Etter kvart som dei vitskaplege prova for ein komande topp i oljeutvinninga tårnar seg opp, er det ikkje meir enn rimeleg at "mainstream-media" også startar ei viss dekking av saka.
No har avisa The New York Times i ein leiarartikkel uttalt at peak oil "is almost certainly correct":
When President Bush declared in his 2006 State of the Union address that America must cure its "addiction to oil," he framed his case largely in terms of national security -- the need to liberate the country from of its dependence on volatile and in some cases hostile nations for much of its energy. He failed to mention two other good reasons to sober up. Both are at least as pressing as national security. One is global warming...
The second reason is just as unsettling, and is only starting to get the attention it deserves. The Age of Oil -- 100-plus years of astonishing economic growth made possible by cheap, abundant oil -- could be ending without our really being aware of it. Oil is a finite commodity. At some point even the vast reservoirs of Saudi Arabia will run dry. But before that happens there will come a day when oil production "peaks," when demand overtakes supply (and never looks back), resulting in large and possibly catastrophic price increases that could make today's $60-a-barrel oil look like chump change. Unless, of course, we begin to develop substitutes for oil. Or begin to live more abstemiously. Or both. The concept of peak oil has not been widely written about. But people are talking about it now. It deserves a careful look -- largely because it is almost certainly correct.
(Heile artikkelen er bak betalingsmuren..)
Mange folk vurderer opplysningar ikkje berre utifrå innhald, men (minst) like mykje utifrå kven som kjem med opplysningane. "Mainstream-media" er då det som vert kalla "autoritativt hald". Kanskje det at NYT no tek peak oil innover seg, kan føre til noko auka merksemd? Kanskje så mykje at dei styrande elitar (som heilt sikkert veit kva som skjer) vil måtte ta opp problemet offentleg?
I det same nummeret av NYT har Exxon (verdas største oljeselskap) ei annonse som slår fast at peak oil ikkje er i syne. (Teikninga på toppen teken frå denne..) Mot betre vitande? Her finn du ASPO-USA sin kommentar.
Stuart Staniford på The Oil Drum har ein post der han forklarar kvifor han trur "oljetoppen" er omtrent no. For dei som ikkje vil eller kan gå til kjelda, kjem det i kortversjon her:
- Det er mykje truleg at reservane som er rapportert av OPEC er overdrivne
- Oljeutvinninga i verda slutta å auke på slutten av 2004
- "Decline rates" (fall i produksjon) i eksisterande felt er høge
- Hubbert lineærisering peikar mot peak oil
- Minst eitt oljeselskap (Chevron) åtvarar oss
- Oljeprisen stig
- Der er ikkje prov på reservekapasitet i Saudi-Arabia
- Der er geopolitske og klimatiske trugsmål mot noverande utvinningstakt
Tidspuktet for peak oil kan berre slåast fast i ettertid, men eg er samd med Ken Deffeyes som uttalar: "Mi rolle som profet er over, eg er no historikar."