12. feb. 2007

Biodrivstoff treng næring


”Yara flyter på biodrivstoffbølgen” heiter det i Dagens Næringsliv sist laurdag. Kvifor det meir tabloide ”surfer” ikkje vart nytta, veit eg ikkje.

Yara er som kjent verdas største produsent av kunstgjødsel, eller mineralgjødsel som dei sjølve likar å kalle det.

No er det ”miljøvenleg biodrivstoff ” som er det hottaste på energifronten. Her i Europa blir dette sett på som eit svar på klimatrugsmålet, i USA er det eit steg på vegen for å bli uavhengig av importert energi. Som Energimann tydeleg viste oss i innlegget om Europa og energi, skulle den siste målsetjinga vere minst like aktuell for Europa som USA. Men i politiske krinsar ser det ut til at den komande energikrisa framleis er eit tabu.

Det verkar elles som hydrogen ikkje lenger er så salgbart som ”løysinga på framtidas energiutfordringar”. Både media og politikarar held no fram biodrivstoff som det neste store.

Her på bloggen har eg tidlegare uttalt ein viss skepsis kring biodrivstoff som løysing på noko som helst. Men at det gjev glimrande forretningsutsikter for Yara, er sikkert og visst.

Eg stiller meg også tvilande til klimagassrekneskapen for biodrivstoff. I tillegg til alle dei fossile innsatsfaktorane i produksjonen av denne, fører produksjon og bruk av nitrogengjødsel til auke i utsleppa av dinitrogenoksid, betre kjent som lystgass. Lystgass står for ni prosent av dei norske klimagassutsleppa. Etanol og lystgass høyrest i grunnen ut som ei festleg blanding, men kanskje ikkje i lengda..

I følgje IEA vil produksjonen av etanol og biodiesel meir enn doble seg til 2010 (frå 0,7 til 1,4 mb/d). Mellom anna på grunn av den sterke auken i etterspurnad etter biodrivstoff har prisane på mais, kveite og soya auka sterkt. Dette er godt nytt for Yara. Som direktør Ole Enger utaler til DN: ”Dette betyr at det blir mer konkurranse om bøndenes avlinger. Bøndene tjener mer penger, og da kjøper de mer gjødsel…”

I den siste kvartalsrapporten sin uttaler dei seg slik om marknadsutsiktene:

  • Høge kornprisar fører til auka gjødselforbruk
  • Nye målsetjingar for biodrivstoff i USA og Europa fører til høgre produksjon
  • Positive globale marknadsautsikter reduserer fåren for overproduksjon
  • Betra marknad i Brasil
  • Strengare miljølovgjeving fører til auke i etterspurnaden etter industrivarer
  • Yara sine energikostnader vil minke grunna fall i oljeprisen


Som vi ser er det framleis nokre jokerar i spel..

For å minske risikoen er det avgjerande å få politikarane med på laget:

”Enger understreker at markedet for biobrensel ser spennende og lovende ut, men sier at utviklingen vil være avhengig av de politiske rammebetingelsene.”

Subsidiar med andre ord.

Som Energimann kommenterte: Følgjene av biodrivstoffsatsinga vil kome til ein matvarebutikk nær deg. Same kvar du bur i verda.

Elles er Norge kasta ned frå pallen som oljeeksportør. Vi er no nede på 5.plass. Men i følgje Petromagasinet er norsk sokkel i betring. Så då er vel det berre midlertidig.

6. feb. 2007

ASPO Norge



I det siste nyheitsbrevet frå ASPO er der to referansar til Norge. Det blir opplyst at ei underavdeling av ASPO er under skiping her i landet. Amund Prestegård, mannen bak filmen "Peak Oil, -Imposed By Nature" er initiativtakar, og ein ny nettstad www.asponorway.org skal vere oppe og gå i løpet av mars. Den lokale avdelinga vil stå for ASPO sin kongress i 2008, så då vil det vel bli noko publisitet om saka skulle ein tru..

Colin Campbell synest å ha tru på Ola Dunk:

"Life has not always been easy in the rugged terrain of Norway at the northern limits of Europe, but the hardships have bred a deep-seated sense of national and community co-operation which survives in the mindset despite the ravages of oil-based affluence. So Norway has much experience to offer in addressing the challenges of the post-Peak world."

For eigen del vil eg tilføye: Unfortunately these qualities now seem to be dwindling at an alarming pace...

Den andre referansen gjeld fusjonen mellom Statoil og Hydro, sett frå ein annan synsstad enn det som er vanleg i norsk presse.

Nyheitsbrevet les du her.

3. feb. 2007

"Simmons has sung.."


(Berre ei lita melding "utanom ruta")


Den store saka i dag var sjølvsagt rapporten til FN sitt klimapanel. For oss som er opptekne av energisituasjonen i verda, er desse to sakene vel det som på engelsk blir kalla "a double whammy".


Vår gamle ven Matt Simmons var nyleg på Bloomberg News og utalte at peak oil er her no. Tidlegare har han sagt at vi berre vil kunne fastslå dette gjennom å sjå i "bakspegelen", så dette var jo friske takter! Friskt var det også når han her uttaler seg om PO og GW, og kva merksemd som vil bli dei respektive til del i den næraste framtida.


Sjå innslaget her