Likevel blir ein ofte møtt med argumentet at reservane er store, og aukande. Fenomenet "reservevekst" kan skuldast tre forhold:
- Feilaktig rapportering i utgangspunktet. Særleg i tidlegare tider vart reservane rapporterte svært konservativt på grunn av reglar gjevne av det amerikanske kredittilsynet (SEC). For oljeselskapa var dette ein grei praksis, då dei etter å ha gjort eit stort funn kunne spreie den glade bodskapen over fleire år. Dette bidrog til å stabilisere aksjekursen og roe ned dei finansielle marknadene. Denne rapporteringa utifrå finansielle framfor geologiske forhold var altså lovpålagt og ikkje noko å klandre oljeselskapa for. Likevel er det greitt å vite om det..
- Auke i oljemengda i feltet. (Oil Initially In Place-OIIP) Dette kan skje gjennom oppdaging av større reservoar i tilknyting til feltet eller "satelittar" som let seg utvinne på grunn av at naudsynt infrastruktur er på plass.
- Auka utvinningsgrad. Dette skuldast teknologisk utvikling som gjer at ein kan utvinne ein større del av oljen som finst i feltet.
Reservar og reservevekst er storleikar som det er stor usemje om. Somme seier at dette er like mykje ei kunstform som vitskap. Kanskje er det nettopp difor at ein ofte ser at argument kring reservar vert nytta når "peak oil teorien" skal nedsablast.
CERA er eit firma som ofte er på banen for å avkrefte "peak oil-myten". Seinast no gjennom ein rapport ført i pennen av Peter Jackson: 'Why the "Peak Oil" Theory Falls Down - Myths, Legends, and the Future of Oil Resources. "
Diagrammet nedanfor viser kvar usemja mellom CERA og ASPO ligg:
Chris Skrebowski, redaktør i "Petroleum Review", har skrive eit ope brev til Peter Jackson. I dette brevet stiller han nokre spørsmål kring rapporten. Dette brevet finn du i omsett form på energikrise.no her.
Rapporten har elles blitt diskutert m.a. på The Oil Drum.