det liten grunn til å tru at Russland vil fornye denne avtalen.

John Busby har skrive ein artikkel om problema med uranforsyninga i verda. Artikkelen ”Atomkraft, -mye fra lite” er omsett til norsk og du finn han på energikrise.no. Den inneheld ein del faktaopplysningar om atomkraft som det er greitt for alle å kjenne til. Artikkelen konkluderer som figuren ovanfor med at utvinninga ikkje vil kunne halde tritt med etterspurnaden.

Nokre av hovudpoenga i artikkelen er:

  • Uranressursane i verda er samla i få land
  • Forbruket av uran i 2006 var ca. 65 000 tonn
  • Berre 40 000 tonn kjem frå primærproduksjon (gruvedrift)
  • USA får halvparten av uranet dei treng frå Russland (demonterte atomvåpen)
  • Primærutvinninga av uran går ned i dei fleste eksportland
  • Konsentrasjonen av uran i mykje av malmen som blir rekna som reservar er så låg at det er tvilsomt at han kan nyttast med netto energiutbyte
  • På bakgrunn av dette vil ekspansjon av kjernekraft vere umogeleg



Den tyske ”Energy Watch Group” har gjeve ut ein rapport om uranreservane i verda. Konklusjonen er den same: Der finst ikkje nok uranressursar for vidare utbygging av atomkraft:



På ASPO-konferansen i Cork, heldt Michael Dittmar frå CERN (det europeiske granskingsinstituttet for elementærpartikkelfysikk,kjernefysikk og kjernekjemi) eit innlegg. Han meinte at hovudspørsmålet for kjenekraftindustrien i dei neste åra vil bli om vi vil klare å utvinne nok uran. Problemet har vorte akutt sidan overfløyminga av den nye gruva Cigar Lake i Canada. Konklusjonen hans er at 5-10% av generatorkapasiteten vil måtte stengast ned i løpet av kort tid på grunn av drivstoffmangel dersom det ikkje skjer ein ”guddomeleg intervensjon”. Denne intervensjonen skulle då vere ei storstilt demontering av kjernevåpen.

Frankrike blir av mange sett på som ei suksesshistorie når det gjeld kjernekraft. Men i følgje avisa "Die Welt" har også den statlege storaktøren Areva aukande problem med å skaffe seg uran.

Nok ein gong verkar det utruleg nok som om dei som vil redde verda og dei som satsar milliardar ikkje har sett godt nok på det heilt grunnleggande:

Har vi energikjelder til å realisere våre storstilte planar?


3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. Vil berre leggje til at sjølv om det skulle vise seg å vere nok uran i verda, er det framleis usikkert om vi har nok atomreaktorar. Som kjent har atomreaktorar ei begrensa levetid. Og til tross for at ein del atomreaktorar i USA no får forlenga levetida til 60 år, pluss heftig nybygging i India og Kina, ligg vi bak skjema om vi skal klare å oppretthalde den noverande atomkraftkapasiteten.

Eg oppfordrar alle til å ta ein kikk på The UK Nuclear Cliff for å få illustrert poenget mitt.

Anonym sa...

Det hadde vore fint med ei 'oppklaring' av thorium-potensialet, som mange 'ser' som ei nærliggande og realistisk energigjelde her i landet. Det er nemnt i artikkelen, men ikkje omtala. Nettkjelde? på norsk?

Tomtønna sa...

Hallo anonym!

Eg veit ikkje mykje om atomkraft, korkje med uran eller thorium som grunnlag. Oljekrisa.no har ein bolk om atomkraft der ein kritisk kommentar frå "Nei til Atomvåpen" er publisert.

India har store reservar av thorium og aukande skort på energi. Dei har også store vitskaplege miljø, så det er vel der utviklinga vil skje..

I alle fall er det ingen ting som tyder på at slike verk kan vere i komersiell drift før om tidlegast 30 år.

Legg inn en kommentar