23. mai 2006

Og nå...ANALYSE!


Oljemarknaden er for tida "volatil", den går to steg opp og eitt ned. Anten prisen går opp eller ned, sit det ekspertar klare for å forklare kvifor. Desse "analysene" får etter kvart eit preg av sjablongmessig repetitiv ordgyting. For å spare deg bryet med lese desse kvar gong, skal eg prøve å samanfatte hovupunkta her.

Prisen går opp:

  • Uventa store lagertrekk i USA
  • Det nærmar seg "køyresesongen" i USA
  • "Robust" økonomisk vekst i USA (og verda forøvrig)
  • Manglande raffinerikapasitet
  • Manglande (god)vilje i OPEC for å auke produksjonen
  • Lokal uro som hemmar oljeproduksjonen (Irak, Nigeria)
  • Større konflikter som lurer i horisonten (Iran)
  • Eit skeivt ord frå ein leiar i eit oljeproduserande land (Chavez..)
  • Spekulantar som kjøper aggressivt (m.a. Hedge-fond fulle av pensjonspengar...)
  • Manglande investeringar i oljesektoren etter billegsalet på olje i 90-åra
  • Dårlege vermeldingar (orkansesongen)
  • Kaldt ver
  • "Psykologi", "frykt" og generelt dårlege nervar

Prisen går ned:

  • Uventa stor lagerbygging i USA
  • Svakare økonomiske indikatorar, spesielt i USA.
  • Marknaden er godt forsynt med olje, det er lovmessig at prisen går mot eit meir "normalt" nivå. "The Fundamentals" tilseier jo ein pris på 40-45$ fatet...
  • Det ser ikkje ut til å bli nokon "præriebrann" (lokal-regional konflikt/krig) likevel
  • Varmt ver
  • Gevinstsikring hos spekulantar

Dette er det eg kjem på i farta. Eg har sikkert gløymt nokre moment, men dette er vel godt nok til å sikre meg ein godt betalt jobb som analytikar?

Eit døme på ein analytikar finn du no også i "blogosfæren", her er Arnstein Wigestrand i SEB Enskilda.

Heilt sidan oljeprisen starta å stig på alvor i 2004 har det raskt vore folk ute for å forsikre oss om at dette berre er forbigåande, Alan Greenspan var først ute med slike lovnader, men to år seinare er altså prisen gått endå 40% opp.

Dei som handlar olje legg inn "veddemål" på om prisen skal gå opp ("go long") eller ned ("go short"). Når alle veddar på at prisen skal opp, ja då går han opp. Etter kvart som prisen går opp blir det fleire og fleire som veddar på at han skal gå ned. Når desse "får overtaket", er dette eit sterkt signal om å selje. Saueflokken snur, og prisen går ned. "Traderane" har programvare i datamaskinene sine som fortel når dei skal kjøpe og selje, noko som forsterkar den rådande tendensen. Eit døme på den tvilsame sporten "teknisk analyse" kan du lese her. Etter å ha lest dette forstår du sikkert kvifor prisen skal ned. Så er det berre å ta ut sparepengane og sette i gang å handle, den første millionen er den tyngste å få inn.. (Men legg merke til fotnoten: "No responsibility can be accepted for losses that may result as a consequence of trading on the basis of this analysis." Her er forresten ein god animasjon over kva økonomar fordriv dagen med...teikn nokre kurver på biletet med musa!

Og når vi snakkar om veddemål: Det er ikkje lenger berre på obskure Peak Oil-sider du kan legge inn bod på kva oljeprisen blir i framtida. No kan du også gjere det hos Unibet...

Eg såg ein episode av doku-såpa "Oljeriket" frå NRK. Der sat det nokre traderar frå Statoil og tværa i dagesvis over nokre få cent fatet. Det var det ikkje særleg spenst over. No med 1-2 dollar i endring på ein dag, er det verkeleg om å gjere å halde tunga beint i munnen. Dei som kjøper og sel har sine glansdagar i ein volatil marknad. Her gjeld handelsmannen sitt credo til fulle: Kjøp billeg og sel dyrt! Dersom ein har litt volum, er det fort gjort å tene nokre millionar. Det er det sikkert mange som har gjort den siste tida. Det er vel unødvendig å spørje kven som betaler for moroa...

Som du sikkert har fått med deg, har det vore nokre raude dagar på børsane kring om i verda. Ein lokal fortåsegpåar sa at nedgangen på Oslo Børs skuldast at denne er ein oljebørs. Kursane følgjer oljeprisen. For andre børsar er det vel ein fordel at oljeprisen går ned, skulle ikkje det medverke til at dei gjekk opp? I februar fall oljeprisen frå nær 70 til 62$ fatet, børsen hadde ein nedgang på 10 poeng. Denne gongen var fallet i oljeprisen langt mindre, medan fallet på børsen var på 70 poeng. Så då må det vel vere på sin plass med ei litt meir samansett forklaring?

Så mange spørsmål...

Og til sist eit spørsmål til deg som er med i pyramidespelet på børsen:

Når du ser Meklar Smekk sitte der så tjukk og feit. Med hans "track record", er det ikkje litt i overkant å betale han skamlaust mykje for å gamble med dine pengar?

Men no er det heile over. Get real! Det var berre eit leikekrakk...

1 kommentar:

Anonym sa...

Berre eit par forslag til komplettering av lista over faktorar som påverkar oljeprisen:

Prisen går opp:
Vollevik tek seg ein tur på næraste bensinstasjon

Prisen går ned:
Vollevik kjøper elbil.

Legg inn en kommentar