13. feb. 2006

Diskontinuitet


Frå Store Norske Leksikon:

diskontinuerlig
diskontinuerlig (av dis- og kontinuerlig), med brudd på sammenhengen, med sprangvis utvikling.

diskontinuerlig funksjon (mat.), se kontinuerlig.
diskontinuitet, manglende sammenheng; punkt der en funksjon er diskontinuerlig.

I debatten om "peak oil" er det eit hovudpoeng at dette er den største diskontinuiteten i moderne historie. Vi kjem over i ein ny epoke der det ikkje lenger er "business as usual" som gjeld. Her må det tenkjast i nye baner. Likefullt driv vi all vår planleggjing tufta på dette eine premisset:

Meir av det same. Helst mykje meir.
Slik at ein står der endå meir hjelpelaus når ein blir stilt til veggs av realitetane i naturen.

Menneska si evne til å sjå og planlegge for diskontinuitetar ser ut til å vere noko avgrensa. Å bruke ressursane våre til motorvegar og flyplassar slik som stoda no er, framstår for meg som reindyrka stupiditet. Men dersom ein skulle vere så frimodig at ein luftar slike synspunkt offentleg, blir ein som oftast møtt med overberande hovudristing. Mindre fly og meir jernbane inngår ikkje i den moderniteten som vi jo alle vil vere ein del av...


Og apropos fornuftig energibruk:
New York har hatt eit voldsomt snøfall. I moderne storbyar er det eit problem å bli kvitt snøen. Amerikanarane brukar difor den "geniale" metoden å smelte snøen ved hjelp av fossil brensle. Dei har snøsmeltingmaskiner som kan smelte meir enn 130 tonn snø i timen.

Dette verkar ikkje særleg framtidsretta på meg.

Men som så mykje anna vi driv med gjeld det vel at: "It seemed like a good idea at the time"



1 kommentar:

pegese3 sa...

À propos planlegging og visjonar:
I den siste rapporten frå World Watch Institute vert India og Kina, ikkje heilt utan grunn, framstilte som miljøverstingar. Dei er inne på ein veg som endar ein stad ingen ynskjer seg. Dette er ei hovudsak i dagens Vårt Land og miljøvernministeren vår, har fått høve til å uttale seg. Det går fram av intervjuet med henne at ho er bekymra, men ho finn trøyst i at Kina trass alt produserer meir energieffektive bilar enn USA ! At ein auka biltettleik, rett nok med energieffektive bilar, skal være løysinga på noko som helst, har eg vanskar med å sjå. 0,8 eller 0,6 liter på mila vil i alle høve ikkje utgjere den store skilnaden.
Det verkar som om samfunnsplanlegging kun går ut på å legge til rette for å halde fram som vi stemnar, men kanskje på ein litt meir energieffektiv måte (Kva ein no vil legge i det)

Las forresten i går at Kina, som for tida er i ferd med å forgifte dan nordlege halvkula med tungmetall frå kolkraftverka sine, (Gladmeldinga var at Kina har fått orden på energiforsyninga si) presterer å selje CO2-kvoter til Spania. Skal tru om dei hadde tenkt seg slike konsekvensar då dei gratulerte kvarandre med resultatet i Kyoto

Legg inn en kommentar